Mållaget jublar for språkvedtak i Ålesund
 
					I dag vedtok kommunestyret i Ålesund ein språkbruksplan som stadfestar kommunen som nynorskkommune, og slår fast at all utetterretta informasjon frå kommunen skal vere på nynorsk.
 –   Det  er  svært  gledeleg  at  Ålesund  kommune  så  tydeleg  slår  fast  at  dei  skal  vere  verdas  største  nynorskkommune,  seier  Peder  Lofnes  Hauge,  leiar  i  Noregs  Mållag.  
–  No  får  innbyggjarane  sjå  litt  meir  nynorsk  i  kvardagen  sin,  og  det  er  viktig.
Nye Ålesund kommune er slått saman av fire nynorskkommunar, Sandøy, Haram, Skodje og Ørskog, og Ålesund, der bokmål har blitt mest nytta. Det var i arbeidet med intensjonsavtalen før samanslåinga at dei fem kommunane vart samde om at nye Ålesund skulle bruke nynorsk i ekstern kommunikasjon, og krevje nynorsk i skriv frå staten.
– Ålesundordføraren fortener ros i denne saka. Eva Vinje Aurdal har stått ved intensjonsavtalen gjennom heile saka, trass i stort press frå bokmålstilhengjarar. Dette hadde vi heller ikkje klart utan lokale mållagsmedlemmer, seier Peder Lofnes Hauge.