Mållaget feirar med 15 000 medlemer
– Dette er useieleg stort. Nobelprisutdelinga til Jon Fosse vart ein av dei største festdagane for nynorsk vi nokon gong har sett, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Professor Anders Olsson trekte også fram nynorsken då han tala til Fosse under sjølve seremonien.
Etter at tildelinga blei kjend i oktober, har medlemstalet til Noregs Mållag auka med over 1200 betalande medlemer. Rett før Jon Fosse skulle halde nobelføredraget sitt, nådde Mållaget 15 000 medlemer, ei målsetjing som nesten verka uoppnåeleg tidlegare i haust.
– Nye medlemer strøymer framleis til Mållaget. Det er tydeleg at mange vil feire Jon Fosse med å melde seg inn, seier Peder Lofnes Hauge, som sjølv var til stades på prisutdelinga sundag kveld.
– Ofte vender folk seg til Mållaget når nynorsken er truga, men denne gongen er det ekstra stas at dei melder seg inn fordi det er noko å feire! Fleire medlemer gjev styrke til målreisinga, seier Peder Lofnes Hauge.
Jon Fosse, som sjølv er medlem i Mållaget, takka på førehand den nynorske målreisinga for prisen.
– Dette er vår gåve til Jon, seier Peder Lofnes Hauge. No ynskjer vi oss eit skikkeleg nynorskløft i tida som kjem, og vonar at alle som vil løfte nynorsken melder seg inn i Mållaget!