aktuelt

Leiartale til landsmøtet

Foto: Kristianne Marøy

Gode landsmøte,

“Kvart menneske er ei øy, som kjent.
Så det må bruer til. Uendeleg mange slags bruer”, skreiv Tarjei Vesaas.

Språket er den viktigaste brua mellom menneske. Språk er grunnleggjande for kontakt mellom menneske, deltaking i samfunnet, og korleis vi tenkjer og ser på oss sjølve, andre, og verda vi er ein del av. 

Nynorsk er kanskje eit mindre språk enn bokmål, men det er eit stort språk i verda. Det er mellom dei 200 største av verdas over 7000 språk. Det har lovfesta rettar, ordbøker, og mange menneske som brukar det kvar dag, og som vil forsvare det. Nynorsken i 2026 står støtt.

Det har aldri blitt skrive meir nynorsk enn no.
Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn no.
Den politiske og kulturelle aksepten er større enn nokon gong. Også i urbane strok. Dei siste åra har det blåse ein nynorskvenleg vind i bokmålsdominerte byar. Den allmenne haldninga til nynorsk er mykje betre enn for femti år sidan, ja, betre enn for berre ti–femten år sidan.

Nynorsken slepp til i stort omfang på område der bokmål dominerer. Sjå berre med Ruter-appen og Vipps som no er på nynorsk, og som gjer det enklare å sjå og møte nynorsk i det digitale. Millionar av brukarar kan få møte meir nynorsk på eit område som i dag er dominert av engelsk og bokmål. Riksavisene slepp i stadig større grad til nynorsken, og viser det sjølvsagte: Nynorsk er eit minst like godt pressespråk som bokmålet.

Det er eit rekordstort Noregs Mållag som er samla til landsmøte denne helga. Vi gjekk inn i 2026 med det høgste medlemstalet på 40 år. Vi landa på 16 426 betalande medlemer, takk vere systematisk og godt vervearbeid frå både sentrallekken og alle aktivistar, lokal- og fylkeslag. Det motiverer og kveikjer at medlemsauken held fram. Det viser at målsaka er viktig for folk. No er mållaget over 2000 fleire medlemer enn for fem år sidan, 4000 fleire enn for ti år sidan, og 6000 fleire enn for tjue år sidan.

Eg trur dette kjem av at folk ser at arbeidet vårt verkar. Vi står bak viktige gjennomslag for nynorsken, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Summen av alt arbeidet lokallaga og medlemene våre gjer, er det som tryggjer nynorsken, i dag og i framtida. Summen av alt arbeidet i heile rørsla er mykje større enn det resultatet lokallaga kanskje ser i sitt eige lokalsamfunn i kvardagen.

Fleire medlemer er med på å gjere dette mogleg. Dei fleste medlemene våre er med i årevis. Det lovar godt for vidare vekst.

***

Ivar Aasen sa ein gong at eit godt år er stutt, medan eit vondt er alltid for langt. Vi har to stutte år bak oss sidan sist vi skipa til landsmøte.

Den nye opplæringslova tok til å gjelde i 2024. Vi fekk gjennomslag for at skriveprogram må kunne nynorsk, og at elevar skal ha rett til å gå i eigne nynorskklasser også i ungdomsskulen. Likevel: Lova forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane. Den nynorske skulekvardagen inneheld for mykje bokmål, og digitaliseringa av skulen har gjort problemet større dei siste åra. Nynorskelevar får ofte digitale læremiddel på feil språk.

Vi kravde at også digitale læringsressursar burde vore omfatta av parallellitetskravet – og dermed ha krav på seg om nynorskversjon. Ein læringsressurs er digitale element som kvar for seg er mindre i omfang enn heilskaplege læremiddel, men som samla sett blir brukt mykje i opplæringa. Læremiddelprodusentane lagar gjerne ein eller fleire læringsressursar, heller enn læremiddel for å sleppe å lage nynorskversjon.

Stortinget ville ikkje innfri dette kravet, men bad regjering undersøkje korleis det står til med nynorske læringsressursar i skulen. No viser rapporten at nynorskelevane møter for mykje bokmål. Akkurat slik vi prøvde å fortelje styresmaktene.

Det er umogleg å sjå for seg at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun ikkje fremjar ei lovendring for Stortinget etter å ha fått denne rapporten på skrivebordet sitt. Nynorskelevane fortener ein likeverdig skulekvardag som bokmålselevane, og denne skulekvardagen må vere nynorsk. Det er heilt avgjerande for kvaliteten på lese- og skriveopplæringa.

Nokre hovudfunn i rapporten er at «det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål» og at «det er ofte vanskeleg å finne fram til innhald på nynorsk». Berre 49 av 90 kartlagde læringsressursar er på nynorsk. Av desse igjen er det fleire som inneheld ein mindre del nynorsk, og det er vanskeleg å finne fram til det nynorske innhaldet der dette finst.

Vi er ikkje overraska, og dette stemmer godt overeins med dei tilbakemeldingane vi har fått over tid frå fortvilte elevar, foreldre, lærarar og skuleeigarar i nynorskkommunane.

Vi gjev oss ikkje før opplæringslova reelt sett sikrar nynorskelevane.

***

Med lov skal landet byggjast, og den viktigaste lova av dei alle er Grunnlova.

I 2014 fekk vi Grunnlova nynorsk, og no er tida komen for å få nynorsken inn i Grunnlova.

Noregs Mållag meiner det er på høg tid å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk, inkludert jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

I førre stortingsperiode leverte stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre, saman med Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, Liv Kari Eskeland frå Høgre, Sigbjørn Gjelsvik frå Sp, Ingrid Fiskaa frå SV, Sofie Marhaug frå R, Lan Marie Berg frå MDG og Kjell Ingolf Ropstad frå Krf eit framlegg i Stortinget om grunnlovfesting. Det kjem til handsaming i inneverande periode.

Vi ynskjer at norsk, både bokmål og nynorsk, skal grunnlovfestast som nasjonalt hovudspråk. Det vil vere viktig særleg for nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka. I dag er det berre samisk (i grunnlovsteksten i eintal) som har eit eksplisitt grunnlovsvern. I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtte tale «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten. I Lov om språk (språklova) blir det slått fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det bør også stå i Grunnlova.

I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene, enn at dei ikkje gjer det.

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatere Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Ei grunnlovfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vere ei modernisering av Grunnlova.

Den finske grunnlova frå 1999 seier i § 17 første ledd kort og godt at finsk og svensk er Finland sine nasjonalspråk, og inneheld så meir omtale om både samisk, teiknspråk og språket til “romerna och andra grupper”. Den finske grunnlova er den einaste i Norden som inneheld føresegner om språk.

Ei anna form for grunnlovfesting finn vi i den irske grunnlova, som gjev irsk status som nasjonalspråk og første offisielle språk, medan engelsk er det andre offisielle språket. I den franske grunnlova er det slått fast i artikkel 2 at fransk er republikkens språk. I artikkel 75-1 er regionale språk anerkjende som del av Frankrikes [kultur]arv. 

I den spanske grunnlova er dei spanske språka verna. Kastiljansk har etter artikkel 3 status som statens språk, medan andre spanske språk (til dømes katalansk og baskisk) har status som offisielle språk i sine område. Alle dei spanske språka er anerkjende som del av Spanias kulturarv og skal respekterast og vernast. Artikkel 20 om ytringsfridom slår fast at det skal takast omsyn til språkmangfaldet i Spania i mediepolitikken.

Slovenias grunnlov slår i artikkel 11 fast at slovensk er det offisielle språket i Slovenia, og at italiensk og ungarsk skal vere offisielle språk i dei kommunane som har befolkning som tilhøyrer dei italienske og ungarske folkegruppene i landet.

Austerrikes grunnlov slår i artikkel 8 fast at tysk er republikkens språk, men at republikken òg anerkjenner språka til folkegrupper med tradisjonell tilknyting til landet, og at desse språka skal respekterast, vernast og fremjast.

Vår eiga Grunnlov må slå fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og at nynorsk og bokmål er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.

***

Opp med handa dei i salen som hadde trudd Noregs mest kjende influensar, Sophie Elise, skulle bli ein av landets viktigaste ambassadørar for nynorsk leseglede.

Det har skjedd.

Sophie Elise er ein av dei viktigaste påverkarane i Noreg. At ho jamt framsnakkar nynorske bøker, fører til at fleire unge oppdagar at nynorsk kan vere noko kult, ekte og relevant.

Gjennom ei så enkel setning som “eg elskar nynorsk”, normaliserte ho det mange ungdomar har lært å fnise av eller ta avstand frå. Ho har difor gjort det enklare for unge nynorskbrukarar å vere stolte over eige språk – eller skape interesse hos unge bokmålsbrukarar.

Vi veit at kvar sjette nynorskbrukar opplever negative tilbakemeldingar på at dei skriv nynorsk. For dei under tretti år er talet kvar fjerde nynorskbrukar. Vi veit også at det er ei stor utfordring å fremje leselyst hos born og ungdom. Sophie Elise har valt å bruke marknadsmakta si til å motverke dette.

Og ho gir seg liksom ikkje heller. Jamleg les og skriv ho om nynorske bøker – og Samlaget merkar auka interesse for og sal av dei same bøkene. Sminke og samtidslitteratur. Nemn ein meir ikonisk duo.

***

Framom Stortingsvalet i fjor gjennomførte vi  Nynorsk i skulen – for alle-kampanjen vår i heile organisasjonen. Bakgrunnen var at vi var uroa for eit valresultat som ville truge sidemålsordninga slik vi kjenner ho, med obligatorisk opplæring og eigen karakter i skriftleg sidemål.

Etter valet slo vi fast: Sidemålsordninga med eigen karakter og eksamen var sikra. Vi hadde fått eit nynorskvenleg stortingsfleirtal.

Men så.

Den siste leiarteigen hadde tittelen Ei uro er komen over meg.

Vi hadde høyrt eit rykte om at regjeringa vurderer å redusere talet på norskkarakterar. Då lever alltid sidemålskarakteren farleg.

I mars var eg og andre organisasjonar med interesser i norskfaget på eit møte med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. Der fekk eg sagt så tydeleg eg berre kan:

Sidemålsordninga med eigen karakter og eksamen er jamstillingsvedtaket frå 1885 i praksis. Elevane må prøvast eksplisitt i sidemål og kompetansen må vere synleg på vitnemålet.

Eg var uroa før eg sette meg på flyet og drog til Kunnskapsdepartementet. Premissen for møtet var nettopp at regjeringa vurderer karakterreduksjon. Likevel: Etter møtet blei statsråden ståande med nynorskdelegasjonen langt inn i sitt neste møte for å diskutere korleis vi kan styrkje opplæringa i sidemål.

Har uroen sloppe taket? Nei.

Men eg håpar og trur statsråden og regjeringsapparatet veit kva krefter dei legg seg ut med om dei svekkjer sidemålsordninga – mot målrørsla og det eg vil tru er stortingsfleirtalets vilje.

Eigen karakter i sidemål er heilt avgjerande for at arbeidet med sidemål blir prioritert av lærarar og elevar. Sidemålsordninga med eigen karakter er jamstillingsvedtaket frå 1885 i praksis. Ho sikrar at alle elevar får lære både bokmål og nynorsk, og i ein karakterstyrt skule må denne kompetansen vere synleg på vitnemålet.

Dessutan:

Vi har faktisk ikkje kunnskap om verknadene av å fjerne sidemålskarakteren i 8., 9. klasse og vg1 og vg2. Eg vil oppmode statsråden om å skaffe denne kunnskapen. Korleis har dette slått ut for prioriteringa av arbeidet med sidemål, for kunnskapen og kompetansen elevane eignar til seg, og for arbeidet lærarane gjer med sidemål.

Vi har hatt sidemålsordninga i 120 år. Det vil vere svært uklokt å gjere endringar før vi veit meir. Ja, det vil vere uansvarleg. Regjeringa bør:

1: Skaffe kunnskap om karakterreduksjon: Har det faktisk ført til seinare start og svakare resultat slik vi får høyre og har grunn til å tru?

2: Gjennomføre eit nasjonalt positivt sidemålsforsøk. Vi veit kva som skal til: Betre kompetanse hos lærarane, tidlegare start med systematisk opplæring, møte nynorsk i andre fag enn norsk, sørgje for full tilgang på digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk.

Mange lærarar spelar sjølve inn at dei ikkje kjenner seg trygge i å undervise i og på nynorsk (som sidemål). Vil vi styrkje norskfaget, må vi faktisk styrkje lærarane, og vi vil gjerne melde oss på det laget.

Ja, vi har eit for vidt fritaksregime, men løysinga kan ikkje vere at ingen skal få vurdering? Også dei med fritak frå vurdering skal ha opplæring. Det blir ikkje alltid praktisert i dag. Det er ei undergraving av offisiell norsk språkpolitikk som berre statsråden kan gjere noko med.

