aktuelt

Målprisen 2020 til Kari Veiteberg

Noregs Mållag har tildelt Målprisen 2020 til biskop Kari Veiteberg. Og i dag, på hennar eigen 60-årsdag, fekk Kari Veiteberg overrekt prisen.

Kari Veiteberg er biskop i Oslo bispedøme og er godt synleg i kyrkja. Det er mange som har lytta til bodskapen hennar og gledd seg over dialekten ho har frå Stord i Sunnhordland. Med den som klangbotn brukar ho røysta og språket godt.

– Kari Veiteberg har synt oss kor mykje språket vårt – nynorsken – rommar og ber med seg. Ho syner oss kor nært det er, desse møta mellom menneska og trua – at ein kan finna trøyst og få kvile i orda, og til andre tider bli løfta av bodskapen, seier Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag.

– Ho brukar språket på ein måte som gjer trua nærare for dei som trur og meir levande for dei som ikkje trur, seier Inger Johanne Sæterbakk. Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som er prismottakar.

***

Dette er pristala i høve Målprisen 2020 til biskop Kari Veiteberg

Eit levande språk er eit språk i bruk. I tjue år har styret i Noregs Mållag delt ut Målprisen til menneske og institusjonar som brukar nynorsken på ein god måte. Vi er utruleg glade for å få gje Målprisen 2020 til biskop Kari Veiteberg.

Kari Veiteberg er biskop i Oslo bispedøme og er slik sett godt synleg i kyrkja. Ho har mangslags røynsle, som til dømes bymisjonsprest i Oslo og Bergen og prest i Trondheim og Gildeskål. I 2006 tok ho doktorgrad ved Det teologiske fakultet i Oslo med avhandlinga «Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja.» Ho har gjeve ut fleire bøker om teologiske spørsmål, der ho mellom anna har løfta fram kvinnene i Bibelen. 

Både som biskop i Oslo og gjennom radio og TV nasjonalt er det mange som har lytta til bodskapen til Kari Veiteberg. Og dei har gledd seg over dialekten ho har frå Stord i Sunnhordland. Med den som klangbotn brukar ho røysta og språket godt.

Den Norske Kyrkja har vore samfunnsberande gjennom fleire hundre år. Kyrkja er ein av dei verkeleg viktige institusjonane i Noreg, og kyrkja er menneske.

Menneske som møter menneske. Anten om det er i djup sorg og tvil eller i strålande glede. I desse møta er språket eit viktig verktøy.  

Som prest og seinare biskop har Kari Veiteberg sett ord på dei viktigaste kjenslene og hendingane i livet. Om fødsel og død, om kjærleik og sorg, og om tru og håp. Ja, om livet sjølv. Ho skal nå inn til menneske i mange slags ulike livssituasjonar. 

I dette arbeidet har ho synt oss kor mykje språket vårt – nynorsken – rommar og ber med seg. Ho syner oss kor nært det blir, desse møta mellom menneska og trua. At ein kan finna trøyst og få kvile i orda, og til andre tider bli løfta av bodskapen og orda.

Vi opplever at Kari Veiteberg er medviten språket sitt. Ho snakkar rett fram og enkelt. Det skal vera forståeleg. Siste sundagen før jul var ho og kongefamilien saman i ei adventshøgtid i Slottskapellet. Biskopen heldt andakta. Det ho trekte fram, var at sjølv om alle seier «gledeleg jul» og syng «glade jul» så er dei fyrste orda frå englane i juleforteljinga: «Frykt ikkje. Ver ikkje redde.» Med få ord gav ho håp til folk framfor ei annleis julefeiring i ei annleis og krevjande koronatid.

Nynorsken og dialektane våre er med på å gje oss identitet. Kari Veiteberg brukar språket på ein måte som gjer trua nærare for dei som trur og meir levande for dei som ikkje trur.

Styret i Noregs Mållag veit at vi treng frimodige nynorskbrukarar. Vi er svært glade for at biskop Kari Veiteberg er med på å føre nynorsken vidare som eit godt kyrkjemål, og ikkje minst tøyer og vrir på nynorsken vår slik at språket også skal vere der, klar til bruk for nye generasjonar.