aktuelt

– Medlemsveksten i Mållaget skal vekslast inn i politiske sigrar

Nestleiar Synnøve Marie Sætre og leiar Peder Lofnes Hauge, i landsmøtesalen.

Det seier Peder Lofnes Hauge, som har avslutta eit offensivt landsmøte der han vart attvald som leiar. Han og eit rekordstort Noregs Mållag er klare til å stille tydelegare krav på vegner av nynorsken. 

– Den nye språklova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Det må bety nye asymmetriske rettar som berre gjeld for nynorsken, og som kan jamne ut det skeive tilhøve mellom språka. I eit samfunn som alt for lenge har favorisert bokmålet, må språkpolitikken favorisere nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

I det nye arbeidsprogrammet vedtok landsmøtet ei rekkje slike offensive tiltak, som han meiner vil gje meir nynorsk til fleire.

• Det må vere to tredels fleirtal i kommunestyre for å endre skulemålet frå nynorsk til bokmål
• Nynorskelevar i vgs. skal få ekstra konkurransepoeng.
• Dei største byane skal ha fast tilbod om nynorskklasse, utan minstekrav til tal elevar.
• Språkdelte lærebøker i norskfaget skal ha like mykje eller meir nynorsk enn bokmål.
• Pressestøtta skal favorisere nynorsk.
• Nye lover skal vedtakast på nynorsk til vi når målet om at 25 % finst på nynorsk.

– Jamstillinga mellom bokmål og nynorsk er i dag berre formell, ikkje reell. Berre gjennom målretta tiltak som fremjar og favoriserer nynorsken, kan vi vege opp for alle dei mindretalsulempene nynorskbrukarane møter i kvardagane sine.

Det nye styret ser slik ut:

Frå venstre: Anders Riise, Inger Johanne Sæterbakk, Kjetil Aasen, Peder Lofnes Hauge, Synnøve Marie Sætre, May Britt Jensen og Tobias Christensen Eikeland, påtroppande leiar i Norsk Målungdom. (Foto: Kristianne Marøy)

Nytt styre: Peder Lofnes Hauge, leiar, (Bergen), Synnøve Marie Sætre, nestleiar, (Ørsta), Anders Riise (Hareid), Kjetil Aasen (Oslo), May Britt Jensen (Utsira), Inger Johanne Sæterbakk (Oslo) og Tobias Christensen Eikeland påtroppande leiar for Norsk Målungdom (Oslo). Varalista ser slik ut: Espen Tørset (Orkland), Tove Karina Eidhammer (Oslo) og Bjørn Seljebotn (Bø i Telemark).

Les det nye arbeidsprogrammet for 2022-2026