Fjernar du sidemålskarakteren for alle, vil færre, ikkje fleire, få lese og skrive seg inn i det norske.

Så får vi sjå korleis dette spelar seg ut, og vi er inviterte til eit nytt møte i Kunnskapsdepartementet i mai. Denne gongen: berre nynorskgjengen. Og statsråden – som synest oppriktig å ville gjere sidemålsopplæringa betre. Det er både verdig og rett for ein kunnskapsminister som er like mykje til for nynorsken som bokmålet.

Uansett: Norske elevar må eksplisitt prøvast i sidemål og denne kompetansen må stå på vitnemålet. Punktum.

***

Det viktigaste vi gjer for nynorsken – utover å sikre god lese- og skriveopplæring i skulen – er å sørgje for at fleire menneske ser og høyrer meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar.

Det handlar om eksponering, eksponering, eksponering.

Vi må møte nynorsk på jobben, i avisa, i bøker, på fjernsynet, i butikkane, på internett, i sosiale medium, i nettbanken, på Vipps, Ruter, og HelseNorge-appen. Ja, i alle appar og berg ut med havet.

Berre slik blir språket meir naturleg for dei som synest det er utilgjengeleg. Om vi ser og møter språket meir, vil dei ålmenne haldningane bli betre, fordomane vil bli svekte – og kompetansen auke.


Mållovsreglane i språklova sikrar at innbyggjarane møter ein viss del nynorsk frå det offentlege. Likevel blir lova broten dagleg. Det er grunnen til at vi i mållaget har vore tydelege på at lova bør ha sanksjonar. Det skal svi å bryte språklova med for lite nynorskbruk.

Målbruk i det offentlege er eit leiaransvar. Om du ikkje klarer å sørgje for nok nynorsk i statsorganet du leier, er du ikkje skikka til jobben. Ja, du er beint fram ein lovbrytar.

I 2023 gav vi målblome til Medietilsynet for å framheve det gode språkarbeidet i organisasjonen. Medietilsynet var det einaste statsorganet som oppfylte alle krava i språklova. Ære vere Medietilsynet, men det er ikkje godt nok av resten – og det er eit politisk ansvar som kviler på kulturminister Lubna Jaffery og regjeringa.

***

Det finaste eg veit, er å lese med og for ungane mine. Eg forsøker å finne så mykje nynorsk barnelitteratur som mogleg. Det er ikkje alltid like lett. Heldigvis finst den beste barnelitteraturen på nynorsk. I heimen vår  – som i mange andre heimar – er Maria Parr sine univers favoritten. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har lese Oskar og Eg. Eller Vaffelhjarte, eller om Glimmerdalens vesle dunder med fart og sjølvtillit.

Høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Arild Torvund Olsen, har i Periskop ein svært interessant artikkel som syner at borna våre vert bada i bokmålsbøker. Han viser til Sommarles der over 170 000 born deltok i 2024. 

Eg vil dra fram noko av det Arild Torvund Olsen har funne ut: 

63 av bøkene på topp-100-lista er bøker som originalt er skrivne av norske forfattarar, alle på bokmål, medan 37 av dei, til dømes seriar som Amuletten og Gutta i trehuset, er omsette til bokmål frå andre språk. Ingen av bøkene på topp-100-lista er på nynorsk

Nynorskutgjevingane står for kring 10 % av dei nyskrivne norske barne- og ungdomsbøkene frå 2019 til 2023, medan under 2 % av dei omsette bøkene frå perioden er på nynorsk.

Omsette bokseriar for born er populære, men norske forlag gjev i hovudsak berre ut slike seriar på bokmål. Og det handlar om økonomi. Når den noverande kulturpolitikken fører til at under 2 % av dei omsette barne- og ungdomsbøkene kjem på nynorsk, kan det tyde på at det bør på plass ein aktiv omsetjingspolitikk der for å betre stoda. 

Frå 2019 til 2023 vart det omsett 37 barnebøker til nynorsk. I same periode vart det omsett 47 bøker til sør-samisk.
Dette seier meg kor viktige tilskotsordningane er, og kor gale det blir når ein overlèt barnebøkene til marknadskreftene åleine. 

I Stortinget har Joel Ystebø, stortingsrepresentant frå KrF og Hordaland, stilt kulturminister Lubna Jaffery spørsmålet om «regjeringa (vil) ta initiativ til konkrete endringar i innkjøpsordninga og ein meir aktiv omsetjingspolitikk, med mål om å styrkje tilgangen på nynorske barnebøker og ungdomsbøker, særleg serielitteratur, slik at nynorskelevar får eit reelt likeverdig tilbod?” 

