aktuelt

Leiartalen til landsmøtet 2022

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag

Gode landsmøtelyd!

Det er utruleg fint å sjå dykk. Etter to år med pandemi, smittevern, reiserestriksjonar og digitale møte på Zoom, og Whereby og Google Meet og eg veit ikkje kva dei heiter alle, så er sjølv dei mest generiske flyplasshotella på Gardermoen vakre rammer for godt og viktig organisasjonsarbeid. Landsmøtet i Noregs Mållag er den kanskje viktigaste språkpolitiske arenaen i Noreg. Takk for at du brukar helga di her med oss! Saman er vi mindre aleine!

Då vi ikkje fekk hatt fysisk landsmøte i 2020, sa eg at ingen virus i verda kunne stogge norsk målreising. Det har heller ikkje korona gjort, sjølv om det har prega både livet og arbeidet vårt i over to år. Planlagde aktivitetar og tilskipingar har blitt utsette, avlyste, eller gjort digitale. Det har vore vanskeleg å møtast. Mykje har vore usikkert. Vi har i det store og heile måtta lært oss å drive organisasjonen på ein annan måte enn vi har vore vane med. Digitale møte har blitt ein del av kvardagen; vi har hatt digitale seminar, og jammen fekk vi ikkje til å halde digitalt landsmøte òg. Når vi no endeleg ser ut til å kunne gå tilbake til ein slags normal, så har vi kanskje eitt og anna med oss vidare frå denne tida.

Det vi definitivt har med oss oss vidare frå denne tida, er nye medlemer. I bøtter og spann. Medlemsveksten i mållaget har dei siste åra vore heilt ellevill, på to år har vi blitt to tusen fleire medlemer. I fjor landa vi på heile 15.483. Femtentusenfirehundreogåttitre. Det er det høgste medlemstalet vi har hatt sidan 1985. Å melde seg inn i mållaget er for ein trend å rekne. Medlemene har kome til frå heile landet, i by og bygd. Vi har all grunn til å vere stolte av oss sjølve!

Tusen takk til alle dykk som har verva! Verveinnsatsen i lokallaga har vore heilt fenomenal. Sjølv har eg forsøkt å verve så godt eg kan dei siste åra, ja, eg har endåtil laga tre nye medlemer! Det blir ikkje fleire no, sjølv om eg på eit tidspunkt og i ein svak augneblink leika med tanken på at husstanden berre treng fem medlemer til for å danne eige lokallag i mållaget og få representasjon på landsmøta.

Når eg har vore i permisjon – og når eg skal i permisjon igjen til hausten – er det trygt og godt å ha Synnøve som nestleiar i Noregs Mållag. Ho er ein slags mållagets Ida Wolden Bache – minst like kompetent som mannen som er innstilt til leiarjobben. Men eg er ikkje Stoltenberg. Ikkje har eg tenkt å trekkje meg, og eg har kanskje ikkje særleg til geopolitisk røynsle. Men eg har flinke folk rundt meg, og det er heilt avgjerande for at eg skal kunne jobbe best mogleg for saka – og for organisasjonen.

Med over femten tusen medlemer i ryggen har vi meir makt bak krava i møte med lokale og nasjonale styresmakter. Eg opplever at dei lyttar til oss. Både fordi dei ser oss som ein profesjonell og moderne organisasjon i vekst, og fordi denne veksten viser at vi representerer ei brei folkerørsle. Ei folkerørsle som kjempar for vilkåra til ein av dei aller største nasjonalskattane vi har: nynorsken.

