aktuelt

Leiartale ved landsmøtet

Peder Lofnes Hauge held leiartala for det 103. landsmøtet i Noregs Mållag.

Etter opninga av landsmøtet i 2024 heldt Peder Lofnes Hauge den tradisjonsrike leiartalen. Talen blei halden etter utdelinga av Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem og Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr og Åshild Irgens. Talen blei møtt med stor applaus av eit kveikt landsmøte.

Leiartalen

Gode landsmøte

“Eg vel å sjå denne pristildelinga som ei tildeling til den litteraturen som fyrst og sist vil vera litteratur, utan å ta andre omsyn. Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takka nynorsken for prisen.”

Det kjennest naturleg å opne denne landsmøtetalen med orda til den store forfattaren frå vesle Strandebarm. Når heile verda såg til han, såg han til alle dykk som sit i salen her. Alle som over lang tid har stridd for saka. Til den organiserte målrørsla. Til oss og til språket vårt.

Då Noregs Mållag samla seg til landsmøte på Gardermoen for to år sidan, hadde vi det høgste medlemstalet sidan 1985. Når vi no møtest i Trondheim, har vi igjen sett medlemsrekord. Der vi i 2021 hadde 15483 betalande medlemer, hadde vi i fjor 15 682 medlemer. Saman med Norsk Målungdom er den organiserte målrørsla godt over 17 000 medlemer. Vi er ei stor politisk kraft. Vi er ei brei, nasjonal folkerørsle.

Heilt ekstraordinære hendingar som Framstegspartiet sin FUCK NYNORSK-kampanje og Jon Fosse sin Nobelpris gjer at medlemer strøymer til mållaget, men la det ikkje vere tvil: Medlemsveksten dei siste åra er først og fremst eit resultat av systematisk og godt vervearbeid, både på skrivarstova, i styret, og ute i laga. Folk kjem til mållaget fordi dei ser at eit større mållag er den beste garantien for betre kår for nynorsken og nynorskbrukarane.

I arbeidsprogrammet har vi vedteke eit ambisiøst mål: “Vekst i medlemstalet kvart år”. Vi skal få fleire medlemer, og fleire medlemer skal bli aktive. Ein større og sterkare organisasjon gjer det mogleg for oss å stille meir makt bak dei politiske krava våre – slik at vi igjen kan få større gjennomslag.

Ikkje alle utanfor rørsla forstår at vi må vinne alle medlemene våre på nytt kvart år. Kvar 1. januar byrjar vi med blanke ark. Det gjer medlemstalstrenden dei siste åra meir imponerande. Somme fell frå, somme melder seg ut, mange nye kjem til. Skogen stend, men han skifter sine tre som Olav H. Hauge sa det. Dei fleste trea i nynorskens skog står heldigvis støtt og samlar årringar. I tre år på rad har vi enda på over 15 000 betalande medlemer. I dag, den 19. april, har vi allereie 14 604 betalande medlemer. I juni i fjor hadde vi til samanlikning 13 158. Og då sette vi medlemsrekord.

Difor, gode landsmøte, vågar eg å spå at dersom de blir med og gjer ein verveinnsats i år, så set vi endå ein medlemsrekord i 2024. I år er året Noregs Mållag passerer 16 000 medlemer!

* * *

Dei siste to åra har vi jobba godt for å setje det nye arbeidsprogrammet vårt ut i livet. Vi har vunne små og store sigrar, men vi har òg gått på nederlag. Målreising er i sanning fest og strid om kvarandre.

Den største festen av dei alle var Fosse-festen. Ein elles kald og sur haust blei ei einaste lang Fosse-feiring! Då dei kvite dørene med gullkarmar i Svenska Akademien gjekk opp, 5. oktober 2023, var det ikkje berre forfattaren Jon Fosse som fekk lyset på seg. Rampelyset vart også peika mot det vesle, men kraftfulle språket nynorsk.

At Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur var stort både for nynorsken, Noreg og verda. Det syner at nynorsk også er eit verdsspråk for den verkeleg store litteraturen. Det var viktig for språket vårt at forfattaren sjølv takka nynorsken og den nynorske målreisinga for prisen.
Men prisen er viktig også for minoritets- og mindretalsspråk i heile verda. Litteratur og kultur skal ikkje dømast ut frå storleik eller talet på språkbrukarar, men ut frå kvar dei kjem frå og kva dei fortel oss. Det er ei viktig internasjonal oppgåve å ta vare på dei mange språka som er under press frå språk med fleire eller mektigare brukarar. Arbeidet vårt for nynorsk er ein del av ei brei internasjonal rørsle for å tryggje og styrkje utsette språk. Den nynorske målreisinga er vårt tilskot til det globale språkmangfaldet!

