aktuelt

Leiartale ved avslutninga

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, avslutta landsmøtet med desse orda.

Gode landsmøte,

takk for ei godt gjennomført digital møtehelg. Eit historisk landsmøte er straks historie. Det 101. landsmøtet i Noregs Mållag blei det første digitale – og det gjekk bra!

Takk til dei tilsette på skrivarstova, og alle som har lagt ned ein enorm frivillig innsats i framkant av og gjennom helga. Ei særleg takk til Odin Hørthe Omdal som har hatt det tekniske ansvaret og saman med bror Falke og far Skjalg har sørgt for at dette har blitt ein verkeleg flott digital produksjon.

Takk til alle delegatane for gode ordskifte og vedtak. Takk for at du brukar tida di på Noregs Mållag.

*

Det er snart tid for å logge av landsmøtet. Men vi kan aldri logge av målstriden – vi har nok å ta tak i.

Dei største nasjonale politiske prosessane vi skal dra i land i tida som kjem, er den nye språklova som Stortinget skal handsame no i haust, og den nye opplæringslova. Språklova skal sikre norsk som samfunnsberande språk på alle område i samfunnet – og ho slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte av dei to offisielle skriftspråka. Diverre står ikkje resten av paragrafane heilt i stil med føremålet i lova.

Stortinget må rydde i lova dersom ho skal bli det løftet for nynorsken som vi har håpa på. Dei må slå fast at tilsette i staten – som er til for heile landet – framleis skal måtte kunne skrive heile det norske språket. Fylkeskommunane må få strengare språkreglar, og brot på lova må få sanksjonar. Ingen skal fortelje meg at det er urimeleg å vente seg at staten følgjer staten sine eigne språkreglar.

Som eg sa i går: Ei minst like viktig språklov er den nye opplæringslova. Eg forventar at Guri Melby og regjeringa tar med seg krava frå denne møtelyden og kjem med ei opplæringslov som gjev sårbare nynorskelevar ei betre lese- og skriveopplæring og ein betre skulekvardag.

Nynorskelevane må få gå i eigne klasser også på ungdomsskulen, og dei må få den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel som bokmålselevane. I dag fløymer norske klasserom over av digitale læremiddel på bokmål. Det er i praksis fritt fram. Makta over norsk språkutvikling skal ligge i nasjonalforsamlinga og ikkje hos multinasjonale teknologi-gigantar i California. Stortinget må ta ansvar.

Jamstilling mellom nynorsk og bokmål har lenge vore eit politisk mål. Men jamstillinga er ikkje reell – og eit rekordstort Noregs Mållag bør kvesse knivane og auke ambisjonsnivået. Vi må rett og slett krevje meir.

Skal vi lukkast, er vi avhengige av å dra lasset saman. Sentrallekken må spele på og med lokallaga og utnytte at vi er ei stor og brei folkerørsle. Verken lokale eller sentrale styresmakter bør undervurdere den mobiliserande krafta frå tusenvis av mållagsaktivistar. Kanskje særleg i opplæringsspørsmål spelar lokallaga ei viktig rolle. De er tett på klasseromma, skulane og kommunestyra. De har kanskje ein son som ikkje får lærebøkene sine på nynorsk, eller ei dotter som blir plassert i ei språkblanda klasse. Den jobben som mållaga gjer lokalt med å kartleggje stoda, er uvurderleg.

Formell likestilling og likehandsaming er ikkje godt nok, så lenge det ikkje er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar. Eg håpar at føremålsparagrafen i den nye språklova kan markere eit vegskilje i norsk språkpolitikk: Språkpolitikken må bli asymmetrisk. Han må aktivt forskjellsbehandle nynorsken i positiv forstand, og nynorsken må få rettar og reglar som ikkje gjeld for bokmålet. Berre slik kan vi kome nærare målet om ei reell jamstilling.

Er dette urimeleg? Nei. På ingen måte. Det er vi som må leve med asymmetri i praksis – i våre altfor bokmålsdominerte kvardagar.

