aktuelt

Målblome til Åsmund Snøfugl

Utdeling av Målblome til Åsmund Snøfugl. Frå venstre: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Åsmund Snøfugl og Espen Tørset, påtroppande styremedlem i Noregs Mållag og leiar i Trønderlaget. (Foto: Kristianne Marøy)

Som redaktør, typograf, forleggjar og forfattar har Åsmund Snøfugl arbeidd for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag.

På kulturkvelden fredag kveld på landsmøtet fekk Åsmund Snøfugl Målblome frå Noregs Mållag. Påtroppande styremedlem Espen Tørset stod for sjølve utdelinga, saman med Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Espen Tørset sa dette i tala til Åsmund Snøfugl:

Gjennom livet har redaktør, typograf, forleggjar og forfattar Åsmund Snøfugl arbeidd for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag. Det viktigaste verkemiddelet har gjennom heile livet vore nettopp å ta i bruk nynorsken i aviser og bøker, og å vere til stades i kvardagen til trønderane.

Åsmund Snøfugl er ein gründer. Han har starta opp fleire verksemder enn dei fleste.
Frå 1968 til 1984 var han redaktør for det nynorske magasinet Bygdebrevet saman med faren Johan Snøfugl. I 1979 skipa Åsmund Snøfugl saman med kona Anne Sveberg lokalavisa Melhusbladet og Åsmund vart sjølv redaktør. I 1986 gjekk Gauldalsposten med i avisa og den fekk namnet Trønderbladet. Åsmund Snøfugl heldt fram som redaktør i 10 år til 1996. I 1993 blei Trønderbladet kåra til årets lokalavis, og Landslaget for Lokalaviser (LLA) gav han i 1996 heidersprisen. Åsmund har i to periodar vore leiar i Landslaget for Lokalaviser.

I 2001 starta han opp endå ei avis. Denne gongen var det den heilt lokale vekeavisa Gaula. Avisa er først og fremst kjend for det dei kallar «småplukk på side 4», der Snøfugl skriv småstubbar om slekter og lokalhistoriske hendingar frå Gauldalen. Alle desse avisene har hatt langt meir nynorsk på trykk enn dei andre avisene i Trøndelag.

Åsmund Snøfugl etablerte forlaget Snøfugl forlag i 1972. Sidan den gong har han gjeve ut nærare 500 bøker. «Det har gått rundt, det er hobby, arbeid og ei glede» sa han til Norsk Tidend i 2016. Mange av bøkene har vore viktige for lokal kultur og språk. Bøkene har vore både på nynorsk og bokmål, men med langt fleire nynorske titlar enn andre lokale forlag i Trøndelag. 

Trønderlaget gav deg Trøndersk målpris allereie i 2001 og no vil vi gje deg Målblome. Åsmund Snøfugl har hatt både skaparglede og skaparkraft – og vi er takksame for at denne krafta har kome nynorsken til gode!