aktuelt

Målpris til Kari Stai

Foto: Kari Svanberg Det Norske Samlaget

Trønderlaget gjev årets Målpris til Kari Stai.

Trønderlagets målpris går kvart år til nokon som har gjort ein stor innsats for nynorsk i Trøndelag. I 2021 går prisen til forfattar, illustratør og biletkunstnar Kari Stai.

– Trønderlaget er veldig glade for å gi årets målpris til kunstnaren frå Inderøy, seier Espen Tørset, leiar i Trønderlaget.

– Kari Stai har vore ein aktiv forkjempar for nynorsk i 30 år gjennom ulike verv i målrørsla. Som spaltist i Trønder-Avisa, viser ho at nynorsk er eit naturleg skriftspråk for oss trønderar, seier Espen Tørset.

Etter 2005 har Kari Stai arbeidd som illustratør for mellom anna bøker og tidsskrift, men det var da ho debuterte som barnebokforfattar med biletboka Jakob og Neikob i 2008 at ho vart kjend for alvor.

– Med si særeigne, leikne uttrykksform, med klare fargar og linjer, er bøkene om Jakob og Neikob svært populære. Dei er omsett til fleire språk. Teaterstykket om Jakob og Neikob har vore framført på Det Norske Teatret og Nord-Trøndelag Teater, seier Espen Tørset.

Andre bøker som har nådd eit stort publikum, er biletboka Blodrik og Blodfabrikkken og peikebokserien om Mopp og Mikko. I 2021 kom Passe happy, som passar best for ungar mellom 9 og 12 år. Kari Stai har tidlegare vunne prisar som Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Brageprisen for bøkene ho har skrive og illustrert.