aktuelt

Mållagsleiaren lovar ny medlemsrekord: klar til å løfte seg over 16 000 medlemer

Sidan Peder Lofnes Hauge vart leiar i Noregs Mållag, har medlemstalet auka med over 2000 medlemer, frå 13581 til 15682.

Noregs Mållag har hatt god medlemsvekst, og siste tre åra har Mållaget hatt over 15 000 medlemer. I fjor melde 1500 medlemer seg inn etter at nobelprisen til Jon Fosse vart annonsert.

– No siktar vi endå høgare. For kvar nye medlem vi får, styrkjer vi laget rundt nynorsken. Målet er å løfte oss over 16 000 medlemer, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

– Vi får nye medlemer over heile landet. Vi ser likevel at det er bylaga som aukar mest. Oslo Mållag har åleine nesten 1000 medlemer, med Bergen Mållag på ein førebels klar andreplass, fortel Peder Lofnes Hauge. No har han eit ekstra tilbod i ermet. Nye medlemer som melder seg inn no, får ikkje eit nytt krav om medlemspengar før i 2026. 

– Det er om lag 600 000 innbyggjarar i Noreg som skriv nynorsk. På papiret er nynorsken eit språk med mange rettar og godt vern, men kvar sjette nynorskbrukar har det siste året fått negative tilbakemeldingar på språket sitt, seier Peder Lofnes Hauge.

– Det må vi gjere noko med, og då er det viktig å ha eit sterkt mållag i ryggen.

Han vil veksle medlemsveksten dei siste åra inn i politiske gjennomslag.

– Vi skal vinne viktige sigrar for nynorsken i åra som kjem. Nynorskelevar må til dømes få alle digitale læremiddel, skriveprogram og læringsressursar på nynorsk, seier Lofnes Hauge.

1. – 8. oktober gjennomfører Noregs Mållag Den store verveveka, og lokallag over heile landet vil forsøke å rekruttere nye medlemer til Mållaget.