aktuelt

Markus Lantto og Camilla Kuhn er tildelt Nynorsk barnelitteraturpris

Vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris 2022, Markus Lantto (t.v) og prisutdelar Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Maria Fet)

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har motteke Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget.

Prisen har blitt delt ut av Norges Mållag sidan 1968. Prisen er eit diplom og prispengar på 50 000 kroner.

– Juryen meiner dette er ei herleg barnleg bok som er lett å lika både for barn og vaksne, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, som la til at det var stas at prisen for fyrste gong gjekk til ein norsk-svensk forfattar. Markus Lantto bur i Trondheim. Prisen vart delt ut under Festspela i Aasentunet i Ørsta.

Ingrid Rogne, Roald Kaldestad og Kristin Hatledal har vore juryen og skriv slik grunngjeving:  «Dette er ei bok som viser barn si ukompliserte oppfatning og tiltru til medmenneske. Hovudpersonane i boka er tre heilt ulike typar. Kåre er den fornuftige, og Marimba er den spontane og lettliva. Tjuven Torsten er frynsete, men viser at han også har mjuke sider og set pris på kontakten han får med dei to barna. 

Ein dag er Marimba ute for det velkjende problemet at ho kjedar seg. Ho og Kåre bestemmer at dei vil hjelpa den fyrste dei møter. Det blir Torsten, ein som seier han har mista nøkkelen til sykkellåsen sin. Han seier nei takk til hjelp, men Kåre og Marimba er påtrengande hjelpsame. Torsten må ta i mot hjelpa deira, og dette er starten på ein spennande dag der Kåre og Marimba hjelper ein tjuv med å gjera ulovlege ting. Sett frå deira perspektiv, er han ein artig og snill mann! 

Forfattaren og illustratøren har laga ei ellevill og fantasifull historie med detaljrike, originale bilde. Dette er ei bok ein kan lesa om igjen fleire gonger, og stadig finna nye ting å gle seg over. Ho har også ein befriande rampete humor, som skil seg positivt ut i ein nynorsk barnebokflora som ofte kan bli litt snill og tannlaus. Forfattaren viser barn sin tillit og tru på det gode i alle. Historia gjev rom for å snakka om etiske spørsmål knytte til kva som er rett og gale ut frå barn sitt perspektiv.  

Juryen meiner dette er ei herleg barnleg bok som er lett å lika både for barn og vaksne. Boka er sprelsk og original og er eit springbrett for viktige samtalar. Dette er den første barneboka til Markus Lantto, og me håpar at prisen vil gje inspirasjon til fleire gode historier.»

Last ned bilete Markus Lantto og Peder Lofnes Hauge.