Nynorsk i næringslivet

Noregs Mållag er opptekne av å gje ros til verksemder som nyttar nynorsk. Desse verksemdene er med på å gjera det lettare å bruka og å læra seg nynorsk for både unge og vaksne. For mange norske verksemder nyttar bokmål, sjølv i nynorskområde.

Kva kan lokallaga gjera?
Me oppmodar lokallaga om å ta bilete av verksemder som nyttar nynorsk, og merkja dei med emneknaggen #nynorskverksemd i sosiale medium. De kan også senda oss tips på e-post.

Verksemdene får eit “Nynorsk verksemd”-klistremerke og skrytebrev i posten, med ein manual for godt marknadsføringsspråk på nynorsk. Nokre lag deler også ut nynorsk-prisar til lokale verksemder.

Vil de i lokallaget ha klistremerke? Send melding til Erik Grov.

Seks grunnar til å velja nynorsk i næringslivet

Det styrkjer den lokale tilknytinga
Når du tevlar om merksemda i ein marknad, er det viktig å skilja seg ut. Det kan vera god pris, fin parkeringsplass eller eit godt namn. Noko anna kan vera lokal tilknyting. Ved å nytta nynorsk syner du fram kvar du kjem frå, både lokalsamfunnet og regionen. Det vil skilja merkevara/verksemda frå dei store nasjonale kjedene.

Du knyter deg til positive verdiar
Nynorsk blir sett på som noko ekte, noko trygt, noko som har ein lang tradisjon. Ved å bruka nynorsk kan du knyta verksemda til desse verdiane. På same måte vil merkevarer som er marknadsførte i nynorsk språkdrakt, bli knytte til desse verdiane. Difor ser ein ofte at til dømes økologiske matvarer blir marknadsførte på nynorsk. Lerum er eit døme på ein stor nasjonal aktør som nyttar denne tankegangen.

Du er ærleg
Det er viktig at kundane trur på marknadsføringa. Dei ynskjer ikkje å bli lurte. Ved å nytta nynorsk kan du syna at du ikkje prøver å gjera anna enn å selja eit godt produkt. Du prøver ikkje å gjera deg større enn det du er. Arne Braut på Jæren sel gjødselprodukta ”Dasskrut” og ”Plenkrut” og freistar ikkje å få folk til å tru at det er noko anna. Difor trur kundane på han når han samstundes seier at det fungerer.

Du får positiv merksemd
Det er mange verksemder som går over til å bruka nynorsk. Grunnane kan vera mange, men mange fortel om positiv merksemd om språkvalet. Ved å flagga ei slik endring syner du ei levande, dynamisk og uredd verksemd. Då Hotell Alexandra i Loen ville byta språk, mangla det ikkje på åtvaringar. Men hotellet opplevde tvert om at folk reagerte positivt og at hotellet kunne skilja seg ut i kampen om kundane.

Verksemda får eit medvite forhold til språk og kommunikasjon
Verksemder som gjer eit aktivt val ved å velja nynorsk, har òg eit aktivt forhold til språkbruk og kommunikasjon. Dei tilsette blir opptekne av rettskriving og dei blir medvitne om at tekst er meir enn tilfeldig kommunikasjon. Dei kan leita etter ord og uttrykk som dei har i dialekten.