aktuelt

Læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt distriktstiltak og eit godt integreringstiltak, skriv Peder Lofnes Hauge, Olav Opsvik, Svein Olav Langåker og Synnøve Marie Sætre.

Det er eit skrikande behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar. Det viser ei undersøking Nynorskkommunane – LNK har gjort blant dei 85 medlemskommunane våre.

Det er ni år sidan sist det vart løyvt midlar til læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar over statsbudsjettet. Me har ein offisiell norsk språkpolitikk og ei språklov som seier at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk på alle samfunnsområde. På dette feltet har nynorsk vore nedprioritert for lenge, og det er på høg tid å gjera noko med det.

No ber ei samla nynorskrørsle i Nynorsk Forum om at SV og regjeringspartia skal få på plass ei støtte til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar. Det vil Noreg tena på.

I mange kommunar er det slik at vaksne innvandrarar lærer bokmål i vaksenopplæringa, medan borna deira lærer nynorsk på skulen. Det er opplagt at det ikkje bidreg til god språkopplæring at dei lærer ulike språk og ikkje kan dra nytte av kvarandre i innlæringa.

Språk og integrering heng tett saman. Det er ein stor fordel å læra språket som blir brukt der du bur, og mange stader er det å læra nynorsk i vaksenopplæringa også ein enklare inngang til det lokale talemålet. Forsking viser at innvandrarar som brukar det lokale språket vert meir positivt mottekne både i lokalmiljøet og til dømes i jobbintervju. Den siste rapporten frå IMDi om korleis det står til med integreringa i Noreg peikar på at fleire blir buande i kommunen dei fyrst vert busette i. Då er det særleg viktig å leggja til rette for at kommunane kan ta imot vaksne innvandrarar med det språket dei skal møta i den nye kvardagen sin og rusta dei til framtidig arbeid i kommunen.

Når me ser på kommunane som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa, så viser tal frå SSB i 2020 at eit snitt på 62 prosent av innvandrarane i desse kommunane hadde fått seg jobb eller tok utdanning, eitt år etter fullført introduksjonsprogram. Det er 12 prosentpoeng meir enn snittet for kommunane.

Det er framleis mange nynorskkommunar som ikkje tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa, og det er særleg læremiddelsituasjonen som blir trekt fram som årsak til det. Når det ikkje blir løyvt midlar til læremiddel på nynorsk, blir det krevjande å driva opplæring på nynorsk. Marknaden er for liten til at forlaga gjer dette sjølv. I store delar av vaksenopplæringa gjeld ikkje Opplæringslova og kravet om parallellutgåver på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris, slik det gjer i resten av skuleverket.

Det skjer mange endringar på feltet no med både nye læreplanar og overgang til modulbasert opplæring. Det gjer det endå viktigare at det vert blir utvikla nye læremiddel no, og då må det koma midlar til det.

Etterslepet er allereie enormt, og me kan ikkje la det bli større.

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Olav Opsvik, direktør hjå Nynorsk kultursentrum
Svein Olav Langåker, dagleg leiar hjå Nynorskkommunane – LNK
Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag