aktuelt

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

Tale til ordførar Eva Vinje Aurdal ved tildeling av Målblome frå Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag 

Det var verdt det!

Slik kommenterte Eva Vinje Aurdal at nynorskspørsmålet heldt på å koste ho ordførarvervet i Ålesund kommune. Ho vann både makta og nynorsken – og har sidan 2019 styrt verdas største nynorskkommune.

Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står Eva Vinje Aurdal som ei raud Ap-rose. Ho la hovudet på blokka for eit tospråkleg Ålesund, og sigra.

Det skal ho ha takk for!

Ho var ikkje åleine, men stod fremst i rekkja av menn og kvinner som forstod at om nye Ålesund skulle lukkast som den viktige byen han er og bør vere, måtte han forstå og respektere sitt eige omland, og menneska som bur og lever i den nye storkommunen.

Frå toppen av byfjellet Aksla kan ein nyte ein av få reelt urbane tettstader på Vestlandet, kringsett av eit nynorsk omland så langt auga kan sjå. Dette er bakkane og berga og havet Ivar Aasen sjølv skreiv om. Ålesund er ikkje kringsett av fiendar, men er byen med stor B for langt fleire enn dei som bur i gåavstand til Keiser Wilhelms gate. 
Det var dette vidsynet Eva Vinje Aurdal tok med seg inn i bypolitikken i Ålesund. Ho stod last og brast ved intensjonsavtalen, i nordvestlandsk storm og støy. Ho rokka ikkje ved tilliten på tvers av gamle grenser når det nye skulle bli til.

Ho hadde historia med seg og framtida føre seg når ho varda vegen den nye kommunen skulle gå. Fem kommunar med ein sterk nynorsktradisjon skulle bli eitt med ein bykommune som hadde vore tospråkleg i skulen i over femti år, og med ein meir enn hundre år gamal tospråkleg kulturtradisjon.

Eva Vinje Aurdal har bidrege til å auke statusen til nynorsken, løfta han fram og gjort det litt enklare å vere nynorskbrukar i ein kvardag dominert av bokmålet. Språkplanen bystyret har vedtatt, sikrar at Ålesund står fram som ein nynorskkommune, og er i praksis ei stadfesting av ein reelt tospråkleg kommune. Innbyggjarane får sjå nynorsk frå kommunen sin, tilsette er frie til å skrive nynorsk om dei vil. Skjema og liknande er tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål, og alle som bur i byen får snakke med kommunen på språket sitt.

Det er vanskeleg å uttrykkje tydeleg nok kor viktig nynorskkommunen Ålesund kan bli og kor viktig Eva Vinje Aurdal har vore for at den skulle bli til.

Nynorsken har vind i segla i fleire av dei største byane i Noreg. Det har vi sett i både Bergen, Oslo og Stavanger dei siste åra. Eva Vinje Aurdal opna vindauga og let vinden blåse inn også på rådhuset i Ålesund.

Det lokale bokmålsveldet brast, støyen frå debattspaltene i Sunnmørsposten har stilna, og kommunen har vist at nynorsken har ein naturleg plass i Ålesund. Til inspirasjon for resten av byen og andre større kommunar. Å velje å vere ein såkalla “språknøytral” kommune er i praksis ei likesæle til alle språkvala både det offentlege og innbyggjarane må ta kvar einaste dag. Ålesund kommune valde annleis.

Den opphavlege vindstyrkeskalaen til Francis Beaufort hadde kvalitative skildringar av effekten vinden hadde på seglføringa, frå “akkurat nok til styrefart” til “det som ingen segl kan tole”. Nynorskvinden i Ålesund er akkurat nok til at det blir enklare å vere nynorskbrukar, men er likevel slik at alle kan tole den.

Etter tre år kan vi slå fast: Det var verdt det.

Som takk for den viktige jobben for nynorsken i Ålesund blir ordførar Eva Vinje Aurdal tildelt Målblome av styret i Noregs Mållag.