Eg var heldig, og fekk delta på seremonien og banketten i Stockholm i desember, saman med dagleg leiar på mållaget, Gro Morken Endresen. Det var useieleg stort. No skal eg ikkje røpe for mykje om  landsmøtemiddagen i morgon kveld, men det blir neppe trompetfanfare for kvar skål på bordsetet. Mange var interesserte og nysgjerrige på nynorsken, Fosse og folkedraktene våre. To bunader blant privilegerte pingvinar i kjole og kvitt. To vestlendingar blant den ypparste svenske samfunnseliten. Tett på svenskekongen og nynorskkongen: den lågmælte, stille hovudpersonen. Vår eigen Jon Fosse.

Det kjendest nesten uverkeleg å vere ein del av denne feiringa, men på same tid: Det var i sanning både rett og verdig at Noregs Mållag var til stades der det skjedde, då det skjedde.

* * *

Tidlegare i april inviterte Fredrik Solvang til nynorskdebatt i NRK Debatten, i beste sendetid. Kor lenge skal vi bere havre til ein daud hest, spurte han. Det blei for så vidt ein grei debatt, og nynorsklaget vann. Klårast av alle var kanskje Ingrid Handeland frå Juristmållaget som er utsending på dette landsmøtet. Ho deltok i ein duell mot advokat Torstein Bø om nynorsk som lovspråk. Den kom ho sigrande frå, for å seie det forsiktig. Premissen om at alt går åt skogen for nynorsk, er ei vanleg og utbreidd misforståing – som vi må gå i rette med.

Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – i alle fall utanfor det digitale klasserommet.
Det har aldri blitt skrive så mykje nynorsk litteratur som i dag.

Den politiske og kulturelle aksepten for nynorsk er større enn nokon gong.
Sjølv om skulemålsprosenten går noko ned, så er ikkje det først og fremst eit uttrykk for at nynorsken blir vald vekk. Det handlar om demografi og større straumdrag i samfunnet. Det blir fleire bokmålselevar når fleire flyttar til og rundt dei store bokmålsbyane.

Haldningane til nynorsken blir betre. Den urbane motstanden mot språket vårt er vesentleg mindre enn for berre ti-femten år sidan. Mållaget er i vekst – og på mange måtar har vi vind i segla.

Men det er eit stort men.

På ein del område er vi likevel langt unna at det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar – særleg i den digitale kvardagen, i klasserommet og samfunnet elles.

I fjor kom det ei undersøking som viste at kvar sjette nynorskbrukar har fått negative tilbakemeldingar på at dei skriv nynorsk, berre det siste året. For dei under tretti år gjeld det kvar fjerde.


Staten gjer seg jamleg skuldig i språklovsbrot, og sårbare nynorskelevar får ikkje digitale læremiddel og læringsressursar på språket sitt.

Den digitale utviklinga set språket vårt og dialektane våre under press. Det heiter ikkje “eg” no lenger – på internett heiter det “jeg”. Den smarte teknologien som skal gjere liva våre enklare, gjer ting vanskelegare. Det hjelper ikkje med talestyrt teknologi om han ikkje forstår talemåla våre.

Vi reknar at rundt 12 prosent av folk i Noreg har nynorsk som sitt skriftspråk. På papiret er det eit språk med mange rettar og godt vern, men kvar sjette nynorskbrukar har det siste året fått negative tilbakemeldingar på språket sitt. Det er ikkje smertefritt å vere brukar av eit mindretalsspråk i Noreg. Fleirtalsspråket, bokmål, har alltid tyngdekrafta med seg.

