aktuelt

Mållaget i aksjon utanfor Ap-landsmøtet

Desse var med på å dele ut flygeblad til landsmøtet i Arbeidarpartiet: Frå venstre: Erik Grov, Jógvan Helge Gardar, Vemund Norekvål Knudsen, Hege Lothe og Frida Pernille Mikkelsen.

Torsdag 4. mai opna landsmøtet i Arbeidarpartiet på Youngstorget. Fleire hundre delegatar, gamle og nyare medlemer, statsrådar, sekretærar og rådgjevarar  og statsminister strøymde til Folkets hus.

Dei vart alle møtt av ein heil liten delegasjon i knall oransje jakker frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

– Arbeiderpartiet sit med nøkkelen til ei betre opplæringslov, og veldig mange i partiet ynskjer nettopp det. Lat oss lovfeste nynorskkrav til læringsressursar utvikla til bruk i skulen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Dette er den viktigaste saka for Mållaget og Målungdomen akkurat no. Til landsmøtet har Vestland Ap sendt inn ei fråsegn som har tydelege krav om gode læringsvilkår for nynorskelevane i skulen. Det vert spanande å sjå om landsmøte kan samle seg om ei god formulering. 

Utdanningskomiteen i Stortinget skal dei næraste dagane skrive innstillinga, og saka blir truleg avgjort utdanningskomiteen i løpet av mai.

– Det var ei veldig kjekk oppleving å stå utanfor Arbeidarpartiet sitt landsmøte. Mange er samde med oss i saka, og ynskjer at nynorskopplæringa i skulen skal vere så god som råd, seier Hege Lothe og Erik Grov, tilsette i Noregs Mållag.