aktuelt

Me treng karakter i sidemål!

Me treng karakter i sidemål! Frå venstre: Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant for Ap og Live Havro Bjørnstad, nestleiar i Noregs Mållag. (Foto: Kristianne Marøy)

Å ha eigen karakter i sidemål viser at bokmål og nynorsk er like viktige språk i Noreg.

Landsmøtet i Noregs Mållag er kjent med at regjeringa vurderer å redusera talet på karakterar i norskfaget, og vi krev at sidemålskarakteren står fast. Det er ei konkret og tydeleg stadfesting av språkleg likestilling. Å fjerna karakteren vil senda eit signal om at sidemålet tel mindre, og slik svekkja både likestillinga og respekten for mindretalsspråket nynorsk.

Vi har hatt sidemålsordninga i 120 år, og ho har vore heilt avgjerande for at nynorsken har blitt eit samfunnsberande språk. Sidemålsordninga med eigen karakter er jamstillingsvedtaket frå 1885 i praksis. Ho sikrar at alle elevar får læra både bokmål og nynorsk, og i ein karakterstyrt skule må denne kompetansen vera synleg på vitnemålet. Eigen karakter i sidemål er utslagsgjevande for at arbeidet med sidemål blir prioritert av lærarar og elevar.

Noregs Mållag vil åtvara regjeringa mot å forhasta seg. Kunnskapsdepartementet har ikkje henta inn kunnskap om kva effekt det har hatt at dei fjerna sidemålskarakterane i 8. og 9. klasse og på vg1 og vg2. Denne kunnskapen vil vi oppmoda statsråden om å skaffa. Har reduksjonen av karakterar hatt innverknad på kor mykje arbeidet med sidemål blir prioritert i skulen? Kva har det hatt å seia for kunnskapen og kompetansen elevane tileignar seg? Og for arbeidet lærarane gjer med sidemål? Det er all grunn til å tru at denne endringa har bidrege til å svekkja sidemålet i skulen.

Språklova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk. Å fjerna eigen karakter i sidemål vil svekkja sidemålet sin plass i skulen, og såleis nynorsken sin plass i samfunnet. Å fjerna eigen karakter i sidemål strir med sjølve føremålet med lova.

Difor forventar landsmøtet i Noregs Mållag at norske elevar framleis blir eksplisitt prøvde i sidemål og at denne kompetansen står på vitnemålet. Hald på sidemålskarakteren!