aktuelt

Mållaget i komitehøyring

Peder Lofnes Hauge Foto: Kristiane Marøy

Peder Lofnes Hauge, leiar, møter for Noregs Mållag i høyringa om ny opplæringslova i utdanningskomiteen på Stortinget, torsdag 20. april.

For Mållaget er det svært viktig å få dette høve til å snakke for stortingskomiteen, fordi Mållaget vil peike på at framlegget til ny opplæringslov er ikkje god nok for nynorskelevane, og dette kan dei folkevalde gjere noko med.

– Alle elevar har rett til læremiddel på eige språk, men læremiddel i dag er ikkje lenger berre ei lærebok i kvart fag. I den digitale skulekvardag brukar elevane ei lang rekkje læringsressursar, plattformer, appar og anna programvare. Når berre eit fåtal finst på nynorsk, får elevane altfor lite mengdetrening i sitt eige språk, seier Peder Lofnes Hauge.

– Vi meiner at Mållaget peikar på ei enkel løysing: Stortinget må leggje til ni ord i paragraf 15-3, slik at setninga blir: «Skulen skal bruke læremiddel og læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris», seier Peder Lofnes Hauge, som fortel at det er mange lærarar og rektorar som har teke kontakt med Mållaget og fortvilar over situasjonen.

I høyringsnotatet som er sendt Utdannings- og forskningskomiteen tek Noregs Mållag opp fleire andre framlegg i opplæringslova som slår uheldig ut for nynorsken og nynorskelevane:

Høyringsnotat til Utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget, 18. april 2023.