aktuelt

Mållaget heidrar Medietilsynet

F.v. Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Mållaget, Gro Morken Endresen, dagleg leiar, Mari Velsand, direktør i Medietilsynet og Magne Aasbrenn frå Fredrikstad Mållag.

Det nasjonale Medietilsynet som held til i Fredrikstad er det einaste statsorganet som følgjer språklova.

– Medietilsynet og direktør Mari Velsand får ein varm takk frå Mållaget. Eg trur vi snakkar på vegne av dei om lag 600 000 folka som skriv nynorsk dagleg, når vi gjev målblome for innsatsen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

I sin rapport for 2022 har Språkrådet kartlagt 15 departement, 161 statsorgan og Statsministerens kontor. Av desse er Medietilsynet det einaste statsorganet som følgjer lova i alle kategoriar. Det er paragraf 13 i Språklova som stiller språkkravet: «Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument.»

Ved ei markering på Litteraturhuset i Fredrikstad delte Noregs Mållag ut målblome. Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, tok imot målblomen på vegner av Medietilsynet.

– Dette var ei svært hyggeleg anerkjenning av språkarbeidet vårt og ein motivasjon for jobben vidare framover. Noreg har to skriftspråk, og da må begge bli brukte og vere synlege for folk flest. Som statleg verksemd har vi eit særleg ansvar for å bidra til det, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.