aktuelt

Liv Signe Navarsete og Nils Ulvund er nye heidersmedlemer i Noregs Mållag

Nye heidersmedlemer: Liv Signe Navarsete, Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, og Nils Ulvund. (Foto: Kristianne Marøy)

På festmiddagen på landsmøtet vart Liv Signe Navarsete og Nils Ulvund utnemnd til nye heidersmedlemer i Mållaget. 

Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, held heiderstale til dei nye heidersmedlemene som på kvar sin måte har vore viktige for nynorsken og målsaka.

Heidersmedlemskap er den høgste utnemninga i Noregs Mållag. Heilt sidan 1947 har styret med ujamne mellomrom utnemnd heidersmedlemer.
Det vert gjeve for særleg langt og godt arbeid i og for målrørsla. Utnemninga er for livstid.

Nils Ulvund møtte for fyrste gong i landsrådet i Noregs Mållag i april 2001. I landsrådet møter styret, alle fylkesleiarane og Norsk Målungdom. På akkurat dette landsrådsmøtet møtte det også ein postmann. For når Nils Ulvund skulle presentere seg, var han nøye med å fortelje at fylkeslaget Nordmøre Mållag ikkje hadde vald ein leiar, men ein postmann. Ein adressat for post til mållaget. Han har sjølv skrive inn tittelen (som eg trur han var sterk medverkande til å gje seg sjølv) i årsmeldinga for fylkeslaget det året.

Det kan hende minnet sviktar oss, men likevel, vi trur Nils Ulvund siterte den bengalske lyrikaren, Rabindranath Tagore, allereie på sitt fyrste landsrådmøte: 

«Eg drøymde at livet var glede. Eg vakna og fann det var plikt. Eg gjorde mi plikt – og fann at livet var glede.»

Desse orda har Nils sitert mange gonger etter dette, og eg trekk dei fram i denne heiderstala fordi det seier så mykje om Nils. Han har gjort si plikt for målsaka (og kanskje langt meir enn det som er venta), samtidig som han har gledd seg over arbeidet og gledd seg når han har fått vere med på gode initiativ for nynorsken og målsaka. 

Nils Ulvund har bakgrunn som lærar og bonde. Han har hatt mange verv i Mållaget. Den lengste arbeidsøkta har vore for Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag. Der vart han leiar frå 2000 og seinare leiar for lokallaget for heile kommunen: Sunndal Mållag. I 2001 vart han leiar i Nordmøre Mållag og har gjennom åra skifta på rollene både som leiar, skrivar og kasserar, og er no framleis ein ressursperson og diskusjonspartnar for noverande leiar, og medlem i valnemnda. Sentralt møtte han i styret i Noregs Mållag frå 2003 til 2007. Fyrst som fyrste varamedlem, deretter som nestleiar eitt år, og så styremedlem til 2007. 

Hausten 2005 gjekk dåverande leiar Steinulf Tungesvik av på dagen for å bli statssekretær i Stoltenberg 1-regjeringa. 

Det var ikkje rett fram kven som skulle overta som leiar. Og det er kanskje då vi best ser pliktkjensla til Nils Ulvund stå fram: «Også vi, når det blir krevet», som det heiter i nasjonalsongen. For når Nils Ulvund vart spurd om å overta som leiar, så gjorde han det. Han vart leiar hausten 2005, og leia Noregs Mållag inn i jubileumsåret 2006. 

I fleire år var 100-årsjubileet til Noregs Mållag planlagt. Til leiarvervet låg det då å vere vertskap for mottakinga på Det Norske Teatret, med kong Harald og kronprins Haakon Magnus som gjester, i tillegg til fleire statsrådar frå regjeringa. Det var nasjonal pressekonferanse, boklansering og jubileumslandsmøte der heile det politiske Noreg var på helsingslista, for å nemne noko.
Nils Ulvund hadde ikkje olboga seg fram for å ta denne leiarposisjonen, men når han fekk den, vart det verdig og rett.

