Språkpolitikken til partia
På denne sida har vi samla språkpolitikken partia går til val på i 2025. Politikken står akkurat slik han gjer i partiprogramma til partia.
Framstegspartiet
Partiprogrammet til FrP finn du her.
Grunnutdanningen
Godt språk er viktig. Hovedvekten må legges på norskundervisningen, og opplæring i sidemål og andre fremmedspråk enn engelsk må være valgfritt.
- FrP vil sikre valgfri opplæring i sidemål og andre fremmedspråk enn engelsk.
Videregående utdanning
Opplæring i sidemål og andre fremmedspråk enn engelsk må være valgfritt.
- FrP vil ha valgfri sidemålsundervisning i videregående utdanning.
Modernisering av offentlig sektor
- FrP vil fjerne krav om sidemål i det offentlige.
Oppdatert 23. mai 2025
Avisklypp frå VG: Listhaug krever utdanningsministeren
Avisklypp frå Aftenposten: Nynorsk skal skrotes og bane vei for privatøkonomi som eget fag
Høgre
Partiprogrammet til Høgre finn du her.
Videregåande opplæring
- Høgre vil redusere talet på standpunktkarakterar i norsk, slik at det blir éin karakter i norsk skriftleg og éin karakter i norsk munnleg i ungdomsskulen og vidaregåande skule, under dette ikkje ha eigen eksamen i sidemål.
Norsk kulturarv og språk
God språkforståing er viktig for å forstå samfunnet, og det er den viktigaste kulturelle fellesmarkøren vår.
- Høgre vil byggje opp under både bokmål og nynorsk som skriftspråk.
Oppdatert 13. juni 2025
Arbeidarpartiet
Partiprogrammet til Ap finn du her.
Kultur: en kultur å leve av og for
Arbeiderpartiet skal føre en aktiv språkpolitikk. Nynorskens stilling i det norske språk skal
styrkes, og nynorsk språk og kulturuttrykk skal sikres gode utviklingsmuligheter.
- Ta vare på kulturarven. Kulturminner, kulturmiljøer og verdensarvsteder har betydning for folks identitet og er en viktig del av vår kulturarv. Vi skal ta vare på den materielle og immaterielle kulturarven, styrke museene, ivareta håndverkstradisjonene og sikre en god språkpolitikk.
Mer og bedre læring
- Arbeiderpartiet vil sikre at lærerutdanningen gir kompetanse til å undervise i og på nynorsk
Oppdatert 3. mai 2025
Venstre
Partiprogrammet til Venstre finn du her.
Kultur
Språk er grunnlaget for frie ytringar. Venstre vil styrke norsk som samfunnsberande språk og ta vare på det norske språkmangfaldet. Begge dei to norske skriftspråka, bokmål og nynorsk, skal vere breitt representert i samfunnet, slik at det er like enkelt å bruke det eine som det andre.
Venstre ønskjer eit breitt utval av litteratur på alle norske skriftspråk og vil oppretthalde mangfaldet i bokhandelen.
- At allmennkringkastarar som NRK og TV2 skal ha like og skjerpa språkkrav, også på nett.
- Styrke nynorsk og samisk skriftkultur, og andre kulturuttrykk.
Grunnskule
- Venstre vil styrke sidemålsordninga i skulen, mellom anna ved å byrje ho tidlegare.
- Venstre vil sørgje for at det blir laga meir undervisningsmateriell på samisk og dei andre minoritetsspråka i Noreg, og sikre lik tilgang på digitale læremiddel og læringsressursar i begge målformer.
Vidaregåande opplæring
- Venstre vil behalde ein eigen karakter i sidemål.
Oppdatert 2. juli 2025
SV – Sosialistisk Venstreparti
Partiprogrammet til SV finn du her.
Kultur og idrett
Kulturelt og språkleg er Noreg eit lite samfunn, under sterkt press frå den massive angloamerikanske konsumkulturen. SV ser det som ei hovudoppgåve å styrkje norsk språk og kultur.
- SV vil sørgje for gode vilkår for demokratisk deltaking for brukarar av begge målformer gjennom ein aktiv politikk for nynorsk.
Den digitale makta til fellesskapen
- SV vil sørgje for at språkteknologien tek omsyn til dei norske skriftspråka og talemåla.
Ein praktisk og variert skule for alle
- SV vil sikre ei god sidemålsopplæring med eigen karakter i ungdomsskule og i studieførebuande opplæring, og sikre at nynorskelevar har like gode vilkår i skulen som bokmålselevar.
Oppdatert 13. juni 2025
Senterpartiet
Partiprogrammet til Sp finn du her.
Utdanning og forsking:
Nynorsk og bokmål er likestilte målformer i Noreg. Senterpartiet meiner at begge skrifttradisjonane skal sikrast. Dette krev ein særskild innsats for å styrkje det nynorske skriftspråket. På ungdomssteget og i vidaregåande skule skal det vere obligatorisk opplæring i begge målformer med eigen standpunktkarakter og eksamen i hovud- og sidemål. Det må setjast av nok midlar til utviklinga av nynorske læremiddel og læringsressursar, og alle læremiddel og læringsressursar må liggje føre på nynorsk og bokmål på same tid.
Høgare utdanning:
– Styrke norsk som fagspråk på nynorsk og bokmål. Tilsette ved norske universitet og høgskular har eit særleg ansvar for å utvikle, halde ved like og formidle eit godt norsk fagspråk.
Kultur, idrett og frivilligheit:
Senterpartiet vil sikre den norske kulturarven, og verne og styrkje språka Noreg har eit spesielt ansvar for. Det norske språket er under press frå engelsk på mange område i samfunnet. Det må derfor gjerast ein sterk innsats for å sikre og styrke norsk språk, både bokmål og nynorsk.
Oppdatert 3. mai 2025
Raudt
Arbeidsprogrammet til Raudt finn du her.
Kultur
- Raudt vil auke støtta til NRK Nynorsk mediesenter, NTB Nynorsk pressekontor og Nynorsk avissenter.
- Raudt vil at nynorsk og bokmål skal vere likestilte språk på alle samfunnsområde i Noreg. Ei reell likestilling mellom skriftspråka skal grunnlovfestast.
- Raudt vil at alle statlege verksemder skal vera omfatta av Språklova, og at ho blir handheva strengare.
- Raudt vil at NRK skal halde på kravet om minst 25 % nynorsk på alle plattformer.
- Raudt vil auke bruken av nynorsk i statsforvaltinga.
- Raudt vil ha ei målsetjing om at alle riksdekkjande medium skal opne for å nytte nynorsk journalistikk.
Skule
- Raudt vil at nynorskundervisinga må styrkjast gjennom positive forsøk, og at det blir oppretta nynorskklassar der det er grunnlag for det. Lærarutdanninga må sikre gode nynorsklærarar. Retten til nynorskklasse skal utvidast til å gjelde ut grunnskulen.
- Raudt vil at alle læremiddel må gjerast tilgjengelege på begge skriftspråka. Læringsplattformer og programvare skal alltid ha norsk språk som ei mogleg innstilling.
Oppdatert 13. juni 2025
KrF
Partiprogrammet til KrF finn du her.
Språk og litteratur
Me må aktivt sikra gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to likestilte målformene i norsk.
- Kristeleg Folkeparti vil sikra ei reell likestilling mellom bokmål og nynorsk i Noreg. Eit språk i mindretalsposisjon har eit vanskelegare utgangspunkt enn eit språk som blir nytta av fleirtalet. Det må derfor vera ei prioritert oppgåve å løfta statusen til nynorsk som bruksspråk, og fjerna hindringar som nynorskbrukarar møter.
Grunnskule
- Kristeleg Folkeparti vil behalda eigen karakter i norsk sidemål, hovudmål og munnleg.
Oppdatert 13. juni 2025
Miljøpartiet Dei Grøne
Partiprogrammet til MDG er lagt ut her: (det kan framleis kome opprettingar)
2.2.6 FORSKNING
Styrke arbeidet og videreutviklingen av norsk fagspråk i akademia.
4. DEMOKRATI FOR ALLE
Likestilling mellom nynorsk og bokmål må realiseres, og norsk tegnspråk må bli en naturlig del av samfunnet.
4.12 SPRÅK
1. Grunnlovsfeste jamstillingen mellom bokmål og nynorsk.
11. Styrke bruken av nynorsk i offentlig kommunikasjon for å gjøre den reelt likestilt med bokmål.
13. Håndheve og styrke elevenes språklige rettigheter, og sikre at både digitale og fysiske læremidler skal gjøres tilgjengelige parallelt på begge målformer.
14. Jobbe for at studenter går ut av lærerutdanningene med kompetanse til å undervise i og på nynorsk, og at lærere har tilgang på etter- og videreutdanning som styrker deres kompetanse i nynorsk.
5.5 INTEGRERING OG INKLUDERING
7. Sikre videre utvikling av nynorskspråklige læremidler og læringsressurser for voksne innvandrere, og yrkesrettet språkopplæring som helsenorsk.
Oppdatert 2. juni 2025