aktuelt

Martin Kolberg jobbar for å få nynorsk inn i Grunnlova

Foto: Kristianne Marøy

I 2014 vedtok Stortinget Grunnlova på nynorsk. No skal Stortinget snart røysta over eit nytt grunnlovsforslag: Å få jamstillinga av nynorsk og bokmål inn i Grunnlova.

Martin Kolberg, tidlegare partisekretær og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, var ein av dei mest sentrale personane i prosessen med å få Grunnlova på nynorsk. Førre helg var han invitert til landsmøtet i Noregs Mållag, der han heldt eit flammande innlegg til inntekt for dette nye framlegget til grunnlovstekst:

– Den einaste grunnen til ikkje å vedta dette forslaget, er at ein meiner nynorsk ikkje høyrer heime i samfunnet, sa Martin Kolberg.

Demokrati 

I tala til landsmøtet argumenterte Kolberg sterkt for kvifor det er viktig at Grunnlova finst på nynorsk. Han peika på at dette djupast sett handlar om å leggja til rette for eit demokrati som er for alle.

– At samfunnet fullt ut anerkjenner det språket som folket ber på, er demokrati. Det er føresetnaden for eit demokrati, sa han og la til:

– For det nynorske språket er ei nynorsk Grunnlov politisk og sosialt likeverd. 

No er Kolberg altså like klar på at eit naturleg neste steg er å få nynorsken inn i Grunnlova.

Språkstrid og klassekamp

Kolberg viste fram eit tydeleg personleg engasjement for grunnlovssaka, og trekte linjene mellom språkstrid og klassekamp: 

– Kvart menneske sitt språk er avgjerande for integriteten til kvar enkelt av oss, sa han.

– Mykje av mitt engasjement for språk i Grunnlova er grunngjeve frå eit klasseperspektiv. Det som i dag vert kalla språkstrid var i lang tid også klassekamp, sa Kolberg.

Framlegg til ny paragraf i Grunnlova

I førre stortingsperiode leverte representantar frå nærast alle parti, eit framlegg til Stortinget om å grunnlovfesta det norske språket. 

Sveinung Rotevatn frå Venstre, saman med Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, Liv Kari Eskeland frå Høgre, Sigbjørn Gjelsvik frå Sp, Ingrid Fiskaa frå SV, Sofie Marhaug frå Raudt, Lan Marie Berg frå MDG og Kjell Ingolf Ropstad frå KrF, stod bak dette.

Desse representantane føreslo å skriva inn ein heilt ny paragraf i Grunnlova: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.» Framlegget deira fekk fleirtal og skal difor til ny handsaming i Stortinget denne perioden. For å få godkjent endringar i Grunnova, må ein ha to tredjedels fleirtal i salen.  

Ola Mestad, ein sentral juridisk ekspert på den norske Grunnlova, har vore med på å utforma framlegget. Han har ivra for dette i ei årrekkje. Til landsmøtet i Noregs Mållag, peika han mellom anna på at framlegget byggjer på føremålsparagrafen i den nye språklova.

Viktig sak for Mållaget 

– I 2014 fekk vi Grunnlova nynorsk, og no er tida komen for å få nynorsken inn i Grunnlova, sa Peder Lofnes Hauge i leiartalen sin til landsmøtet førre helg. 

– Noregs Mållag meiner det er på høg tid å grunnlovfeste norsk som nasjonalt hovudspråk, inkludert jamstillinga mellom nynorsk og bokmål.

Landsmøtet vedtok difor samrøystes støtte til den føreslåtte grunnlovsendringa, til stor applaus i salen. 

Dette vil verta ei viktig sak for Noregs Mållag i tida framover. Grunnlovfestinga handlar djupast sett om å slå fast at norsk skal vera det samfunnsberande språket i Noreg. At den viktigaste lova vår stadfestar dette, vil gje både språket og jamstillinga eit mykje sterkare juridisk og politisk vern.

Sjå heile innleiinga til Martin Kolberg her!