Vi veit no at verdas beste litteratur blir skriven på nynorsk. Vi veit også at det ikkje betyr at livet som nynorskbrukar blir mykje betre. Eg håpar prisen kan setje lys på dei utfordringane vi må løyse saman, i skuggen av Fosse. Det må vere lov å håpe at nynorsken opplever ein stor og varig Fosse-effekt i åra som kjem. Dei verkeleg store orda om nynorsken sat laust i eit samla politisk miljø då prisen vart annonsert. I spissen stod statsminister Jonas Gahr Støre og kulturminister Lubna Jaffery.
Det er eit politisk ansvar å jamne ut det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk. Difor har vi sagt at Noreg treng ein nasjonal strategi for jamstilling av dei to norske språka. Ein slik strategi må ha konkrete tiltak for å styrkje og fremje nynorsken, med måltal og ein truverdig veg til målet. Nett slik regjeringa la fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Slik kan styresmaktene verkeleg heidre prisvinnaren!

Det kanskje sterkaste med heile hausten i fjor var alle nynorskbrukarane som kunne rette ryggen og vere stolte av språket sitt. Vi var mange som trong det. Og mange som fortente det. For å seie det med Tarjei Vesaas: Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Jon Fosses skuld.

* * *

Opplæringslova er ei vel så viktig språklov som språklova.

Frå og med skulestart denne hausten tek den nye opplæringslova til å gjelde på norske skular. Det er få saker vi har jobba så grundig, systematisk og omfattande med som denne lova. Då Stortinget banka gjennom lova, hadde vi vunne store og viktige sigrar, men vi måtte også konstatere at vi ikkje kom i mål med alt vi ville.

Det første først: Språkdelt ungdomsskule har no blitt nasjonal politikk!
Ungdomsskuleelevar har no fått ein lovfesta rett til å gå i eigne nynorskklasser. Det er verkeleg ikkje kvar dag vi får nye lovfesta rettar som er så viktige for nynorskelevane. I språkblanda område vil dette kunne motverke språkbyte frå nynorsk til bokmål, og sikre ei kvalitativt betre lese- og skriveopplæring. Eg vil både gratulere og takke alle i mållaget som har jobba utrøytteleg med saka over fleire år.

For ti år sidan inviterte Noregs Mållag til nasjonalt haustseminar i Ungdomshallen i Odda. I ein tradisjonsrik møtesal med utskjeringar og måleri på veggane, og høgt under taket, stilte vi spørsmålet: Kan Odda-modellen bli nasjonal politikk? No står det svart på kvitt i lova.

Vi fekk også gjennomslag for at skriveprogram må ha nynorsk stavekontroll for å vere lovlege å bruke i skulen. Vi tvinga Google til å lære seg nynorsk! I dag er nynorsk stavekontroll anten mangelfull eller fråverande. Mange elevar får raude strekar under nynorske ord dei har skrive rett. Det er ein skulepolitisk skandale – som no blir rydda opp i, takka vere Noregs Mållag.

Det verkeleg store problemet i norske klasserom er at 73 000 sårbare nynorskelevar sit ved pultane sine og har ein digital skuledag som i alt for stor grad går føre seg på bokmål. I ei tid der meir og meir av opplæringa skjer på skjerm, blir denne trenden forsterka. Årsaka er enkel: mangelen på digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk.

Der læremiddel i utgangspunktet har krav om nynorskversjon, har ikkje såkalla læringsressursar dette. Det er høgst problematisk når vi veit at det er nettopp alle desse læringsressursane; appar, spel og program, som dominerer i klasserommet. Læremiddelprodusentane kjenner lova og unngår nynorskkravet medvite: Dei lagar heller fleire mindre læringsressursar enn dei store, heilskaplege læremiddelverka. Dei bryr seg då ikkje om nynorsk, dei bryr seg om pengar!

Vi kravde at digitale læringsressursar som er utvikla spesifikt for å bli brukte i skulen, måtte finnast på nynorsk. Det fekk vi ikkje. Det er ikkje til å forstå.

Det lengste Stortinget – med regjeringspartia i spissen – kunne strekkje seg, var å gjennomføre ei kunnskapsinnhenting for å finne ut kor stort problemet vi varsla om, faktisk er. Deretter skal regjeringa kome tilbake til Stortinget. I mellomtida misser nynorskelevane verdifull læring. Dei kunne berre høyrt etter når vi snakka til dei.

Vi veit korleis stoda i nynorske klasserom er. Vi høyrer det fortvilte ropet frå elevar, foreldre, lærarar og rektorar i nynorskkommunane.

