aktuelt

Mållaget samlar seg i Elverum

Om dialekt og nynorsk: Frå venstre Anders Jan Larsson, frå Solør dialekt- og mållag, Margrethe Haarr, stortingsrepresentant frå Sp, Silje Nathalie Luvåsen, nestleiar i Hamar dialekt- og mållag og Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. (Foto: Hege Lothe)

For 125 år sidan vart Austmannalaget skipa i Elverum. I helga feirar Noregs Mållag og Austmannalaget med nasjonalt seminar.

– Me inviterer til haustseminar på Thon Elgstua Hotel i Elverum sentrum laurdag 26. oktober og søndag 27. oktober. Det gler me oss til, seier Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag.

– Det er ikkje kvar dag at me har eit nasjonalt arrangement i Elverum, så no fekk me eit godt høve når vi kan vera med på feiringa av Austmannalaget. 

Ta vare på dialektane
Å ta vare på dialektane og det språklege mangfaldet i Noreg har vore eitt av mange emne på seminaret. Anders Jan Larsson frå Solør dialekt- og mållag snakka om dialekta og dialektarbeid i Solør, medan Margrethe Haarr, stortingsrepresentant (Sp) som sit i Familie- og kulturkomiteen, snakka om dialektpolitikk sett ifrå Stortinget. Ho peika på at det er viktig at unge folk ser andre unge folk bruke dialekt. Ho synte også til at Matoma, som har snakka for lokalskulen sin på den lokale dialekta, vert ein viktig identitetsmarkør for dei lokale elevane. Det viktigaste verktøyet Stortinget har, er å løyve pengar og vedta lover.
Margrethe Haarr peika på at både distriktspolitikk og kulturpolitikk kan vera viktig for dialektane. 

– God distriktspolitikk er viktig for å ta vare på dialektane, og vi må prioritera kulturpolitikk som kan vera med å løfta dialektane. 

Silje Nathalie Luvåsen er vaksen opp i Brummundal og skifta til nynorsk då ho var lærarstudent ved Høgskolen i Innlandet. Ho snakka om korleis det var å skifta til nynorsk, og korleis det er å bruka nynorsk som lærar i vidaregåande skule i Oslo. 

Austmannalaget som vart skipa 7. januar 1899 i Elverum, er det eldste fylkesmållaget i Noregs Mållag. For 125 år sidan var det fleire som meinte at no måtte ein ikkje overlate nynorsken til vestlendingane, no måtte Austlandet ta tak. Fleire kjende namn frå denne tida tok initativ til laget, blant dei Sven Moren, Arne Garborg og Hagbart Berner.

– I 2010 var det 396 medlemer i fylkeslaget. Og sidan den gong har det berre blitt fleire og fleire. I fjor hadde laget 710 medlemer, og til no i år har Austmannalaget blitt smått utrulege 752 medlemer! Held det fram slik, er storleiken på Austmannalaget snart dobla samanlikna med for 14 år sidan, seier Live Havro Bjørnstad.

Det er stor breidde i programmet. I tillegg til dialekt-saka er både nynorsk i lærarutdanninga, skogfinnane og nynorsk inn i Grunnlova viktige emne, for å nemne noko. Og laurdag kveld vert det festkveld for Austmannalaget.