Kva har eg rett på?

Svar på nokre spørsmål om retten til å nytta og møta nynorsk i Noreg.

Har eg rett til å skriva nynorsk på jobb?

Internt:

Det finst ikkje reglar som regulerer intern målbruk i arbeidslivet, verken i privat eller offentleg sektor. Det vil vera å strekkja styringsretten til arbeidsgjevar langt å nekta nokon å bruka sitt eige skriftspråk i internkommunikasjon, og det er vanskeleg å sjå nokon god motivasjon for det. Men det er ikkje noko klart ja- eller nei-svar på dette spørsmålet. 

Eksternt:

Om du jobbar i det private eller i kommunen, må du sjekka om det finst retningslinjer for målbruk, og kva dei i så fall går ut på. Der det ikkje finst retningslinjer, er det opp til arbeidsgjevaren din å avgjera målbruk overfor publikum. Om du jobbar i staten, er statsorganet ditt bunde av språklova og kan i tillegg ha interne reglar for korleis fordelinga mellom skriftspråka skal praktiserast. 

Har eg rett på å få informasjon på nynorsk som kunde eller brukar?

Staten:

Staten er bunden av reglar for målbruk gjennom språklova. Statsorgan skal svara deg på nynorsk så sant du har vendt deg til dei på nynorsk fyrst. Frå staten har du òg rett til å få skjema og faste formular på ditt eige språk. Hugs òg å registrera deg i Kontakt- og reservasjonsregisteret, der statsorgan kan henta informasjon om språkønske. Du finn meir informasjon om språklova hjå Språkrådet.

Kommune og fylkeskommune:

Kommunar og fylkeskommunar er til ein viss grad bundne av reglar for målbruk. Fylkeskommunar skal svara deg på nynorsk så sant du har vendt deg til dei på nynorsk fyrst. Les Språkrådet sin gjennomgang av språklova for kva reglar som gjeld for kommunane og fylkeskommunane. Dersom kommunen har gjort ei eige språkvedtak, kan dette brukast også i korrespondanse med einskildpersonar.

Privat næringsliv:

Det private næringslivet er ikkje bunde av reglar for målbruk. Private føretak kan dermed avgjere målbruken sin sjølv.