* * *

PASSASJERFLY LETTAR og landar utanfor vindauga våre denne helga. Verda har for alvor byrja å vakne til live att etter to år med korona, men det postpandemiske samfunnet er ingen leik det heller. Kloden kokar, men verda blir kaldare. Det er krig på det europeiske kontinentet. Verda kjem tettare på oss med konfliktar, kriser og krig. Noreg er ei trygg hamn i uroleg sjø med mørke bølgjer: Vi ser eit tungt alvor i Europa. Russland har gått til krig mot Ukraina og knuser landet for å okkupere det. Det ukrainske landet kjempar for landet sitt og for sjølve livet. Dei forsvarer seg og kjempar for folkestyret sitt. Kampen for sjølvstyre i Ukraina er også ein kamp for det ukrainske språket. Dette har professor Alexander Motyl ved Rutgers University i USA skrive interessant om:

Russland har i fleire hundre år undertrykt ikkje-russiske språk og tvinga russisk på ulike mindretal. Tsarane såg på polsk, ukrainsk og litausk som den største språklege trugselen. På 1800-talet var ukrainske tekstar gjort ulovleg to gonger. Det var ikkje forbod mot ikkje-russiske språk i Sovjetunionen, men dei bli pressa ut av ulike yrke, skular og offentlegheita. Det var russisk som gjaldt. Fleire russisktalande ukrainarar seier no at dei vil gå over til ukrainsk og insisterer på å endre skrivemåten på byar og landemerke frå russisk til ukrainsk, som når Kiev blir Kyiv. Det er interessant å sjå korleis Putin sin krig mot Ukraina også har ført til ein slags lingvistisk revolusjon som både samlar og redefinerer den ukrainske språklege identiteten han gjerne vil øydeleggje.

Vi er sanneleg privilegerte som lever og kjempar for språket vårt i eit fredeleg land. Det ukrainske folket krigar no for mange av dei verdiane som målrørsla er bygd på og som er sjølvsagde for oss; at alle skal få delta med røysterett og at ein skal kunne ta eigne, frie val. Folkestyret skal velje og byggje framtida til eit land, med utdanning, språk og eigenart.

Norskdomsrørsla stod i 1905 fremst i kravet om at Noreg måtte frigjere seg frå Sverige og bli ein sjølvstendig nasjon. Delinga av desse to nabolanda opna opp for samarbeid på tvers av grensa mellom Noreg og Sverige, utan at det eine landet stod over det andre.

2022 er frivilligåret, og mållaget er i aller høgste grad ein viktig del av den frivillige sektoren i Noreg. Som organisasjon kan vi bidra ute i lokalsamfunna med å ta godt imot flyktningar. Vi kan bidra. Mange lokallag har mange års røynsle med språkkaféar til dømes, og vi har lenge arbeidd for å sikre at nynorskkommunar som tek i mot og buset flyktningar, gjev både vaksne og born god opplæring i nynorsk – slik at dei enklast mogleg kan bli inkluderte som våre nye naboar – frie frå krigens herjingar.


* * *


DEN 1. JANUAR i år tredde den nye språklova i kraft. Ho opnar eit nytt kapittel i norsk språkhistorie. For første gong er det lovfesta at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, som det minst bruka av dei to offisielle norsk skriftspråka. Denne føremålsparagrafen er historisk, og han forpliktar. Han forpliktar styresmaktene, men også oss sjølve.

I eit samfunn som favoriserer bokmålet, må språkpolitikken aktivt favorisere og forskjellsbehandle nynorsken, heilt til det er like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar.

Dette må også vere eit bakteppe når Noregs Mållag skal skrive nytt arbeidsprogram denne helga. Med rekordmange medlemer i ryggen kan vi rette ryggen og krevje meir. Det er vi som må definere kvar dei viktigaste slaga for nynorsken står. Vi må auke ambisjonsnivået.

Vi må krevje fleire asymmetriske rettar. Rettar som gjeld berre for nynorsken. Berre slik kan vi rette opp i det skeive tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i samfunnet.

Det vi vedtek i dag, må bli offisiell norsk språkpolitikk i morgon.
Det som blir skrive på dette landsmøtet, skal bli lese i stortingssalen og i departementskontora.
Det som blir sagt frå denne talarstolen, skal bli høyrt rundt Kongens bord.


