Lokalvalkampen 2023

Det viktigaste arbeidet for nynorsken blir gjort lokalt, og difor vil vi at partia forpliktar seg gjennom valprogrammet til å fylgje opp dette.

Frå januar 2022 fekk Noreg ei ny språklov. I føremålsparagrafen står det at offentlege organ: «har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.» Kommune- og fylkestingsvalet i 2023 blir det første etter språklova vart sett i kraft. Difor er det no tid for å utvide nynorskpolitikken i partia.

Dette er dei viktigaste lokalpolitiske sakene i den komande perioden. 

Fylkesnivået:  

Språkbruksplan

Fylkeskommunen bør lage ein språkbruksplan. Planen skal sikre nynorsk og nynorskbrukarar på ein god og føreseieleg måte.

Skulemålsplan

Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa i den vidaregåande skulen. Det er mellom ungdomsskulen og den vidaregåande opplæringa flest elevar skiftar frå nynorsk til bokmål. Det er viktig at fylkeskommunen har ein medviten språkpolitikk for at det skal vere like lett å vere nynorskelev som bokmålselev og dermed å hindre språkskifte. 

Kommunenivået: 

Språkbruksplan

Kommunen bør lage ein språkbruksplan. Planen skal sikre nynorsk og nynorskbrukarar på ein god og føreseieleg måte.

Digitale læremiddel på nynorsk!

Nynorske klasserom vert fylte opp av digitale læremiddel på bokmål som skulle vore stoppa i døra. Opplæringslova gjev kommunane ansvaret for at elevane får læremiddel på sitt eige språk, og den retten må kommunane ta på alvor. Læremiddel som berre kjem på bokmål, er like ulovlege i nynorsk- som i bokmåls-klasserom. Kommunen som skuleeigar bør arbeide målretta for å sikre elevane nynorske læremiddel, læringsressursar og skriveprogram. 

Språkdelt ungdomsskule

God språkopplæring kjem ofte langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordele elevar i klassene. Dette råkar nynorskelevane i dei kommunane som har språkblanda skular. Din kommune bør sikre at nynorskelevane får gå i eigne nynorskklasser på ungdomsskulen.

Nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar 

Alle nynorskkommunar bør ha nynorsk som opplæringsspråk for vaksne innvandrarar. At dei vaksne får opplæring på det same språket som borna i ein kommune, og på same språk som all kommunal informasjon vert formidla på, er ein viktig føresetnad for å kunne verte ein del av det lokalsamfunnet ein bur i. Vedtak om å skifte frå bokmål- til nynorskopplæring bør bli lagt til kommunestyret. 

Språk i barnehagen

Det er ekstra viktig at born i barnehagen som seinare skal bli nynorskelevar, møter nynorsk språkstimulering i barnehagen, og ikkje bokmål. Barnehageborn skal møte nynorsk og dialekt gjennom språkstimulering, opplesing, litteratur, leik, rim, regler og song. 
Det er viktig å tilby kurs til dei tilsette, og når barnehagane i kommunen skal lage ny lokal rammeplan, er det viktig å skriftfeste at barnehagane har eit språkoppdrag. 

Fast nynorskklasse

Det bør innførast  fast tilbod om nynorskklasse i større byar, utan minstekrav til elevtal. 

Nynorskbad for elevane

Barn og unge badar i bokmål døgnet rundt. For å skape trygge språkbrukarar må ein sjå språket i bruk rundt seg. Difor er det naudsynt med ei mengde tiltak for å skape eit nynorskbad for unge. Det kan ein blant anna gjere gjennom å kjøpe inn nynorskbøker til skulebiblioteka, at skular tingar klassesett med Norsk barneblad og/eller Framtida Junior, sikre at tilbod frå Den kulturelle skulesekken er på nynorsk, gje tilbod om kurs til lærarar og at ein for elevar med bokmål som hovudmål gjennomfører positive sidemålsforsøk. Biblioteket i kommunen kan også spele ei rolle gjennom at ein set forventingar til at dei gjer formidlar den gode nynorske barne- og ungdomslitteraturen synleg og lett tilgjengeleg.


Innspelsark for nynorsk- og nøytrale kommunar

Innspelsark for bokmålskommunar