aktuelt

Målblome til politisk redaktør Sølve Rydland og Bergensavisen

Sølve Rydland og BA får Noregs Mållag sin Målblome for å gje nynorsken større plass i ei avis og ein by som er dominert av bokmål.

Målblomen vart delt ut i redaksjonslokala til BA i Bergen sentrum tysdag 11. juni. Her kan du lesa talen som blei halde av Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, under utedelinga:

Nynorskbrukarane må sjå språket sitt, også i avisene. Difor er det svært gledeleg at Bergensavisen (BA) har opna for nynorsk på redaksjonell plass. Sølve Rydland sin nynorske penn er viktig.

Ingen kjenner Bergen som BA, og i Bergen bur det både bergensere og bergensarar. Alle får dei no jamleg lese nynorske kommentarartiklar frå politisk redaktør Sølve Rydland – som har halde på nynorsk som arbeidsspråk etter at han blei tilsett i BA.

Sjølv om BA framleis er ei bokmålsavis, reflekterer avisa no det språklege mangfaldet som finst i Bergen. Frå tid til anna kan lesarane også sjå debattinnhald og artiklar frå samarbeidande aviser på nynorsk. I februar i år fekk vi også den første nynorske saka frå ein av BAs eigne journalistar. Likevel: Hovudtyngda av nynorsk tekstproduksjon er det Rydland som står for.

Han har lang fartstid NRK Hordaland og som ansvarleg redaktør i Nordhordland, og har tatt med seg språket sitt over Nordhordlandsbrua og inn i kontorlokala i Vestre Torggaten i Bergen.

Rydland skriv mykje og godt på nynorsk i ei avis som tidlegare har hatt ei svært restriktiv line når det gjeld nynorsk på redaksjonell plass. Han har blitt eit andlet på enno ein milestolpe i Noregs Mållag sitt arbeid for meir nynorsk i pressa.

Det skriv seg inn i rekka av større aviser som opnar for nynorsk i spaltene sine, som riksavisene VG og Aftenposten. Nynorsk er eit minst like godt pressespråk som bokmålet, og vi meiner nynorsk i BA gjer BA til ei betre avis.

Det politiske Bergen har gjort mykje for å styrkje nynorsken mellom dei sju fjella dei siste åra. Opninga for nynorsk i BA skriv seg inn i historia om ein by som ser og forstår at nynorsk er viktig i Bergen, sjølv om bokmålet dominerer. Språket står sterkt i nabokommunane, og det finst knapt ein viktigare identietsmarkør for det vestlandske andsynes sentralmakta på Austlandet. Det blir no reflektert i spaltene i Bergensavisen.

For at nynorsken skal få den plassen han fortener er han avhengig av at nokon tar denne plassen. Den plassen tar Sølve Rydland kvar veke.