aktuelt

Målprisen 2024 til Nana Rise-Lynum

Nana Rise-Lynum har fått Målprisen 2024 av Noregs Mållag. Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, stod for overrekkinga. (Foto: Kristianne Marøy)

Nana Rise-Lynum, redaktør i Norsk Barneblad, får Målprisen 2024.

– Takk for at du har gjort Norsk Barneblad til eit levande og aktuelt magasin som aukar den nynorske leselysta blant born og unge. Norsk barneblad er betre enn nokon gong på grunn av deg, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, då han gav prisen til Nana Rise-Lynum på landsmøtemiddagen laurdag kveld.

Målprisen er den høgste prisutmerkinga i Noregs Mållag og vert delt ut av styret.

Dette sa Peder Lofnes Hauge til prismottakar:

Noko av det finaste med å sitje i styret i Noregs Mållag, er å få lov til å avgjere kven som skal få Målprisen. Prisen blir gjeven til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken, og er den høgste prisutmerkinga Mållaget deler ut. 

Det er difor med stor glede eg kan kunngjere at Målprisen 2024 vert tildelt redaktør i Norsk Barneblad, Nana Rise-Lynum.

Norsk Barneblad er truleg det eldste magasinet for born i verda. Det har blitt gjeve ut samanhengande sidan 1887. Det eldste barnebladet i verda vert utruleg nok – eller kanskje sjølvsagt – gjeve ut på nynorsk!

Nana Rise-Lynum vart tilsett som redaktør i 1999, og ho vart då den første kvinna i redaktørstolen. Det skulle syne seg at ho var rett kvinne til rett tid. Barnebladet stod framfor sitt tredje hundreår, der digitaliseringa var ei heilt ny utfordring.

Sjølv i ei gjennom-digitalisert verd med digitale tilbod kor enn borna snur seg, har Nana Rise-Lynum valt å stole på det fysiske papirformatet. Borna blir tekne på alvor med innhald om viktige samfunnsutfordringar, nyttige fakta om søppel, liv på Mars eller robotar, meir eller mindre morosame vitsar, kviss, kryssord, forteljingar, aktivitetsstoff, Smørbukk og mange andre teikneseriar. 

Les du Norsk Barneblad, får du nynorsk lese- og skriveglede, og du finn noko å tenkje på. For å låne nokre ord frå Aasne Jordheim i Prosa: «og til grunn ligg ein tanke om at born ikkje treng så mykje ekstra stimuli, så lenge det endå finst både insekt, havdjup og dinosaurar i verda». Alt dette presentert i ei moderne og fengjande formgjeving.

Nana Rise-Lynum er ikkje heilt åleine i arbeidet med Norsk Barneblad, men det er ikkje langt unna. Ho har med seg kontormedarbeidar Wenche Brusevold i ei mindre stilling, og Aina Griffin utformar bladet grafisk og bidreg noko på innhaldet. Resten gjer redaktøren sjølv.

Ho følgjer opp lesarar, finn nye emne og saker, skriv saker, held kontakt med bidragsytarar, marknadsfører bladet og styrer økonomien. Som ein tidlegare styreleiar har sagt det: Ho får så mykje ut av midlane at det kjennest som at alle pengane vert brukte to gonger.

Målkvinna sjølv, Nana Rise-Lynum, har ved eit høve sagt at det at barnebladet er eit nynorskblad, er grunnen til at bladet har greidd å overleve. Fordi det er nynorsken som gjer bladet viktig. Nynorsken gjer at det er mange gode krefter som er med og skubbar på for at bladet skal få nye generasjonar lesarar.

Styret meiner likevel vi kan leggje til endå ei forklaring: Nana Rise-Lynum sjølv.

Det er noko spesielt med Nana. Ho har gjort ein ekstra innsats. For det krevst eit ekstra gir (eller to eller tre) for å gjere den innsatsen Nana har gjort. Å lage eit slikt kvalitetsblad for born og unge innanfor så tronge økonomiske rammer og med så få ressursar, fortener merksemd. Ho fekk ei utfordring ingen redaktørar før ho har fått, og den utfordringa tok ho. No har ho har vore trufast mot prosjektet i 25 år.

Gode Nana – takk for at du har gjort Norsk Barneblad til eit levande og aktuelt magasin som aukar den nynorske leselysta blant born og unge. Norsk Barneblad er betre enn nokon gong på grunn av deg. Takk for innsatsen – så langt!