No har statsråden gjeve eit svar som opnar døra for å gjere noko med utfordringa med for lite nynorsk serielitteratur og omsett barnelitteratur på nynorsk. 

Lubna Jaffery svarar mellom anna:  «Delen bøker som vert gjevne ut og omsette til nynorsk, er låg. Eg vil arbeide for å styrkje litteraturordningane til Kulturrådet som bidreg til å fremje litteratur på nynorsk. Samstundes er eg open for å sjå nærare på verkemiddelapparatet vi allereie har, og vurdere om nynorsk litteratur kan fremjast på ein endå betre måte.»

Denne døra på gløtt må vi utnytte. Saman med forlaga må vi kome med konkrete framlegg som vil føre til at fleire nynorske bøker vert gjevne ut. 

Det må løne seg for norske forlag å gje ut omsett barne- og ungdomslitteratur på nynorsk. Forfattar Anders Totland har kome med eitt framlegg om å fjerna maksgrensa i innkjøpsordninga på éi bok per forfattar per år for nynorske barne- og ungdomsbøker. Det kan absolutt vere eit konkret endring av dagens regelverk. 

***


På dette landsmøtet skal vi vedta arbeidsprogrammet Vegen mot Noreg 2050. Nestleiar Live har leidd arbeidet i nemnda som har utarbeidd det framlegget som styret har gått gjennom og sendt til landsmøtet.

Litt av premissen for arbeidet var at målrørsla må tenkje større.

Eg trur vekst og vinning for nynorsken byrjar med at målrørsla vågar å tenkje dei store tankane.

I november i forfjor var eg i Barcelona med det europeiske nettverket for mindretalsspråk. Der fekk vi mellom anna høyre eit inspirerande føredrag av Jeremy Evas frå den walisiske regjeringa. Walisisk har i dag om lag like mange språkbrukarar som nynorsk. Men no har regjeringa sett seg eit mål om at 1 million menneske skal snakke walisisk innan 2050! Det er sett av fleire titals millionar kroner til tiltaket.

På vegen mot dette offensive målet har dei mellom anna over natta endra standard-innstillingane i programvare frå Microsoft i pc-ar i skulen og i det offentlege til walisisk! Tenk så fint om alle nordmenn vakna til nynorsk språkinnstilling når dei kom på jobb eller skule i morgon! Det kom knapt ei klage i Wales. Det hadde nok gått fint i Noreg også.

Det er på tide at styresmaktene våre vågar å tenkje stort og nytt om språk. Offisiell norsk språkpolitikk er for puslete, og styresmaktene bryt språklova kvar einaste dag. Tenk om nokon rundt Kongens bord berre hadde sagt: Veit de kva, la oss bli ein million nynorskbrukarar i dette landet, og følgt det opp med dei pengane og tiltaka som måtte til. Det er den draumen.

For å hjelpe regjeringa: Vi i Noregs Mållag vågar å seie det: Denne helga vedtar vi truleg eit hårete og ambisiøst mål om 1 million nynorskbrukarar i 2050. Det er noko å strekkje seg mot – og viser ambisjonsnivået når vi skal jobbe for å betre kåra for nynorsken. Kvifor skal vi ikkje ha sjølvtillit nok til å seie at vi bør bli fleire?

Språklova frå 2022 slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Dette bør opne eit nytt kapittel i norsk språkpolitikk der styresmaktene aktivt favoriserer nynorsken for å jamne ut det skeive tilhøvet mellom bokmål og nynorsk. Regjeringa må straks setje i gang arbeidet med ein nasjonal strategi for jamstilling av dei to norske språka, med konkrete tiltak og naudsynte løyvingar over statsbudsjettet.

Samstundes kviler det også eit ansvar på oss sjølve. Vi må våge å tenkje stort, krevje meir og føreslå asymmetriske tiltak som verkeleg gagnar nynorsken. I januar hadde sentrallekken vår besøk av Manon Davies frå det walisiske språkrådet. Også dette blei eit inspirerande innblikk i den walisiske språkpolitikken. Særleg merka eg meg korleis ho ikkje snakka om like kår, slik vi ofte gjer om tilhøve mellom bokmål og nynorsk i Noreg. Ho snakka om å “create favourable conditions for welsh” – å lage fordelaktige rammevilkår. Språklova gjev mandat til dette: å innføre asymmetriske tiltak som fremjar og aktivt favoriserer nynorsk, framfor bokmål.

