aktuelt

Landsmøte i Noregs Mållag: Vil vekse seg større og krev nynorsk inn i Grunnlova

Foto: Kristianne Marøy

Kravet om å grunnlovfeste norsk språk og jamstillinga mellom nynorsk og bokmål stod sentralt då Noregs Mållag var samla til landsmøte i Trondheim i helga.

– For Mållaget er det viktig at jamstillinga mellom nynorsk og bokmål blir sikra i Noregs viktigaste lov,  seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge. 

Han vart sundag attvald som leiar i ein organisasjon som dei siste åra har hatt stor medlemsauke. I landsmøtetalen slo han fast at Noregs Mållag går for vidare vekst, og lanserte eit mål om å bli 16 000 medlemer i løpet av året.

– Medlemsauke er viktig i seg sjølv, og gjev oss større økonomiske musklar. Dessutan gjev det oss høve til å setje meir makt bak dei politiske krava våre. No skal vi veksle inn medlemsauke i politiske gjennomslag, som å få nynorsk inn i Grunnlova, seier Peder Lofnes Hauge.

Live Havro Bjørnstad vart vald til ny nestleiar. Ho er frå Voss og bur i Bergen der ho jobbar på skulebiblioteket på Bergen katedralskole. 

Ifølgje den nye opplæringslova skal alle fylkeskommunar vedta undervisningsspråk for dei vidaregåande skulane sine. Live Havro Bjørnstad fryktar dette vil gå utover nynorskelevar og lærarar.  

– Dette må Stortinget rydde opp i så snart som råd. Vi kan ikkje ha ei opplæringslov som fører til mindre nynorskbruk, slår den nye nestleiaren fast. 

Resten av det nye styret ser slik ut: 

Espen Tørset (44) bur i Orkland, Kjetil Aasen (46) bur i Oslo, Gunnhild Skjold (28) bur i Tromsø, Monika Haanes Waagan (55) bur i Herøy og leiar i Norsk Målungdom Sebastian Natvik (20) bur i Oslo.

1. vara: Synnøve Marie Sætre (34) bur i Ørsta, 2. vara: Tommy Tverdal (29) bur i Vennesla, 3. vara: Silje Nathalie Luvåsen (31) bur i Oslo og 4. vara: Jorunn Simonsen Thingnes (33) bur i Sogndal og er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

Bilete frå landsmøte: https://www.flickr.com/photos/27517726@N07/albums/ 

Heimesidene til Noregs Mållag: https://www.nm.no/ 

For meir informasjon:
Peder Lofnes Hauge, attvald leiar i Noregs Mållag, 951 22 689, e-post: peder.hauge@nm.no
Live Havro Bjørnstad, nyvald nestleiar i Noregs Mållag, 917 53 937, e-post: live.bjornstad@nm.no