aktuelt

Kva skal Noregs Mållag arbeide med dei neste fire åra?

Kvart fjerde år vedtek Noregs Mållag nytt arbeidsprogram. På landsmøtet i april skal organisasjonen samle seg om eit nytt program for 2022–2026. No har du sjansen til å påverke kva me skal arbeide med.

Dokumentet er viktig, og arbeidsprogramnemnda ynskjer seg så mange innspel som mogeleg, om både smått og stort. Me vonar også at lokallaga våre brukar årsmøta sine til ordskifte om programmet.

Fyrsteutkastet er klart til høyring. Høyringa er open for alle, og høyringsfristen er 22. november 2021.

Klikk her for å laste ned arbeidsprogrammet

Landsmøtet i 2022 skal også vedta nytt prinsipprogram, etter at det blei utsett frå landsmøtet i 2020. Prinsipprogrammet er grunnlaget for arbeidet til Noregs Mållag, og det er også mogeleg å kome med innspel til det før 22. november.

Klikk her for å laste ned prinsipprogrammet

Send innspel og endringsframlegg til framlegg@nm.no

Har du spørsmål, kontakt nemndsleiar Synnøve Marie Sætre på synnove.setre@nm.no eller 92 69 53 30.

Klikk her for å lese om arbeidsprogramnemnda og tidsplanen for arbeidet.