Den lange arbeidsøkta har vore i Sunndal Mållag og i lokalt arbeid på Nordmøre. Og dette er ein av dei stadane i landet der nynorsken treng forkjemparar. Det har vore stadnamnprosjekt, fleire språksseminar saman med kommunen, pubkveldar, eigen barnehagedag for alle barnehagetilsette med 90 deltakarar, prosjekt for å hindre språkbyte frå ungdomskule til vidaregåande skule, det har vore arbeidd med avisspråket, kommunespråket og ein solid innsats for nynorsk og dialekt i barnehagar og skulen, for å nemne noko. 

Dei siste ti-tolv åra har Sunndal Mållag gjort ein enorm innsats for å skipe til språkkafear for flyktningar og innvandrarar. Språkkafe i Sunndalen kan også bety å ta seg ein tur på fjorden i båt for å fiske og lage til fisken saman etterpå. Godt språkarbeid for å sikre integrering og inkludering av alle som som kjem til Noreg som innvandrarar er noko av det viktigaste og mest samfunnsbyggjande vi kan gjere, og i dette arbeidet har Nils teke ein for laget.

Her vil eg nemne eitt tal som illustrerer innsatsen: Nils Ulvund og Sunndal Mållag har gjennom 10 år fått godkjent utrulege 1 741 studietimar til dette arbeidet. Til samanlikning hadde resten av Mållaget usle 1 268 studietimar i same perioden. 

Nils er det vi kan kalle ein klassisk bygdelærar, men fyrst og fremst er han bonde: Han dreg gjerne fram korleis vi må dyrka, så, slå og hesja slik at jordsmonnet vert best mogleg  – i målarbeidet.

Eit særmerke i arbeidet til Nils Ulvund har vore evna til å drage med seg folk, same kva bakgrunn dei måtte ha. For å skildre Nils i ei setning, vil eg bruke Arne Garborg sine eigne ord: Me byggjer det gode i oss, når me gjer det gode ikring oss.

***

Deretter vart det klart for neste utdeling av heidersmedlemsskap:

Tale til ny heidersmedlem: Liv Signe Navarsete 

Eg lova dykk utnemning av to heidersmedlemer. Den andre nye heidersmedlemen er: Liv Signe Navarsete. 

Liv Signe Navarsete har vore kommunestyremedlem både i Sogndal og seinare Lærdal, fylkestingsmedlem i Sogn og Fjordane, fylkesleiar, nestleiar og deretter partileiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014, samferdsleminister i fire år frå 2005 og deretter kommunal- og regionalminister i fire år, fram til den raudgrøne Stoltenberg 2-regjeringa gjekk av hausten 2013. Ho har vore innvald som stortingsrepresentant i fire periodar og har vore statsforvaltar i Vestland frå 2022 til ho no gjev seg i september i år.

Den 24. januar 2012 gjekk dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen ut og sa at ho vil «nedtone» sidemålsordninga. Det er politikarspråk for å kutte sidemålskarakteren. Ho fekk straks støtte frå fleire hald og frå stortingsrepresentantar frå Ap og AUF. Allereie same dag gjekk Liv Signe Navarsete ut i ei NTB-melding og forsikra om at saka ikkje hadde vore handsama i regjeringa, og at ho ville stå på for nynorsken. Ikkje minst gjorde ho det klart at siste ord ikkje var sagt i saka.

Dét er det ikkje alle rundt Kongens bord som ville gjort; som ville ofra politisk kapital for det dei sjølve tenkte var rett – i eit spørsmål som mange vil omtale som lite. Men vi veit at sidemålskarakteren er avgjerande for nynorsken sin plass i skulen, og såleis i samfunnet. Det visste også Liv Signe. Ho valde å leggje heile si politiske tyngde inn i spørsmålet.

Noregs Mållag var raskt ute og erklærte kamp for sidemålsordninga og nynorsken. Men i møte med ein bestemt kunnskapsminister, som tydeleg ville leggje vekt bak krava og ei framstilling i pressa som om dette var ei tapt sak, var det svært godt for Mållaget å sjå ei så solid og ektefølt støtte som den vi fekk frå Liv Signe Navarsete.  