*

Då vi var samla til landsmøte sist, i Vinje i 2018, vedtok vi eit omfattande arbeidsprogram. Magne Aasbrenn gjorde godt greie for korleis styret og resten av organisasjonen har arbeidd med dette dei siste to åra. Vi må heile tida prioritere tida og ressursane våre slik at vi får gjort mest mogleg effektivt målarbeid. Arbeidsprogrammet er både ei politisk programerklæring og ein kontrakt mellom landsmøtet og styret.

Sjølv om det er lett å bli fanga av kvardagen, er det avgjerande at vi lar programmet og hovudprioriteringane vere førande for arbeidet vårt. Dei fem viktigaste tinga landsmøtet på Vinje bad oss arbeide med, er:

1) Den digitale skulekvardagen skal vere nynorsk.
2) Nynorsken skal tene på omorganiseringa av det offentlege Noreg.
3) Barn og unge skal møte nynorsk i heile utdanningsløpet – frå barnehage til akademia.
4) Noreg må sikre språkleg jamstelt teknologi, og
5) Noregs Mållag skal bli ein sterkare politisk organisasjon.

Eg skal gjere mitt for at vi lukkast, og eg er glad for at eg har med meg så mange flinke målfolk på laget. Eg trur og håpar eg kan klare å vere ein synleg leiar av mållaget – ein som viser fram Noregs Mållag som ein moderne og profesjonell organisasjon. Vi skal vere harde mot dei harde og ikkje finne oss i å måtte stå med lua i handa. Vi skal krevje vår rett og vel så det, men vi skal gjere det med glimt i auga. Det trur eg tener saka.

Alt for ofte blir vi pressa opp i eit hjørne – med ryggen mot veggen – i forsvarsposisjon. Då ser vi svakare ut enn vi er. For mållaget er ikkje svakt. Mållaget er ein sterk organisasjon – og vi blir stadig sterkare. Vi blir fleire og fleire røyster som arbeider for det same målet.

Det er få ting som er så kjekt som å setje medlemsrekordar. Dei siste tre åra har mållaget hatt over 13 000 medlemmer. Det er 3000 fleire enn for ti år sidan. Medlemstalet i 2019 var det høgste på tretti år – og no er vi på god veg mot vårt neste vervemål: 14 000 medlemmer.

Vi ser at store saker som ny læreplan og ny språklov engasjerer og fører til medlemsauke. Vi tar hjarteleg imot alle som vil vere med på vinnarlaget. Har du hugsa å spørje ein ven om han eller ho vil bli medlem i det siste? Ofte er det ikkje meir som skal til.

*

Av og til føler eg målsaka er som å spele eit terningbasert brettspel der ein skal kome seg frå eitt punkt til eit anna, sjølv om det sjølvsagt ikkje er slump og flaks, men systematisk målarbeid som driv oss framover på brettet. Like fort som vi flyttar brikka fram fire felt, så rykker vi tilbake to.

Den eine dagen blir verdas største nynorskkommune Ålesund etablert, rykk fire felt fram, men den andre dagen slår regjeringa saman halvårskarakterane i skriftleg sidemål og hovudmål. Rykk to felt tilbake.

Den eine dagen får nynorskinstitusjonane millionar i statsbudsjettet, men den andre dagen sit dei same styresmaktene og lèt att auga for openberre brot på opplæringslova dei sjølv har vedtatt, anten det gjeld ulovleg klasseblanding eller læremiddel som berre finst på bokmål.

Har nynorsken framgang eller er han på vikande front? Det kjem kanskje an på kven som spør, kvar i landet spørsmålet blir stilt – og kor stort tidsvindauge det er snakk om. Kanskje er svaret litt begge delar på same tid. Men det som uansett er heva over tvil, er at nynorsk er eit livskraftig bruksspråk som passar til absolutt alt overalt – og Noregs Mållag ser berre framover – akkurat som i eit brettspel.

Om Unge Høgre-populistar går til åtak på sidemålsordninga og det kjennest som om vi må flytte brikka tre felt tilbake – så er det vår jobb å sørge for at brikka raskt blir flytta framover mot målet igjen.

Om vi taper eitt og anna slag, så skal vi vinne krigen. Heldigvis vinn vi også små og store sigrar kvar dag.

*

Sjølv om talet på nynorskelevar i skulen har gått ned, så misser eg ikkje motet av den grunn. Vi skal sørge for at flest mogleg nordmenn får fridomen som ligg i å lære seg nynorsk. Berre slik får dei ta del i heile den norskspråklege fellesarenaen.

