Målblome til Erketunet gardbakeri

Oslo mållag har tildelt Målblomen 2025 til Erketunet gardsbakeri i Oslo. Dei får prisen som ein heider for særskild innsats for det nynorske språket.
– Erketunet gjer nynorsken synleg i eit bymiljø der bokmål dominerer, og bidreg til å halda språket levande i kvardagen til folk, også her i Oslo, seier Tone Dahl, leiar i Oslo mållag.
Erketunet gardsbakeri opna på Rådhusplassen i Oslo i juni 2024. Eigaren, Jenny-Marie Håland, starta opp det første bakeriet på Erketunet gard i Sunnfjord, før ho utvida verksemda til hovudstaden. Nynorsken fekk vere med på flyttelasset – og har fått ein naturleg plass også i Oslo-bakeriet.
Bakeriet brukar konsekvent nynorsk i både drift, kundekontakt og marknadsføring. Det gjer Erketunet til eit sjeldan og prisverdig unntak i byen, og eit føredøme for andre.
– Oslo mållag takkar for innsatsen, og oppmodar dykk til å halda fram det gode arbeidet. De er ei inspirasjonskjelde og særs verdige mottakarar av Målblomen, seier Tone Dahl.