aktuelt

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Foto: Kristianne Marøy

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er avgjerande både for at framtidige nynorskelevar får ei god opplæring og for at ein skal kunne oppnå ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

I november lanserte Språkrådet ein rapport om norsk, og særleg nynorsk, i lærarutdanningane. Rapporten slår fast at lærarstudentar utan norsk i fagkrinsen som skal bli lærarar og som ikkje tek utdanning innanfor norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin i løpet av utdanninga.

Rapporten viser òg at fleirtalet av uteksaminerte lærarstudentar har utdanninga si frå lektorutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dette er utdanningar der rammeplanen, i motsetnad til grunnskulelærarutdanningane, ikkje stiller krav om nynorskkompetanse hjå studentane. Resultatet er at nynorskelevane som skal ha opplæring på skriftspråket sitt i alle fag, får nyutdanna lærarar som ikkje er trygge i å skrive eller undervise på nynorsk.

Mållaget har gjennom mange år peika på at utdanningsinstitusjonane må gje lærarstudentane ei betre opplæring i nynorsk. Dei må òg få opplæring i nynorskdidaktikk, det å lære korleis dei kan lære elevane nynorsk.

Det blir ei viktig oppgåve for Oddmund Hoel (Sp) å få dette på plass. Den nye statsråden for forsking og høgare utdanning har brei kunnskap om feltet og bør bruke både kunnskapen og styringsretten sin til saman med lærarutdanningane å sørgje for betre nynorskopplæring av lærarstudentane. 

Mållaget meiner at:
– Norsk må vere obligatorisk fag på grunnskulelærarutdanninga 5–10.
– Rammeplanane for PPU og lektorutdanningane òg må stille krav til studentane sin nynorskkompetanse.

– Det må innførast ein nasjonal deleksamen i norsk i lektorutdanningane.

– Reglane for fritak frå sidemål i lærerutdanningene må strammast inn.
– Utdanningsinstitusjonar må sikre at lærarstudentar utan norsk i fagkrinsen vert rusta til å undervise på nynorsk.
– Nynorskdidaktikk må vere ein del av lærarstudentane si utdanning.

– Universitets- og høgskolerådet som rådgjevande organ lyt stilla krav til nynorskkompetanse i dei nasjonale retningslinjene til lærarutdanningane.
– Det må kome fleire tilbod om etterutdanning i nynorskdidaktikk

– Utdanningsinstitusjonane må synleggjere nynorsk på studiestadane.