I innstillinga til nytt arbeidsprogram føreslår vi ei rekkje slike offensive tiltak, som i sum vil gje meir nynorsk til fleire. Eg nemner nokre:

– Det må vere to tredjedels fleirtal i kommunestyre for å endre skulemålet frå nynorsk til bokmål.
– Nynorskelevar i vgs, skal få ekstra konkurransepoeng.
– Dei største byane skal ha fast tilbod om nynorskklasse, utan minstekrav til tal elevar.
– Språkdelte lærebøker i norskfaget skal ha like mykje eller meir nynorsk enn bokmål.
– Både den direkte og den indirekte pressestøtta skal favorisere nynorsk.
– Nye lover skal vedtakast på nynorsk til vi når målet om at 25 % finst på nynorsk.

I arbeidsprogrammet ligg det mykje god politikk som vil styrkje nynorsken.

Er slike særtiltak urimelege? Nei, meiner eg.

Dersom føremålsparagrafen i den nye språklova skal bety noko som helst, er det nettopp slike tiltak som må til. Jamstillinga mellom bokmål og nynorsk er i dag berre formell, ikkje reell. Det er berre gjennom målretta tiltak som fremjar og favoriserer nynorsken, vi kan vege opp for alle dei mindretalsulempene nynorskbrukarane møter i kvardagane sine.

For eit par veker sidan fekk vi ei utmelding frå ei som meinte at “no såg ho altså så mykje nynorsk rundt seg, at no fekk det vere måte på”. Sjølv når vi misser medlemer, raknar det for bokmålet. Men vis meg den kommunen som har for mykje nynorsk – og eg lovar deg at mange ville flytta dit – til eit slags nynorskens Bø i Vesterålen. Nei, eg tenkjer vi skal halde fram som vi stemner og jobbe for meir nynorsk i heile Noreg.

* * *

NYNORSKELEVANE er ikkje andrerangselevar, men mange av dei får ei andrerangs lese- og skriveopplæring. Mange lærarar er ikkje kompetente nok, eller kvalifiserte til å undervise i og på nynorsk. I ein skulekvardag som blir meir og meir digital, får nynorskelevane kjenne endå meir på at dei er mindretalsspråkbrukarar når appar, digitale læremiddel, læringsressursar, ja til og med skriveprogram ikkje er på eller forstår nynorsk. At mange av landets 74.179 nynorskelevar i grunnskulen får raude strekar under ord dei skriv rett, er ein regelrett skandale. Mållaget får stadig e-post og telefonar frå fortvila foreldre og elevar som opplever at skulekvardagen i alt for stor grad går føre seg på bokmål – sjølv i tjukkaste nynorskland.

Dette kan ingen ansvarleg kunnskapsminister sitje i ro og sjå på – og første høve til å gjere noko med det er den nye opplæringslova som regjeringa skal sende til Stortinget i løpet av neste år.

Opplæringslova er ei vel så viktig språklov som sjølve språklova. Klasserommet er ein språkpolitisk arena – her blir born nynorskelevar. Men her blir også altfor ofte nynorskelevar bokmålselevar.

Den kanskje viktigaste oppgåva for Noregs Mållag i tida som kjem, er at opplæringslova gjev nynorskelevane ein betre skulekvardag. Ho må ta innover seg at det er vanskelegare å vere nynorskelev enn bokmålselev, og ho må sørgje for at det skeive tilhøvet mellom språka blir jamna ut. Vi var tidleg på bana og kravde språkdelte ungdomsskular og ein fullverdig digital skulekvardag for nynorskelevane.

Då Solberg-regjeringa og dåverande kunnskapsminister Guri Melby frå Venstre sende lova på høyring i fjor, gav dei Mållaget og nynorskelevane den største sigeren på nesten femti år. No skal elevane få rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen. Språkdelte ungdomsskular blir ein realitet. Odda-modellen blir ei nasjonal ordning. Det er verkeleg ikkje kvar dag styresmaktene gjev nynorskelevane nye lovfesta rettar. Støre-regjeringa har skrive inn det same i si regjeringsplattform, og det er eit avklart fleirtal for dette på Stortinget. Dette har vi jobba for og venta på lenge. I 2014 inviterte Noregs Mållag til nasjonalt haustseminar i Ungdomshallen i Odda. I ein tradisjonsrik møtesal med utskjeringar og måleri på veggane og høgt under taket stilte vi spørsmålet: Kan Odda-modellen bli nasjonal politikk? Åtte år, fleire landsmøtevedtak og mykje godt politisk arbeid seinare veit vi svaret.

