aktuelt

Mållaget jublar for språkvedtak i Ålesund

I dag vedtok kommunestyret i Ålesund ein språkbruksplan som stadfestar kommunen som nynorskkommune, og slår fast at all utetterretta informasjon frå kommunen skal vere på nynorsk.

 –  Det er svært gledeleg at Ålesund kommune så tydeleg slår fast at dei skal vere verdas største nynorskkommune, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– No får innbyggjarane sjå litt meir nynorsk i kvardagen sin, og det er viktig.

Nye Ålesund kommune er slått saman av fire nynorskkommunar, Sandøy, Haram, Skodje og Ørskog, og Ålesund, der bokmål har blitt mest nytta. Det var i arbeidet med intensjonsavtalen før samanslåinga at dei fem kommunane vart samde om at nye Ålesund skulle bruke nynorsk i ekstern kommunikasjon, og krevje nynorsk i skriv frå staten.

  – Ålesundordføraren fortener ros i denne saka. Eva Vinje Aurdal har stått ved intensjonsavtalen gjennom heile saka, trass i stort press frå bokmålstilhengjarar. Dette hadde vi heller ikkje klart utan lokale mållagsmedlemmer, seier Peder Lofnes Hauge.