aktuelt

Landsmøte i Målungdomen

– Tusen takk for innsatsen de legg ned for den største nasjonalskatten vi har, sa Peder Lofnes Hauge, til Norsk Målungdom som er samla til landsmøte i Bergen denne helga.

I dag var det Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, sin tur å helse landsmøtet i Norsk Målungdom. Han vart helst velkomen av Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom.

Peder Lofnes Hauge la vekt på kor viktig målungdomane er for nynorsken og målrørsla. Dette er heile helsingstala til landsmøtet:

Gode landsmøtelyd,
Takk for at eg får helse til dykk i dag, og tusen takk for innsatsen de legg ned for den største nasjonalskatten vi har: Nynorsken og dei norske dialektane. Når nyvald leiar i Katten Målungdom denne veka stod Vestlandsrevyen og snakka om hjartespråket, samanhengen mellom dialekten sin og det nynorske skriftspråket, og den uhaldbare digitale skulekvardagen nynorskelevane har, så viste han med lyd og levande bilete at målungdomen er nynorsken sine flinke fotsoldatar. Fotsoldatar som reiser land og strand, skipar lokallag og snakkar til og med norske elevar. Som passar på at elevrettar ikkje blir trampa på, at eksamen kjem på nynorsk og at lærebøker finst også på nynorsk.

Når Norsk Målungdom møter i mållaget sine organ, har de jamt over held dei beste, mest engasjerande og beste innlegga, så viser de at framtida for både målrørsla og nynorsken er lys. Når Frida møter i styret i Noregs Mållag kan de vere trygge på at ho forvaltar den politiske krafta Norsk Målungdom er og skal vere på ein glitrande måte. Og i det stille er det så mange timar med frivillig organisasjonsarbeid som ingen ser, men som er heilt avgjerande for den norske målreisinga, og de skal de ha all mogleg takk for.

Målungdomen trengst kanskje meir enn nokon sinne. Det store internettet snur opp-ned på skulekvardagen, og Stortinget skal snart handsame og vedta ei ny opplæringslov. Ho  sikre at nynorskelevane får ei fullverdig lese- og skriveopplæring, sjølv om meir og meir skjer på nettbrett og datamaskiner. I dag tapar nynorsken på at penn og papir blir bytta ut med PC og padde. Den nye lova må styrkje nynorsken – og styresmaktene bør lytte til dei som har best og nærast kontakt med røynslene ute i dei nynorske klasseromma: Norsk Målungdom.

2022 er eit historisk år.
Første januar i år tredde den nye språklova i kraft, og for første gong er det lovfesta at det offentlege har eit «særleg ansvar for å fremje nynorsken». Dette opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie, og må bety eit taktskifte i norsk språkpolitisk tenking. No må vi gå frå formell til reell jamstelling mellom bokmål og nynorsk. Skal vi lukkast med det må vi ha mange, målretta og offensive tiltak som aktivt favoriserer og nettopp «fremjer nynorsken». Det er berre slik vi kan jamne ut tilhøvet mellom språka i eit samfunn som altfor lenge har favorisert bokmålet. Eg gler meg til å sjå fleire av dykk på landsmøte i mållaget om eit par veker. Då skal Noregs Mållag vedta både nytt prinsipprogram og nytt arbeidsprogram. Med rekordmange medlemer i ryggen skal vi rette ryggen og meisle ut ein politikk for framtida.

Vi skal vise veg for vidare vekst og vinning for nynorsken. Og blir eg attvald som leiar i mållaget ser eg fram til å samarbeide tett med Norsk Målungdom også dei neste to åra.

Lukke til med resten av landsmøtet. Takk for merksemda!