aktuelt

Meld inn innspel til arbeidsprogramnemnda!

Kva meiner du Noregs Mållag bør arbeide med dei neste fire åra?

Siste helga i august skal arbeidsprogramnemnda ha siste møte før dei leverer framlegget sitt til nytt arbeidsprogram, som skal vedtakast på landsmøtet neste år. Nemnda vil gjerne ha så mange innspel som råd.

– Lokallaga sit på mykje kunnskap som kan vere nyttig i arbeidet med nytt arbeidsprogram. Difor vil eg sterkt oppmode om å sende inn framlegg til nemnda, seier nemndsleiar Synnøve Marie Sætre.

Ho meiner det er viktig å bruke arbeidsprogrammet til å sjå målarbeidet på nye måtar.

– Sjølv om mange av kampsakene til målrørsla ligg fast, kjem det også nokre nye til. Arbeidsprogrammet er dokumentet som styrer det daglege arbeidet vårt, og det er difor heilt avgjerande at det byggjer på oppdatert kunnskap om stoda der ute.

Send innspel til framlegg@nm.no, eller bruk dette skjemaet.

Landsmøtet i Noregs Mållag vedtek nytt arbeidsprogram kvart fjerde år. Nemnda for nytt arbeidsprogram 2022 består av Synnøve Marie Sætre, lærar og nestleiar i Noregs Mållag, Kjetil Aasen, jurist og styremedlem i Noregs Mållag, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, pensjonert lærar og leiar i Ørsta Mållag, Solgunn Liestøl, lærar og leiar i Karmsund Mållag, Runar Bjørkvik Mæland, filosof og kommunikasjonsrådgjevar, og Ådne Reidar Nes Kleppe, student og representant frå Norsk Målungdom.