aktuelt

Målprisen 2025 til Ottar Grepstad

Noregs Mållag gjev Målprisen 2025 til Ottar Grepstad for eit livsverk med strategisk og kløktig arbeid for å styrkje nynorsk skriftkultur og institusjonsbygging.

På haustseminaret til Noregs Mållag på Nynorskens Hus i dag, laurdag 18. oktober, var det utdeling av Målprisen 2025. Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, delte ut prisen og heldt denne pristala:

Målprisen er Noregs Mållag sin høgst hengande pris, og har blitt delt ut sidan 2000. Målprisen går til folk og institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. 

Det er styret i Noregs Mållag som avgjer kven som skal få prisen og i år er vedtaket slik: Målprisen 2025 vert tildelt Ottar Grepstad – for eit livsverk med strategisk og kløktig arbeid for å styrkje nynorsk skriftkultur og institusjonsbygging.

Årets prisvinnar har arbeidd for nynorskbrukarane, og med nynorsken i nær sagt heile sitt yrkesaktive liv. Det er slik at vi trygt kan kalle det eit livsverk. Ottar Grepstad har søkt å skildre oss nynorskskrivande slik: 

«Å vere nynorskbrukar inneber at viljen til språk til tider kan kjennast som ein sjette sans. Vi er i språket og språket er i oss. Somme av oss prøver å etablere distanse til det språket vi alltid har hatt, og greier det, for ei tid eller for all tid. Andre kjem til eit nytt språk og tek seg inn i det utanfrå, for all tid eller for ei tid.» 

Ottar Grepstad har skrive seg inn i nynorsken og han har brukt orda godt. Det er mange av oss som har forstått fortida eller tida vi lever betre, fordi han har formulert og dokumentert, og innimellom har han laga formuleringar som ingen andre formulerer.

Og han har funne fram tal, synt fram tala, og med det fått fram fakta om nynorsken som har gjeve meir innsikt. Alt dette har vore til gagn både for byråkratiet, politikken og målrørsla gjennom fleire tiår. Han har skrive talar, innlegg, kronikkar, rapportar, bakgrunnsnotat, grunnlagsnotat, innspelsnotat, lobbynotat, saksframlegg, høyringssvar, essay, artiklar, sakprosa, Nynorsk faktabok i (minst) fire utgåver, “Viljen til språk”, jubileumsboka til Noregs Mållag ved 100-årsjubileet til organisasjonen, Draumen om målet og Historia om Ivar Aasen (som kom til 200-årsdagen til Ivar Aasen i Språkåret 2013), i tillegg til mange, mange boktittlar gjennom åra. Langt ifrå alt har vore om språk og språkpolitikk, av det meir ukjende kan vi nemne at han var i redaksjonen for utgjevinga “Lesebok 1994” som Nei til EU laga i samarbeid med Samlaget i framkant av folkerøystinga om EU. Det vart trykt 1,8 mill. bøker som vart delte ut til alle husstandar i Noreg. 

Prisvinnaren har blitt kalla både ein norsk kulturadministator og språkstrateg. Og han har nytta tida godt. Heilt i frå unge år har Ottar Grepstad delteke i samfunnsdebatten. Han var leiar i Unge Venstre frå 1975–76 og landsstyremedlem i Venstre frå 1976 til 1988. 

(Litt for moro, så tek eg fram eit glimt frå denne perioden: På framsida i Arbeiderbladet i 1976 var det ein 8. mars-reportasje med bilete av parolen: “Mannen tilbake til hjemmet”. 

Biletet heng på Oslo bymuseum, og ein av dei to som ber parolen, er nettopp Ottar Grepstad. Dei som kjenner Ottar, er nok ikkje overraska over at han allereie er på museum her i byen … og dei lèt seg vel heller ikkje overraske over at han stilte seg bak ein parole som trefte spikaren like godt i 1976 som i dag.) 

Ottar Grepstad var redaktør av tidsskriftet Syn og Segn frå 1984 til 1988, og tilsett i Samlaget frå 1980 til 1994. Han hadde fleire leiande stillingar, fyrst som forlagsredaktør, så redaksjonssjef og seinare assisterande forlagssjef. 

I 1998 tok han på seg eit kortare oppdrag for Noregs Mållag, som brått stod utan dagleg leiar. Eit oppdrag han tok på strak arm. 

I 1999 vart Ottar Grepstad tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum, og var såleis den aller fyrste tilsette. Det er dette samfunnsoppdraget han har blitt mest kjent for.

I mars same året vart det liv på byggjeplassen i Aasentunet i Hovdebygda. Stortinget hadde vedteke at eit heilt nytt praktbygg skulle reisast i tunet. 

Det flotte nye museumsbygget med plass til museumslokale, kafe,  forsamlingssal og administrasjon var under oppføring. 

Den nasjonale kulturinstitusjonen Ivar Aasen-tunet skulle bli eit moderne museum med svært vide dokumentasjons- og formidlingsoppgåver, og ein arena for viktige hendingar, tiltak og kunstopplevingar innanfor nynorsk skriftkultur. 

