Uncategorized

Media

Media er den viktigaste språkbrukaren i samfunnet vårt. I dag er aviser, særleg lokale, og NRK og TV2 dei sikraste leverandørane av nynorsk av medieaktørane. Nye medievanar, særleg blant dei unge, gjer at mange møter mindre nynorsk enn før. Noregs Mållag ønskjer ordningar som er tilpassa dagens mediesamfunn, og sikrar nynorsken gode vilkår uavhengig av kommunikasjonsplattform. Nynorsk som mediespråk kan ikkje vera avhengig av god vilje frå enkeltpersonar. 

Noregs Mållag meiner:

  • Arbeidsgjevaravgift, pressestøtte og momsfritak må brukast som verktøy for å styrkja nynorsk i media ålment, og særleg dei nynorske avisene, tidsskrifta og publikasjonane.
  • NRK må møta kravet om 25 % nynorsk på alle plattformer, og TV2 bør få sterkare føringar for å bruke nynorsk enn dei har i dag.
  • Nynorske medieverksemder må ha gode rammevilkår. Døme på slike verksemder er NTB Nynorsk pressekontor og journalistopplæringane NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. 
  • Tospråkleg teksting må bli standardløysinga for norske filmar. Det er viktig at det norske språket og språkmangfaldet blir tatt vare på i populærkulturen for barn, i både tale og tekst.