Det er blitt sagt om dei beste politiske strategane at dei tek dei kampane dei kan vinne og dei kampane dei må vinne. For Mållaget er sidemålsordninga ein kamp vi må vinne, og då kjennest det tryggare å ha Liv Signe Navarsete på laget. Liv Signe Navarsete har verkeleg vore i den politiske toppdivisjonen i Noreg. Som partileiar for Senterpartiet og åtte år som statsråd i regjeringa Stoltenberg, har ho vore svært tett på makta, enten om det var i dei lukka møteromma i regjeringa eller i maktas korridorar. Det er ikkje tvil om at nynorsken har mange vener. Men det er få av dei, om nokon, som har vore så sentralt plassert som Liv Signe Navarsete. 

Gjennom heile politikarkarriera til Liv Signe finn vi kvart år mange pressetreff på nynorsk og Liv Signe Navarsete. Det er tydeleg at ho har hatt nynorsken med som politisk sak i arbeidet sitt. Den absolutte toppen var likevel i 2012. Då hadde ho langt fleire presseoppslag om nynorsken enn kunnskapsministeren sjølv. Eitt av dei stunta som skaffa mykje blest til saka var då ho og dåverande miljøminister Bård Vegard Solhjell frå SV sang på ein video laga av «Torsdag kveld fra Nydalen» med Sigrid Bonde Tusvik, Herborg Kråkevik og Odd Nordstoga. Der song dei litterære, høgkulturelle strofer som «Meld deg inn i mållaget, ditt bokmålsrasshøl». Dei la til: «Det kan gjerast på nett».

Noregs Mållag verva over 2000 nye medlemer, og etter kvart vedtok SV at dei var usamd med sin eigen minister og ville stø nynorsken. Høyringsrunda synte brei støtte til nynorsk og sidemålet, og saka landa der ho skulle året etterpå. Med nokre endringar var sidemålsordninga i behald. Vi kjenner oss trygge på at vi ikkje ville vunne saka utan Liv Signe.

På dette landsmøtet har vi vedteke støtte til grunnlovsforslaget som no ligg i Stortinget, om å grunnlovsfeste likestillinga mellom nynorsk og bokmål. Det er andre poltikarar enn Liv Signe som no skal røyste for dette i Stortinget, men det var Liv Signe Navarsete, som den fyrste rikspolitikaren, som tok til ordet for dette på sjølvaste 200-årsdagen til Ivar Aasen, 5. august 2013. Til Bergens Tidende sa ho: «Eit slikt grep vil eliminere diskusjonen om plassen til nynorsk og bokmål i samfunnet».

Det går ein raud tråd frå dei første mektige målmennene som kjempa for nynorsken frå sine posisjonar i nasjonalforsamlinga, og til Liv Signe Navarsete: Ei sterk målkvinne frå Sogn.

Liv Signe Navarsete er eit politikarførebilete. Ho har eit varmt hjarte og eit ekte engasjement for distrikts-Noreg, og då også nynorsk-Noreg. Ho har vore ein tydeleg politikar, med eit vinnande vesen. At ho har halde så tydeleg på den flotte sognedialekta har bidrege til truverdet. Liv Signe lar seg ikkje slipe ned. Det er mange som har prøvd å jekke henne ned, både blant politiske motstandarar og pressefolk, og det er mange som ikkje har greidd det. 

Eg er sjølv frå Sogn og Fjordane, frå eitt heilt anna parti enn Liv Signe, men eg trur absolutt eg har mine ord i behald: at svært mange i Sogn og Fjordane har følt seg representert av og sett av Liv Signe. Eg òg har det. 

Liv Signe Navarsete nådde toppen av norsk politikk utan å gje slepp på nynorsksaka. For nynorsken og målsaka finst det ikkje betre politikartype å ha på sitt lag. Med denne evna til å bite seg fast og aldri gje slepp.

Det slaget for sidemålsordninga du vann då du sat i regjering har blitt ståande. No veit vi at vi kan stå framfor eit nytt sidemålsslag. 

Som du veit – og vi veit, dette er ein kamp vi må vinne! 

Difor tek eg med meg, og har med i hjartet, alt du har gjort for oss og målsaka, Liv Signe. Og finn inspirasjon i det pågangsmotet, den gjennomføringskrafta og det engasjementet som du har vist for nynorsken.

Målstriden er som ein stafett. Vi gjev vidare både tapa og sigrane våre til nestemann. Takk for sigrane på di etappe, Liv Signe.