Då må alle få systematisk og god opplæring i skulen, og borgarane sine grunnleggjande språkrettar må respekterast. Alle må få sjå og møte meir nynorsk rundt seg – på alle område i samfunnet.

Den demokratiske grunntanken om at nasjonen Noreg fortener eit eige språk basert på dei norske dialektane, gjer nynorsk til eitt av dei største fridomsprosjekta i soga om Noreg. Så må vonde tunger gjerne karakterisere det som språktvang at alle skal få lære det i skulen. men fridomen til å kunne skrive nynorsk resten av livet er opplagt viktigare enn den falske fridomen til å kunne velje det vekk i nokre få formative tenår. Opplæring og eksponering gjev kunnskap og kompetanse.

Med kunnskap og kompetanse blir haldningane betre og motstanden mindre.

*
Ein stad nynorsken verkeleg har hatt vind i segla dei siste åra, er i dei store byane.

Det har blåse ein nynorskvenleg vind gjennom kommunestyresalane i både Bergen, Oslo og Stavanger. Vi ser konturane av eit politisk stemningsskifte, og eg trur dette heng saman med at den urbane nynorskmotstanden stilnar og er på vikande front. Det synest lenge sidan Harald Victor Hove frå Høgre brann Nynorsk ordliste i eit krampeaktig forsøk på å kome seg ut av Bergen og inn på Stortinget. Eg tvilar på at vi igjen får sjå kampanjar som Unge Høgre sin «La dem raute nynorsk, så lenge jeg slipper».

I dag kappar byar som Bergen, Stord og Førde om å vere «nynorskhovudstaden». Det er ein konkurranse med berre vinnarar.

Kanskje blir det Ålesund? Når Ålesund kan bli «Årets nynorskkommune, då kan alt skje», seier Are Kalvø. Det som i alle fall er sikkert, er at Ålesund kommune er verdas største nynorskkommune, men også denne hausten herjar språkstriden på Nordvestlandet.

At nye Ålesund har blitt ein nynorskkommune, er å ta statusen til nynorsken som eit mindre brukt språk enn bokmålet på alvor, og det gjer det litt enklare å vere nynorskbrukar. Og det er eit godt døme på éi av dei fem hovudprioriteringane i arbeidsprogrammet vårt: At nynorsken skal tene på omorganiseringa av det offentlege Noreg.

Språkbruksplanen som har vore på høyring, sikrar at Ålesund kommune utetter står fram som ein nynorskkommune, men det er likevel slik at dei som vender seg til kommunen, skal få svar på si eiga målform, og alle skjema og liknande skal vere tilgjengeleg på begge skriftspråka. Men når all utetterretta kommunikasjon frå kommunen er på nynorsk, både på nettsider og i sosiale medium, får innbyggjarane sjå litt meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Det er bra.

Å velje å vere ein såkalla «språknøytral» kommune er i praksis ei likesæle til alle språkvala både det offentlege og borgarane må ta kvar einaste dag.

Det er denne likesæla fylkestingsrepresentant Monica Molvær frå Høgre har gjort seg til ei av dei fremste talskvinnene for. Denne hausten skal fylkestinget i Møre og Romsdal røyste over Molvær sitt framlegg om at Møre og Romsdal fylkeskommune skal gå frå å vere eit nynorskfylke til å bli språkleg nøytralt. Dette føreslo ho også i 2016. Då tapte ho. Det bør ho gjere også i år.

Nynorsk er eit nasjonalt språk frå og for heile landet. Men denne hausten står striden på Ivar Aasens heimlege strender. Når vi skriv 2021, er eg trygg på at nynorsken igjen har sigra i både Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Så når vi no avrundar dette 101. landsmøtet i Noregs Mållag med å syngje Nordmannen i eit digitalt blandakor i hus og hytter i heile landet – bundne saman av breiband og fiber – så er det med håp om at nynorsken framleis skal stå støtt i heile Noreg – også der akkurat du sit og deltek på digitalt landsmøte i Noregs Mållag

 – og kanskje særleg mellom dei bakkane og berga og ute med det havet Ivar Aasen skreiv om.

Takk for ei god landsmøtehelg og takk for merksemda.