aktuelt

MDG med gode tiltak for nynorsk

– Miljøpartiet Dei Grøne er eit ungt parti med god nynorskpolitikk, meiner leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

På landsmøtet sitt tidlegare i vår vedtok Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) fleire tiltak for å styrkje jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

– Sjølv om MDG ikkje har ein fullt så offensiv nynorskpolitikk som ein del av dei andre partia på raudgrøn side, er partiet godt på veg, seier leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge.

MDG vil mellom anna styrkje etter- og vidareutdanninga for lærarar og sikre digitale læremiddel på nynorsk.

– MDG støttar fleire av dei mest sentrale sakene til målrørsla, og det er vi svært glade for, seier Lofnes Hauge. 

Med eit nynorskpositivt MDG har støttar alle dei raudgrøne partia det politiske arbeidet for nynorsk. Det er svært positivt, meiner mållagsleiaren.

– MDG kan blir store på Stortinget frå hausten, og med dette programmet viser dei at dei blir ein alliert for ei raudgrøn regjering i saker som gjeld nynorsk.

Her er det som står om nynorsk i partiprogrammet til MDG:

Likestilling mellom nynorsk og bokmål må realiseres.

Styrke bruken av nynorsk i offentlig kommunikasjon for å gjøre den reelt likestilt med bokmål.

Skjerpe kravene for tilgjengelige læremidler, både digitale læremidler og kontorstøtteprogram, slik at også brukere av nynorsk får et fullverdig tilbud.

Jobbe for at lærere har tilgang på etter- og videreutdanning som styrker deres kompetanse i nynorsk.

Sikre videre utvikling av nynorskspråklige læremidler og læringsressurser for voksne innvandrere.

At elever som er fritatt fra sidemålsundervisning, skal møte litterære tekster og sakprosa på sidemålet.