Som leiar i Mållaget blir eg ikkje berre fortvila, eg blir forbanna rasande. Det er offisiell norsk språkpolitikk at det offentlege aktivt skal fremje nynorsk. Det minst brukte språket må bli favorisert for å jamne ut dei skeive tilhøva mellom språka våre. Men her ber vi ikkje om særtiltak. Vi ber om likeverd!

Nynorskelevane er ikkje andrerangs-elevar, men styresmaktene vil ikkje gje dei like kår. Argumentasjonen deira er både lettbeint og vikarierande, og full av logiske brestar. Det er som dei ikkje veit kva dei snakkar om.

Men det gjer vi. Og vi har massiv støtte bak krava. Frå norske kommunar, organisasjonar som Utdanningsforbundet og statens eige fagorgan for språkspørsmål, Språkrådet.

Gode landsmøte,vi skal følgje denne saka heilt til mål. Vi gjev oss ikkje før nynorskelevane får ein fullverdig skulekvardag på nynorsk – også i heildigitale klasserom!

* * *

Det er kjekt å møte dykk her i Trondheim denne helga. Ivar Aasen fekk stipend av Vitenskapsselskapet i denne byen, og det var dette stipendet som gjorde det mogleg for han å leggje ut på si fyrste innsamlingsreise i 1842, berre 29 år gamal. Finansieringa frå Trondheim endra norsk språkhistorie.

«Vi kann ikkje lata vestlendingne vera aaleine um verket…» var ei oppmoding i avisa Den 17de Mai då naumdølingane kalla i hop til skipingsmøte nokre år seinare. Det er ein del av trøndersk målsoge at ein har kivast med vestlendingane, likevel vi har også stått saman i målstriden. Ein av styremedlemene som vart valt på skipingsmøtet til Noregs Mållag i 1906, var frå Trøndelag, og de har stilt mange leiarar og styremedlemer i åra etter. Så det er ein lang tradisjon Espen Tørset står i, når han no stiller til val som styremedlem her i salen på sundag.

Nestleiar Synnøve Marie Sætre representerte Noregs Mållag her i Trondheim så seint som i mars. Då gav vi målblome til Åge Aleksandersen for å ha gjort trøndersk til hjartespråket og brøytt veg for nye generasjonar av dialektbrukarar.

Vi må alle sjå og høyre dialekter rundt oss i kvardagen, både for å bli trygge i eigen dialektbruk, og fordi det gjev talemålet status. Trøndermål og Trondheim vil vere ei fin ramme rundt årets landsmøte i Noregs Mållag. 

Eg er overtydd om at vi skal få ei interessant og innhaldsrik helg saman. Der landsmøtet for to år sidan var eit svært intensivt “arbeidslandsmøte” med revisjon av både arbeids- og prinsipprogram, trur vi årets landsmøte har ein betre balanse mellom politikk og kultur – og at vi kan få litt meir tid til å vere sosiale i lag. Ein skal ikkje undervurdere kor viktig det er.

Vi skal vedta fråsegner, sjå på personallressursane i laget, og vonleg reise frå Trondheim med meir innsikt i og kunnskap om kunstig intelligens og språkteknologi. Det vil vere eit hovudtema for årets landsmøte – i tråd med prioriteringane i arbeidsprogrammet vi arbeider etter. Der er digitalisering og språkteknologi ei av fem prioriterte saker. I styret si fråsegn til landsmøtet om same tema ber vi mellom anna om ein handlingsplan for norskspråkleg digitalisering – vi må raskt gjere den digitale kvardagen til vår.

Utviklinga av språkteknologisk programvare, læringsverktøy, læremiddel og anna programvare har i aukande grad innverknad på språktilhøva i Noreg. Om staten ikkje grip inn, vil denne utviklinga i stor grad vere styrt av internasjonale selskap utan ansvar for den norske språksituasjonen. Det er viktig å leggje politisk press på dei store selskapa, og på dei store prosjekta som skal arbeide med språkteknologi i Noreg.

Om vi skal klare å leggje eit slikt press, må vi vite kva vi snakkar om. Vi må forstå korleis digitaliseringa av samfunnet påverkar språket vårt, og vi må søkje løysingar som gjer det like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar – også på internett.

