aktuelt

Lat Språkrådet vera Språkrådet

Lat Språkrådet vera Språkrådet, meiner Live Havro Bjørnstad, nestleiar, Gro Morken Endresen, dagleg leiar og Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Kristianne Marøy)

Landsmøtet i Mållaget er svært uroa for at ei samanslåing vil svekkja Språkrådet og vera til hinder for ei forståing av at språkarbeid er viktig på alle samfunnsområde. 

Kulturdepartementet har sett i gang ei utgreiing om å slå Språkrådet saman med mellom anna Filminstituttet og Kulturdirektoratet. Landsmøtet i Noregs Mållag meiner ei slik samanslåing vil vera svært uheldig for norsk språk. 

Språkrådet ligg under Kulturdepartementet, men det viktige arbeidet Språkrådet gjer, er på tvers av alle sektorar og strekkjer seg langt utover kulturfeltet. Landsmøtet i Mållaget er svært uroa for at ei samanslåing vil svekkja Språkrådet og vera til hinder for ei forståing av at språkarbeid er viktig på alle samfunnsområde. 

Språkrådet forvaltar språket og utøver statens språkpolitikk, og norsk språkpolitikk er tydeleg på at nynorsk må fremjast på alle samfunnsområde. Nynorsk står etter måten sterkt i kulturlivet, og den viktigaste innsatsen trengst på mange andre område, som i skule og barnehagar, lærarutdanningane, i akademia, i næringslivet og i offentleg forvaltning. For å få til det, er det behov for eit sterkt og sjølvstendig språkråd. 

Noregs Mållag kan vanskeleg sjå at eit stort kulturdirektorat vil vere den rette institusjonen for å fremja norsk språk, og særleg nynorsk, på samfunnsområde som ligg langt unna den tradisjonelle kultursektoren. Vi treng at Språkrådet kan tala med den faglege og politiske autoriteten som eit sjølvstendig statleg forvaltningsorgan i språksaker har. Det er enklare for ein direktør i eit sjølvstendig språkråd å nå fram til allmenta enn for ein avdelingsleiar i eit større kulturdirektorat som primært driv med andre ting enn språkforvaltning og utøving av statens språkpolitikk.

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner difor at Språkrådet må halda fram som eit sjølvstendig statleg forvaltningsorgan med eit tydeleg ansvar for norsk språkpolitikk. Skal vi nå dei språkpolitiske målsetnadane Noreg har sett seg, er det behov for meir språkpolitisk kraft – ikkje mindre. Språkrådet må få arbeida fritt på vegner av heile det norske språksamfunnet. Lat Språkrådet vera Språkrådet.