aktuelt

Marie Lovise Widnes til minne

Marie Lovise Widnes

Marie Lovise Widnes vart fødd 1. november 1930 i Syltedalen i Vanylven og døydde 19. november 2021 med familien rundt seg.

Vi har mange sterke og gode minne etter Marie Lovise Widnes. Eitt av dei er frå då Mållaget og Målungdomen inviterte til demonstrasjon for sidemålsordninga i høve  landsmøtet til Mållaget i Ålesund i 2004. Det var mobilisert om lag 500 elevar og vaksne frå heile Sunnmøre. Side Brok skulle spele, og stemninga var god. Men det var fyrst då Marie Lovise Widnes, som allereie då var ei litt eldre dame, gjekk på scena, at det vart kveik i ungdomane. Etter hennar appell var få i tvil om at stortingspolitikarane skulle få problem med å vedta å fjerne eksamen i sidemål på ungdomsskulen og gjere sidemålet om til trekkfag i vidaregåande skule.

Marie Lovise Widnes held appell i Ålesund i 2004.

Marie Lovise Widnes var på sitt fyrste landsmøte i Mållaget allereie i juli 1950. På nyårsaftan i 2019 hadde Vikebladet Vestposten på trykk eit ungdomsminne ho skreiv frå denne hendinga. Ho vart invitert til mållagslandsmøtet på ein bytur i Ålesund. Ho skriv så levande om kor stort det var for ei ung jente å høyre taler og innlegg i debatten. Ho fekk vere med på festmiddagen på Aksla same kvelden. Det var fyrste gong ho var på restaurant, og der sat ho mellom målfolk og fekk ete nydeleg suppe. Ho fortel vidare at ho fekk så dårleg samvit for mor si, som sikkert kom til å bli livande redd for ho. Så ho sprang ned alle trappene for å fortelje mora som sat oppe og venta på ho, om korleis det var. Så sprang ho med lette steg opp att alle trappene, og fekk med seg desserten, meir allsong og stas.

På festmiddagen i Oslo Rådhus i høve hundreårsjubileumslandsmøtet 56 år seinare vart Marie Lovise Widnes utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.

Ho vaks opp, som så mange andre, i små kår og med hardt arbeid og lite pengar. Ho byrja i ungdomslaget som 14-åring, og heilt frå tidleg ungdom var Marie Lovise ei målkvinne. Fordi ho vaks opp den tida ho gjorde, var det ikkje mange vegar til utdanning for ei ung jente frå eit mindre småbruk i distrikta. Då ho var 19 år, song ho for Einar Gerhardsen på eit møte i Ulsteinvik, og han såg kva slags talent som var i henne. Han ordna det slik at ho fekk eit opphald på ein folkehøgskule knytt til arbeidarrørsla. Det vart den einaste utdanninga ho fekk utover åra i folkeskulen.

Ho skreiv songen «Gangdøra» allereie då ho var 19 år. Den skulle seinare gjere henne nasjonalt kjend då ho gav han ut på singelplate i 1957. Det vart ein radioslager av dei sjeldne.   

Ho har hatt fleire roller i politikken. Ho var radikal og solid planta på venstresida i politikken. Ho stod trygt i dette samtidig som ho var kristen. Ho var vara til Stortinget for Arbeiderpartiet frå 1954–57. Etter EF-kampen på 70-talet valde ho seg SV. Ho var medlem i Hareid kommunestyre frå 1971 til 1975 og frå 1983 til 1989, og medlem av Møre og Romsdal fylkesting  frå 1975 til 1987. Etter brakvalet til SV i 1989 vart ho stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal SV.

Livet hennar var mangfaldig, med ein levande nynorskidentitet heile livet. I politikken tok ho i fleire tak for nynorsken, og ho var også aktiv i Mållaget. På slutten av 90-talet og starten på 2000-talet såg ho at Sunnmøre Mållag trong henne. Då vart ho fyrst medlem i styret frå 1998 og leiar frå 2000 fram til 2005. Ho stilte opp når ho vart beden om det, og sa ja då målungdomen aksjonerte i valkampen i Ålesund september 2001, og dei bad Marie Lovise Widnes om å halde appellen. Då Marie Lovise Widnes fylte 80 år, skipa Vanylven Mållag og Vanylven kommune ein fest av ein kulturkveld til ære for henne.

Ho hadde ein skarp penn og ei kritisk røyst som også var å høyre på landsmøta til Noregs Mållag. Gjennom eit aktivt liv som politikar, forfattar, diktar, songar og ikkje minst målkvinne vart ho ein institusjon i seg sjølv.

Gjennom songen har nynorsken sunge seg inn i hjartet til det norske folk, og ei av dei fremste forsongarane har vore nettopp Marie Lovise Widnes. Takk for det du har gjort for nynorsken, Marie Lovise!

Synnøve Marie Sætre,
fungerande leiar i Noregs Mållag