Det mållaget vedtek på landsmøta sine, blir offisiell politikk – um enn inkje alltid så brått.

Når det gjeld den digitale skulekvardagen, viste Solberg-regjeringa vilje og anerkjende problema, men diverre våga dei ikkje gå heile vegen for at det skal vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev i skulen.
Dei held på dagens formulering om digitale læremiddel – og mange av problema kjem til å vere dei same. Det trengst ein ny og strammare definisjon av læremiddel som inkluderer fleire verktøy og ressursar. Smuttholet i lovteksten må tettast, før det sluker nynorskelevane som badar i bokmål.

Solberg-regjeringa ville også gjere noko med mangelen på skriveprogram som stør nynorsk, men også her blei det berre nesten. Atterhaldet om at eit slikt nynorskkrav berre skal gjelde “så langt som råd”, må bort. Alle de i salen som kjenner norsk skulekvardag, veit kor øydeleggjande desse fire orda er: “så langt som råd”. Nasjonale styresmakter må stille dei krava som må til for at multinasjonale selskap faktisk leverer produkt vi kan bruke.

Sidan lova vart send på høyring, har Guri Melby gjeve nøkkelkortet sitt til Tonje Brenna frå Arbeidarpartiet.

Med nøkkelen til Kunnskapsdepartementet sit ho også med nøkkelen til ei opplæringslov som styrkjer nynorsken.

Førre veke var eg i møte med henne i Kunnskapsdepartementet. Det er ikkje tvil om at vi har ein dyktig kunnskapsminister som ser dei særlege utfordringane nynorskelevane møter. Med medlemskapen i mållaget i orden er det heller ikkje tvil om at ho står på vår side.

Tenkje det, ynskje det, ville det med, men gjere det?
KS vil truleg fortelje henne at eit absolutt krav om nynorsk maskinvare vil tyngje ein krevjande kommuneøkonomi.
Finansdepartementet vil truleg fortelje henne at språkdeling i ungdomsskulen er for dyrt – det er press i økonomien, må vite.
Og kanskje vil ein kommunikasjonsrådgjevar i partiet fortelje henne at nynorsk ikkje flyttar dei store veljarmassane.


I dag kjem Tonje Brenna til landsmøtet vårt. Med krafta frå over 15.000 medlemer og denne møtelyden skal vi sende følgjande bodskap med henne heim:

Den nye opplæringslova må styrkje nynorsken.

Ho må gje nynorskelevane ein betre skulekvardag og ei fullverdig lese- og skriveopplæring. Dei må få rett til opplæring i og på sitt eige språk gjennom heile grunnskulen, og den same retten til og tilgangen på digitale læremiddel og læringsressursar som bokmålselevane har. 

Verre er det ikkje.


Når lova er på plass, må vi passe på at kommunar og fylkeskommunar ikkje trampar på elevane sine språklege rettar. Mellom nyansar av kommunegrått møter nynorsken både bøller og bestevener. Med lov skal landet byggjast, men lovfesta rettar er ikkje verd papiret dei er skrivne på, om dei ikkje blir innfridde fordi skuleeigar gjev blaffen. I fjor var det femti år sidan 30.000 elevar og lærarar streika for retten til nynorske lærebøker i skulen. Vi fekk lovfesting i 1974, men framleis må mange elevar vente på nynorskversjonen av lærebøkene sine. Det kanskje grovaste dømet frå førre skuleår var i Odda, der Vg1 TIF-elevane fekk si siste nynorske lærebok i slutten av mai, berre éi veke før skuleåret var slutt.

* * *


NYNORSK ER FINT I DIKT. Men mellom byfolk og bønder finn vi mange nynorske kvardagsheltar. Nynorske kvardagsheltar som banar veg og viser at nynorsk passar til alt slags bruk. Kringsett av det alminnelege bokmålet må dei ta aktive språkval kvar einaste dag.

