aktuelt

Målrørsla slår teateralarm

IKKJE NOK: Frost åleine kan ikkje redde det norske teatret. no slår ei samla målrørsle alarm om den økonomiske stoda til Det Norske Teatret

TEKST: JANI FARDAL, NPK

Alt tyder på at nynorskversjonen av verdssuksessen Frost kjem til dra fulle hus utover hausten, men det er likevel ikkje nok til å berga Det Norske Teatret slik me kjenner det. Heile målrørsla drog til Arendal for å slå alarm.

Målrørsla og Det Norske Teatret (DNT) slo på stortromma då nynorsk for første gong var hovudtema under Arendalsveka. Programposten «Vil den nye språklova redde nynorsken?» vart opna av vokalist Mimmi Tamba og urpremieren på nynorskversjonen av monsterhiten «Let it go», eller «Det må ut» frå Frost, som kjem på DNT denne hausten.

Den var eit godt oppspel til direktør for Språkrådet, Åse Wetås, som i si innleiing peika på at det offentlege har eit særleg ansvar for å gjera nynorsk meir synleg som bruksspråk. – På den bakgrunnen er det svært beklageleg at årlege tilsyn avdekkjer at fleire statsrådar slurvar grovt mot dette.

– Det er mange departementsom bryt språklova, konstaterte Wetås.

Sanksjonar må på plass

I samtalen mellom teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret, leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge, dagleg leiar i Nynorsk Bedriftsforum, Monika Haanes Waagan og Svein Olav Langåker, som er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, gjekk spørsmålet om korleis ein kan få på plass sanksjonar for brot på språklova att.

Fleire, som Lofnes Hauge, konstaterte at språklova er eit godt verktøy for å styrkja nynorsken, men at lova treng sanksjonar.

– Det må svi på pungen å bryta språklova, sa leiaren i mållaget i ein samtale der det etter kvart kom klart fram at rammene for DNT er like viktige som å få på plass sanksjonar for brot på språklova.

Teatersjef Erik Ulfsby peika i sitt innlegg på at det i førearbeidet til språklova vart slått fast at Det Norske Teatret «spelar ei vesentleg rolle for å fremje nynorsk og gje språket ei sentral rolle i samfunnet».

Manglar mange millionar

Ifølgje teatersjefen har DNT dei siste åra vorte mindre og mindre i stand til å spela den rolla som det her er lagt opp til. Forklaringa er at teateret har sakka etter Nationaltheatret når det gjeld statlege løyvingar: det er snakk om eit gap på heile 25 millionar kroner.

– Dette har skjedd gradvis i fleire år, men vår publikumssuksess fram til pandemien skjulte den veksande skilnaden i løyvingane til dei to nasjonale teaterinstitusjonane i hovudstaden. Etter pandemien har dette vorte meir og meir merkbart, og i dag er det grunn til å stilla spørsmål ved kor lenge me er i stand til å halda oppe den aktiviteten me har, sa Ulfsby.

DNTs økonomiske krise har vore kjent ei stund, og i juni vart ein aksjon som heiter Tett gapet, starta. Denne har som mål at dei to nasjonale teatera skal handsamast likt – at dei skal få same årlege tilskot.

Samla målrørsle

Leiaren i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge gjorde det klart at dette er den viktigaste saka for målrørsla nett no.

– Heile nynorsksamfunnet står bak Det Norske Teatret i denne saka. Me kjem til å masa om desse pengane til dei kjem. Det er heilt nødvendig med ein auke på 25 millionar kroner, sa Hauge.

Fleire gav undervegs i samtalen, som Astrid Versto leia, uttrykk for at det også vil vera ein viktig milepåle for målrørsla om ein klarar å få på plass like statlege løyvingar til dei to nasjonale teatera i hovudstaden.

– Tenk kor mange born i Oslo som vil få sitt første møte med nynorsk utover hausten, etter at Frost har hatt premiere i midten av oktober. Me kan ikkje risikera at slike tilbod blir borte i framtida, sa mållagsleiaren.

Positive politiske signal

Dei to stortingsrepresentantane i panelet, Alfred Bjørlo frå Venstre og Torstein Tvedt Solberg, som er kulturpolitisk talsperson frå Arbeidarpartiet, var ikkje spesielt usamde – verken om språklova eller om trongen for auka løyving til DNT.

Begge var samde i at språklova er eit godt verktøy, men at før det blir innført eventuelle sanksjonar bør vera ein skikkeleg politisk runde i Stortinget om dei førebelse konsekvensane av den halvtanna år gamle lova.

– Det går tregt i den store norske staten, konstaterte Tvedt.

Han var likevel samd i at det er alvorleg når tilsynet frå Språkrådet avdekkjer at så mange offentlege etatar bryt lova – og at dette ikkje er akseptabelt på litt sikt. Tvedt var også, utan å lova noko i nokon retning – «rimeleg» optimistisk med tanke på utteljinga for kulturen i det kommande statsbudsjettet.

Alfred Bjørlo peika på at med ein statsråd frå nynorskbyen Bergen, hovudstaden i nynorskfylket Vestland, er det all grunn til optimisme både for nynorsk og for DNT. Og slik tolka også teatersjef Erik Ulfsby signala frå dei to stortingsrepresentantane.

– Ja, dette var gode signal som gir grunn til optimisme for oss, sa teatersjefen.