Alt for lenge har vi stått med lua i handa. Takka pent for knappar og glansbilete, kravd for lite. Dei siste åra har vi jobba for ein ekstra million til Noregs Mållag over statsbudsjettet. Når eg har reist over fjellet for å delta i budsjetthøyringar, har eg følt at eg måtte prioritere mellom ulike innspel frå Nynorsk forum. No skal eg ikkje lenger be om ein million kroner til oss sjølve, eg vil ha heile lista: Noreg treng eit nynorsk kulturløft på minst 50  millionar kroner, og vi treng det på neste års statsbudsjett. Gudane skal vite at regjeringa brukar langt større summar på langt mindre viktige ting. Om nynorsken var eit fossilt drivstoff, ville Stortinget ha kasta milliardar etter oss.

Eg trur vi går frå dette landsmøtet med eit arbeidsprogram som siktar høgt nok og som er konkret nok, til at regjeringa enkelt kan gjere politikken vår om til røyndom. Det har vore kjekt å sjå at heile organisasjonen har gått inn i dette arbeidet med eitt mål – at Noregs Mållag rettar ryggen og stiller oss spørsmålet: Kva må til for at nynorsken skal få minst like gode kår som bokmålet? Det er det vi må krevje, korkje meir eller mindre.

***

Ser vi rundt oss i verda i dag, ser vi meir krig og alvorlege kriser ein tidlegare. Det er krig i Ukraina, i Iran, i Midt-Austen. Og vi ser eit USA og Russland som er ustabile og styrte av einerådige statsleiarar. Det er fleire av oss som opplever ei meir utrygg verd. Og debattar og planar for beredskap og forsvar er langt høgare på dagsorden i samfunnsdebatten enn vi har vore vane med siste åra. Regjeringa har også peika ut 2026 til å vere Totalforsvarsåret.

Når det er alvor og vi drøftar forsvar av landet vårt, forsvar av vår eigen fridom og folkestyre, kan eitt spørsmål presse seg fram: Kvifor skal vi eigentleg bry oss om noko så lite som skulemål, brot på språklova og digital nynorsk, når det er forsvar av landet som står på spel? Blir det ikkje litt smått med språket vårt? Når folk på alvor diskuterer fare for krise og krig for landet vårt? 

Til det vil eg seie at det er nettopp i slike tider vi skal halde fram å organisere den norske målrørsla. 

Eit forsvar av landet vårt handlar også om å ta vare på det vi vil forsvare. Vi vil forsvare eit demokratisk Noreg, med ordskifte og folkestyre og med språkleg mangfald og fridom. Då må vi nettopp ta vår del av ansvaret ved å halde fram arbeidet for nynorsken. 

Det er vår del av totalforsvaret av landet vårt. 


***

Det er sjeldan eg har gleidd meg så mykje til eit landsmøte som i år.

Vi har eit kjempespennande, interessant og underhaldande program, og det skal bli kjekt å vere saman med dykk denne helga.

Når vi reiser heim på sundag, kvar til vårt, håpar eg alle er kveikte til to nye år med målarbeid.

Målsaka er fest og strid om kvarandre. Det er nobelpris den eine dagen og tap i skulemålsrøysting den andre.

Difor er det viktig å halde blikket på målet – i dobbel meining. Vi må sjå den høgare himmelen over alle styremøte, kommunale sakspapir, språkkafear og flygeblad i postkasser.

Vi som er aktive i mållaget i dag, står på skuldrene til menn og kvinner som har kjempa for nynorsken i godt over hundre år. Som har vist vilje til strid. Vi låner organisasjonen vår i eit lite vindauge i ei lang og stolt soge. Vi skal gje både mållaget og nynorsken vidare til nye generasjonar, og saman skal vi sikre den språklege fridomen og berge det språklege mangfaldet for etterkomarane våre.


Tusen takk for at du brukar tida di på Noregs Mållag – for nynorsken og dei norske dialektane.

Takk for at du brukar helga på eit flyplasshotell på Gardermoen – for å meisle ut politikken vi skal kjempe for dei komande fire åra.

Takk for alle seine kveldar, lange møte, purring på medlemspengar og lesarbrev.

Takk, Ivar Aasen for språket du fann og gav oss.

Godt landsmøte!