Norsk i høgare utdanning er ei svært viktig sak. Det var det også på lærarskulen i Levanger for 130 år sidan. Då var det fleire av lærarstudentane som ønskte å skrive norsk – altså landsmålet ved eksamen. Det var sendt brev til departementet med spørsmål om dei fekk lov til å gjere det. Svaret lét vente på seg (ikkje ulikt dagens byråkrati) og det vart purra på svar utan at dei høyrde noko. I den 17de mai kan vi lese at studentane møttest kvelden før eksamen. Dei drøfta situasjonen og før dei skildest den kvelden, hadde alle teke kvarandre i handa på at dei skulle skrive nynorsk dagen etter. Slik vart det. Og eksamenen vart godkjend og vart ståande, og dermed hadde dei fyrste studentane i Noreg skrive eksamen på nynorsk i høgare utdanning.

Det er ei lang linje frå desse studentane i Levanger til statsråd Oddmund Hoel som står på talarstolen her på landsmøtet i morgon og skal snakke om norsk i høgare utdanning. Like viktig i dag som då for 130 år sidan.

* * *

I år feirar vi Landslovjubileet. Det er 750 år sidan kong Magnus Lagabøte stod i spissen for å vedta ei rikslov for Noreg. Det var eit særsyn i si tid, og landslova fekk mykje å seie for korleis ein handterte usemje, og ho gav fleire grupper i samfunnet eit betre rettsvern. Lova prega si eiga tid, og har sett merke heilt fram til vår tid. «Med lov skal landet byggast» er dei kjende orda frå Frostatingslova her frå Trøndelag, nokre få år før kong Magnus Lagabøte laga landslova. I dag er det Grunnlova som er den høgste og viktigaste lova i Noreg. Ho gjev også retning og vil prege vår tid og framtida.

Ei av fråsegnene vi skal handsame, handlar om eit tema som eg trur vil prege mållaget i fleire år frametter. Nemleg arbeidsprogrampunktet vårt om “grunnlovsfesting av jamstillinga mellom nynorsk og bokmål”.

210 år etter at Noreg fekk si eiga grunnlov og ti år etter at Grunnlova kom i ein nynorsk versjon, er det på tide å grunnlovsfeste at norsk skal vere det nasjonale hovudspråket i Noreg. Heile det norske språket, med jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, må sikrast i den viktigaste lova vi har.

Det er slik med grunnlovsframlegg, at det må vere eit val mellom framlegg og handsaming. Slik skal veljarane kunne vite kva grunnlovsframlegg som ligg klare til handsaming, når dei går til valurnene. Difor håpar vi at det blir levert eit grunnlovsframlegg innan fristen i år – slik at det neste Stortinget kan ta ballen i mål.

I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn før. Det er mange land som ser dette. 148 land i verda har grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk, 97 land har føresegner som på ulike måtar vernar språkbruk.

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene sine, enn at dei ikkje gjer det. Ei grunnlovsfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere ei modernisering av Grunnlova. Det er moderne å vere fleirspråkleg.

Ei grunnlovsfesting vil gje den formelle likestillinga mellom nynorsk og bokmål ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Det vil vere viktig særleg for nynorsken, som det minste av dei to norske skriftspråka. Det gjeld òg den symbolske statushevinga som ligg i ei grunnlovsfesting.

Gode landsmøte,
eg trur det vil krevje ein del av oss om vi skal lukkast med dette. Men vi har klart store ting før. I tida som kjem, er vi avhengige av at mange nok snakkar om dette. Ta kontakt med partigrupper, skriv lesarbrev, set dagsorden!

I første omgang må vi få nokon til å fremje forslaget. Målet vårt er å få ein representant for kvart parti til å stille seg bak. Då står framlegget stødigare gjennom valet. Kanskje kan vi offentleggjere eit grunnlovsframlegg på Nynorskdagen 12. mai i år, som ei markering av jubileet for jamstillingsvedtaket i 1885. Det ville verkeleg vore den draumen.

* * *

Gode, landsmøte,

Det er stor vilje til strid i mållaget. Vi arbeider etter eit offensivt arbeidsprogram som viser korleis vi kan gjere det like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar.

Vi som er aktive i mållaget i dag, står på skuldrene til kvinner og menn som har stridd for målsaka før oss. Vidare vekst og vinning for nynorsken skal kome med oss. Då er det godt at vi stadig blir fleire. Takk for merksemda, og godt landsmøte!