I juni 2000 var den storhøgtidlege opninga, og i løpet av året (som berre var eit halvt driftsår) hadde Aasentunet bortimot, og imponerande, 20 000 gjester. 

I leiinga for det heile: Ottar Grepstad med ein stab på åtte fast tilsette som saman opna eit heilt nytt kapittel i soga til norsk målreising. 

Som direktør for Nynorsk kultursentrum vart Ottar Grepstad ei eiga kraft for nynorsk skriftkultur og for nynorsk institusjonsbygging. Med han som direktør var det ikkje berre eit kultursentrum som vart etablert i Hovudebygda – det vart eit kraftsentrum. 

Det var eit enormt stykke arbeid han sette i gang, og i den vidare oppramsinga greier eg nok ikkje å yte rettferd til dei svært mange arbeidstimane Ottar har ytt. Men la meg likevel forsøkje. 

Det var museumsdrift i sjølve Aasentunet, Dei nynorske festspela, det var forskingsarbeid, rikhaldige og kunnskapsrike årstalar, informasjonsarbeid og kulturtilskipingar over heile landet. Eit profesjonelt og godt tilbod til barn og unge vart laga der Tunkatten Lurivar aldri var langt unna. 

Det nynorske nettleksikonet Allkunne vart etablert i 2008. Dette vart drifta av Nynorsk kultursentrum heilt fram til Allkunne gjekk inn i Store norske leksikon. 

I august 2010 signerte Nynorsk kultursentrum avtale med Olav H. Hauge-stiftinga om å utvikle, etablere og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Senteret vart opna i 2014. 

I 2013 var det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Nynorsk kultursentrum fekk oppdraget av regjeringa å utvikle planane for eit nasjonalt språkår. Dette vart eit svært innhaldsrikt år som markerte nynorsk skriftkultur på ein framifrå måte, der også feiringa av språkmangfald stod heilt sentralt. Hovudarrangementet var på sjølvaste 200-årsdagen for Ivar Aasen, den 5. august, og var ei storslått feiring av mannen og verket.

Året etter, i 2014, signerte Vinje kommune og Nynorsk kultursentrum ein intensjonsavtale om å utvikle eit Vinje-senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald i ombygde Vinje skule. Den offisielle opninga av Vinjesenteret var i august 2021. Det er eit prosjekt der mange skal ha ære, men ordførar i Vinje kommune var tydeleg ved opningshøgtida at det ikkje hadde gått utan Ottar. 

I dag står Nynorsk kultursentrum fjellstøtt med til saman tre senter i tre fylke, aktivitet i 77 kommunar, 39 000 besøkjande, solid økonomi og heile 28 fast tilsette, i tillegg til tunvertane. Arbeidet vert drive vidare, likevel vil dei 19 åra med Ottar Grepstad som direktør bli ståande som svært avgjerande. 

I Nynorsk forum, som er samarbeidsorganet for nynorskorganisasjonar, var Ottar Grepstad sekretær alt frå starten i 1997 til 2018, og han var også sentral i etableringa av forumet. 

Nynorsk Forum er eit politisk organ som prioriterer dei viktigaste politiske sakene for desse instituasjonane. I dette politisk-strategiske arbeidet var Ottar Grepstad svært viktig. Med politiske initiativ, formulering av krav og strategiar, med politiske kontaktar, planar, arbeid opp imot statsbudsjetta og reviderte budsjett og felles arbeid opp imot styresmaktene for å få språkpolitikken på rett spor – og alltid med eit nytt initiativ i ermet. Det er langt ifrå slik at det berre har vore semje mellom nynorskaktørane, likevel har Nynorsk Forum og Ottar Grepstad vore til stades og teke debattane.  

Ottar Grepstad var også frå 2005 til 2010 rådsmedlem i Norsk kulturråd. Frå 2006 til 2010 var han styremedlem i Språkrådet og frå 2010 til 2015 var han styreleiar.

I 2018 vart Ottar Grepstad pensjonist. Det året vart han slått til riddar av 1. klasse av Den kongelege norske St. Olavs orden for innsatsen han har gjort for nynorsk språk, litteratur og skriftkultur.

Som pensjonist er han framleis aktiv framfor tastaturet med nye bokprosjekt og nye initiativ. For få veker sidan kom den siste nye boka. Som Knut Hoem skreiv det i ei bokmelding for NRK i 2022: “Han vil vere bokførar i tradisjonen etter journalisten og forfattaren Aasmund Olavsson Vinje, som meinte det galdt å bokføre folkelivet, slik at det var tilgjengeleg for ettertida.”

Så kanskje kan vi ikkje eigentleg få fulltakke Ottar Grepstad godt nok – for pågangsmotet, for livsverket, for å vere ein språkstrateg, ein nynorsk institusjonsbyggjar og eit nynorsk kraftsentrum. 

Styret i Noregs Mållag gjer eit forsøk på å takke, med å gje deg den gjevaste prisen Noregs Mållag deler ut. Det er difor ei ære å få slå fast:

Målprisen 2025 vert tildelt Ottar Grepstad!