Byråkraten som skriv e-post til medarbeidarane sine, mora som skriv melding til skulen om at sonen er sjuk, kjøpmannen som reklamerer for tomatar på tilbod, hotellet som forsøker å lokke til seg gjester. Journalisten som skriv nynorsk i avisa, sjølv om resten av redaksjonen skriv bokmål.

Dei er nynorskfuglar i bokmålsland, for å bruke orda til Dagsrevy-anker Ingvild Bryn.

Dei flyg mot vindretninga, og vi skal gje dei luft under vengjene.

Dei flyg mot vindretninga og viser at det ikkje er ein einaste ting bokmålet kan brukast til, som ikkje nynorsken kan gjere like bra.

Då tidlegare sjef for Etterretningstenesta i Forsvaret, Generalløytnant Morten Haga Lunde heilt naturleg skreiv rapport om terrorfaren i Noreg, gav han språket vårt autoritet og viser at det er eit minst like godt militærspråk som bokmål.

Når jusstudent Solveig Brunvoll ved Universitetet i Oslo – som elles er utsending her i helga – held på nynorsken gjennom studiet og krev respekt for språket sitt, viser ho at nynorsk er eit minst like godt jusspråk som bokmål.

Når biskop Kari Veiteberg brukar nynorsk i Oslo bispedøme, når ho ut til menneske både i djup sorg, tvil og i strålande glede. Ho set ord på viktige kjensler og hendingar i livet. Ho gjer trua nærare for dei som trur, og meir levande for dei som ikkje trur. Og ho viser at nynorsk er eit minst like godt kyrkjespråk som bokmålet.

Når NRK sin europakorrespondent Roger Sevrin Bruland dekkjer kriser og katastrofar, viser han at nynorsk er eit minst like godt pressespråk som bokmål. Han har rapportert om koronaviruset i to år, og før vi andre fekk trekt pusten, stod han midt i ein krig på det europeiske kontinentet. For å formidle sannferdige skildringar av det som skjer. Snakk om å ta nynorsken ut i verda og heim igjen til heile Noreg.


* * *


Noregs Mållag har kome ut på den andre sida av pandemien som ein større og sterkare organisasjon. Vidare vekst og vinning skal kome med oss. Alle vi som er her, står på skuldrene til kvinner og menn som har stridd for målsaka før oss. Sidan førre landsmøte har mållaget rokke å bli 115 år.


Den femte februar i 1906 hadde målfolk frå heile landet samla seg for å einast om det politiske hovudkravet til landsmøtet i Venstre dagen etter. I invitasjonen til dette målmannastemnet var ikkje stiftinga av Noregs Mållag nemnd med eit ord. Men i halv to-tida på natta eskalerte møtet, slik det fort kan gjere på nachspiel i Venstre, og Noregs Mållag vart skipa! Det fanst allereie fleire lokale mållag rundt om i Noreg, og fleire leiande strategar i Oslo meinte at ein ikkje trong nokon nasjonal organisasjon.

Men i Bergen tenkte Johannes Lavik annleis om saka. Han var redaksjonssekretær i Bergens Tidende og aktiv i Vestmannalaget. Han meinte målsaka var ei nasjonal sak, og at det var på høg tid å skipe eit Noregs Mållag. Han hadde vore heilt avgjerande då departementet godkjende den fyrste eksamenen på landsmål, skriven i Bergen fem år før, og det blir sagt at han på veg over fjellet til Oslo kladda dei fyrste vedtektene for Noregs Mållag.

Han og andre må verkeleg ha kveikt målflokken den kvelden. Ut på natta skal lyset ha gått. Då reiste diktarpresten Anders Hovden seg og ropte “Men me har ljos innvertes!” og deretter song forsamlinga Nordmannen som har blitt sunge på kvart landsmøte sidan – sjølv det siste digitale landsmøtet for to år sidan.

Også dette landsmøtet har sunge Nordmannen i helga. Vi har ljos innvertes, og framtida for nynorsken er lys.

Takk for merksemda!