aktuelt

Målprisen til Kari Huus

Målprisvinnaren 2022 Kari Huus, saman med leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

Kari Huus får Målprisen for å ha trygga ein heil generasjon av forfattarar og gjort det enklare for dei å bli verande i nynorsken. Ho har vore manusredaktør i Samlaget gjennom fire tiår.

– Vi i Noregs Mållag veit kor viktige bankane språkhjarte er for nynorsk. Vi veit at skal nynorsken leve vidare med hundre tusenvis av brukarar lyt den skrivast, lesast og nyttast, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, då prisen vart delt ut ved ei markering på Samlaget.

– Mållaget likar å snakke fram litteraturen, og framheve kor viktig han er for nynorsken. Difor er det ekstra kjekt å få takka ein av bidragsytarane for den nynorske litteraturen som ikkje har namnet sitt på framsida eller portrettbilde på omslaget til boka.

Målprisen vert delt ut kvart år av styret i Noregs Mållag.

Heile tala frå Peder Lofnes Hauge til prisvinnaren:

På vegner av styret i Noregs Mållag har eg fått den store gleda av å dele ut Målprisen 2022 til Kari Huus.

Kari Huus får Målprisen for å ha trygga ein heil generasjon av forfattarar og gjort det enklare for dei å bli verande i nynorsken.

«Det er mangt som kan definere eit forlagshus. Men hjartet i alt forlagsarbeid er og blir språkarbeidet. Og Samlaget har vore så heldig å ha det same bankande og brennande språkhjartet i aktivitet i fire tiår.

På eit lite, skjerma kontor djupt, djupt inne i forlagshuset ligg hjartekammeret, møblert med ordbøker. Og inne blant kvite manusfjell som svaiar og trugar med å rase over henne kvar augeblink, sit Kari Huus med det eine manuset som betyr noko akkurat der og da, det som skal gjennom vask og reins og polering før det blir sendt ut i verda som det smykket det kan bli, ei bok med godt språk og helst null korrekturfeil».

Slik skreiv Brit Bildøen, forfattar og tidlegare kollega, til Kari Huus i høve hennar siste arbeidsdag på Samlaget fredag 26. februar 2021.

Vi i Noregs Mållag veit kor viktige bankande språkhjarte er for nynorsk. Vi veit at skal nynorsken leve vidare med hundre tusenvis av brukarar lyt den skrivast, lesast og nyttast.

Nokre av dei verkeleg viktige, og mest usynlege, er manusredaktørane, og Kari Huus har arbeidd som manusredaktør i bortimot heile sitt yrkesliv for Samlaget.

Som manusredaktør har ho sikra nynorsken i bøkene til Samlaget, følgt opp   korrekturlesarane, koordinert arbeidet til desse og gjort sjølvstendige vurderingar av språkarbeidet, justert dette og formidla det vidare til forfattarane.

Og ho har hjelpt forfattarane med å finne ein nynorsk dei kjenner seg heime i.

Kari har gitt kvar og ein forfattar ei kjensle av å vere i gode hender, ei kjensle av at både dei og nynorsken blir passa på. For Samlaget slepper ikkje bøker ut i ålmenta med skrivefeil og slurv. Det er ein tryggleik for forfattaren, og det har vore til stor gagn for nynorsken.

Fordi ho har gjort dette arbeidet så ekstremt godt, har born og vaksne gjennom førti år, fått oppleve god, korrekt og levande nynorsk i Samlaget sine bøker.


Og kanskje dei også har fått lese bøker av forfattarar som elles ikkje ville blitt nynorskbrukarar?

Forfattar Arild Rein har skrive om korleis det var å starte på si første bok på nynorsk:

At eg kjende meg som Bambi på nynorskisen var ein ting, det var som å skriva på eit framandspråk, at eg ville skriva og forska i gatespråk og slang, ord som nødvendigvis ikkje stod i ordbøker, var ein annan ting eg trengde hjelp til. I dette arbeidet fann eg ein perfekt samarbeidspartnar i deg, Kari. Du kunne seia til meg med dine store språkkunnskapar og di store ro: Desse orda står ikkje i ordboka, men dei går. Det var så trygt å ha deg med på laget gjennom dette ukjende landskapet.

Noregs Mållag likar å snakke fram litteraturen – og framheve kor viktig han er for nynorsken. Difor er det ekstra kjekt å få takka ein av bidragsytarane for den nynorske litteraturen som ikkje har namnet sitt på framsida eller portrettbilde på omslaget til boka.

Samlaget er det viktigaste nynorskforlaget, og for dei, og oss alle, har du Kari vore eit bankande språkhjarte. Du har hatt «ein profesjonell varme, og ein dyrebar kontinuitet» for å låne orda frå forfattar Maria Parr.

Kari Huus: Det er få som går frå arbeidslivet og etterlet seg eit hjartekammer. Tusen takk for det du har gjort for nynorsken.

Det er ei stor glede og ære å få lov til å gi deg Målprisen 2022, med 15 000 medlemmar av Noregs Mållag i ryggen.