Mållaget heiar på Jotunheimen vgs
I førre veke signerte Noregs Mållag eit brev til Utdanningsdirektoratet der Mållaget tilrår at Jotunheimen vidaregåande skule vert oppretta som privatskule i Lom, fordi skulen vil leggje vekt på omsynet til nynorskelevane og retten deira til å ha eit like godt skuletilbod som bokmålselevane.
Privatskulelova peikar på at privatskular skal ta sikte på «å utvikle respekt for foreldra og den kulturelle identiteten, språket og verdiane til eleven, for dei nasjonale verdiane i det landet der eleven bur, og respekt for kulturar som er ulike hans eller hennar eigen». Den nye privatskulen svarar på dette oppdraget. Skulen viser respekt for den språklege og kulturelle identiteten ved at nynorskelevane vert møtte som nynorskelevar, og ved å gje dei best mogleg undervisning på nynorsk.
Skulen vil byggje på lokal historie, og den gjev grunnlag for å gje kjennskap til, respekt for og å drøfte dei nasjonale verdiane og den norske språkhistoria og språksituasjonen i dag, med alt det inneber av lokale variasjonar. På skulestaden Lom har det vore ei klar overvekt av nynorskelevar og nynorsk undervisning. Det er desse tradisjonane den nye private vidaregåande skulen vil byggje vidare på.
Elevane har rett til å halde fram med det skriftspråket dei sjølve ønskjer, gjennom heile utdanninga. Vi veit at språkskiftet frå ungdomsskulen til vidaregåande skule er høgt. Det mange elevar fortel oss, er at dei skiftar til bokmål fordi dei trudde det skulle vere slik. Mange elevar blir rett og slett møtte som bokmålselevar i vidaregåande skule. Dette er i høgste grad også situasjonen i Innlandet. Difor er det naudsynt med ein vidaregåande skule som gjer nynorsk til eitt av satsingsområda sine, slik Jotunheimen vidaregåande skule skal.
Ut frå røynsler andre stader, veit vi at dei fleste nynorskelevar vil halde fram med nynorsk i vidaregåande skule, dersom dei får gode nok vilkår for å vere nynorskelev. Dei vilkåra er langt dårlegare på ein skule der nynorskelevane er i kraftig mindretal. Difor vil den nye skulen gje eit heilt særskilt og kjærkome pedagogisk tilbod for nynorskelevar i Innlandet fylke og denne delen av landet. Å vere omgjevne av så mykje nynorsk kan også fungere veldig godt for dei elevane som vel å ha nynorsk som sidemål. Dei elevane vil på det viset få langt betre utgangspunkt for sidemålsopplæringa enn dei fleste elevane i Noreg.
Paragraf 1 i språklova seier at eit offentleg organ har særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske språket. Om Utdanningsdirektoratet seier ja til Jotunheimen vgs, vil det fremje nynorsk, gje eit viktig tilskot til det språklege mangfaldet i Innlandet, og vere svært viktig for dei nynorskelevane som får lov til å gå der.
Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag