aktuelt

Landsmøtehelg

I helga er mållaget samla digitalt til det 101. landsmøtet i Noregs Mållag. Alle som vil, er velkomne til å følgja møtet.

– Dette blir nytt og spennande, men vi kjenner oss trygge på at vi skal få til eit godt landsmøte under dei rådande omstenda, seier Synnøve Marie Sætre, nestleiar i Noregs Mållag. Saman med leiar Peder Lofnes Hauge ønskjer ho velkomen til møte, som blir sendt frå Sola i Rogaland.

Mållaget har hatt god auke i medlemstalet den siste tida, og det er viktig i arbeidet som skal skje frametter.

– Vi skal jobba opp mot Stortinget for ei betre språklov og opp mot regjeringa for ei betre opplæringslov. Det må bli enklare å vera nynorskbrukar i Noreg, og då spelar begge desse lovene ei avgjerande rolle.

Det er stor interesse for møtet. Det er 154 utsendingar som er påmelde til møtet, og dei sit framfor kva sin skjerm rundtom i landet.

– Alle utsendingane har hatt høve til å testa løysinga før møtet. Vi har også god teknisk hjelp, så vi kjenner oss godt budde før møtet, seier Synnøve Marie Sætre.

Landsmøtet blir sendt som ei fjernsynssending, og sendinga er open for alle som vil sjå. Utsendingane er logga inn for å ha høve til å røysta og ta ordet.

Sjå program for landsmøtet og lenkje til innlogging.