aktuelt

Kunnskapsministeren på landsmøtet

Kunnskapsminister Tonje Brenna fekk med seg eit nett med nynorske barnebøker då ho besøkte Mållagets landsmøte 1. april.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) besøkte Noregs Mållags landsmøte på Gardermoen fredag 1. april. 

– Det at det finst eit engasjement for språk, er enormt viktig, sa kunnskapsministeren frå talarstolen. 

– Språk er viktig, nynorsk er viktig og Noregs Mållag er ein viktig organisasjon for heile landet. Språket vårt er under press generelt, og det er særleg vanskeleg å vere nynorskelev fleire stadar i landet. 

Bevisstgjering

Brenna er oppteken av at norske elevar skal bli trygge språkbrukarar, som er bevisste på språkleg og kulturell identitet. På landsmøtet oppdaga minsiteren at ho og den nyvalde leiaren i Norsk Målungdom, Tobias Eikeland, er oppvaksne i same bydel i Oslo.

– Det er veldig viktig å få fleire unge til å bli som han, som er bevisst på kva språk vi brukar. 

Kunnskapsministeren håper at fagfornyinga i skulen kan bidra til andre samtalar og diskusjonar om språk enn tidlegare. 

– Eg håper engasjementet for spåk vil auke, at elevane kan undre seg over denne verda som språk eigentleg er. Det kjem også nynorsken til gode, meiner Brenna. 

Kunnskapsminister Tonje Brenna og nyvald leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christiansen Eikeland, under landsmøtet i 2022. Foto: Kristianne Marøy

Gode intensjonar

Når det gjeld den nye opplæringslova, ville ikkje ministeren seie så mykje. Forslaget til ny opplæringslov frå den førre regjeringa har vore ute på høyring, men er ikkje vedteken enno. 

– Men eg kan seie at eg har ingen intensjonar om å nedkjempe dei gode intensjonane som låg i den lova frå før, seier Brenna. 

Ho nemner språkdelt ungdomsskule som ein positiv del av den nye lova, som ho ynskjer å vidareføre, elles var det få løfte kunnskapsminister kom med.

Fortvilt rop frå rektorar

Kunnskapsministeren hadde tid til eit par spørsmål, og først ut var mållagsleiar Peder Lofnes Hauge. Han viste til ei undersøking som Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Nynorsksenteret nyleg gjennomførte, som viser at rektorar på nynorskskular ynskjer hjelp frå staten. Kvifor? Fordi nynorskelevar ikkje får den digitale skulekvardagen på nynorsk som dei har krav på. 

– Dette er eit fortvilt rop frå desse rektorane. Vil du svare desse rektorane på ein måte som vil gjere dei nøgde, spurde Hauge til spreidd latter frå salen. 

Brenna starta sitt svar med å understreke skilnaden mellom læremiddel og læringsressursar. 

– Læremidla er det faglæraren som bestemmer. Det er den pedagogiske fridomen som læraren har, og som eg meiner er bra. Der er det forlaga som har det store ansvaret for å sørgje for at læremiddel er tilgjengelege, svarte ministeren. 

Læringsressursar er svært vanskeleg å regulere, og Brenna ynskjer heller ikkje å gjere det. 

– Desse ressursane, som til dømes Faktisk.no, er noko som levandegjer undervisninga. Men det er sjølvsagt eit stort dilemma for oss som er opptekne av språk, for mykje er på engelsk. 

Kan ikkje påverke Google

Kunnskapsministern fekk òg spørsmål frå påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christiansen Eikeland, om Google, og kva som kan gjerast for å ansvarleggjere store, internasjonale selskap. Det hadde ikkje Brenna noko godt svar på. 

– Eg er einig i at det er ei stor utfordring. Men eg trur ikkje det hjelper om eg ringer til Google, svarte ho. 

Ane Landøy, leiar i Hordaland Mållag, var oppteken av at barnehagane, spesielt i nynorskområde, bør gje ungane språkstimulering på nynorsk, ikkje bokmål. Ho lurte på kva statsråden vil gjere for at barnehagelærarutdanninga skal gje studentane ei betre språkundervisning, slik at dei er godt rusta til å gje borna nynorsk språkstimulering gjennom song, rim, regler, forteljingar og bøker.

Stein-Ove Thon, leiar i ÅI og Hol Mållag, spurte kva ho ville gjere med tilgangen på nynorske læremiddel i opplæringa for vaksne innvandrarar.

Til begge desse spørsmåla synte ho vidare til minister for forsknings- og høgare utdanning, Ola Borten Moe, som har ansvar for begge desse politikkfelta.

– Kom gjerne med forslag, om de har gode idear, oppfordra ho.