aktuelt

Kandidatar til Nynorsk næringslivspris

Kvart år deler Noregs Mållag ut Nynorsk næringslivspris.

Gjennom åra er det eit vidt spenn av kandidatar frå Grindal ysteri i 2019, Sogndal fotball i 2018, Fjord1 i 2017 til Dyrsku’n i 2016.

Styret oppnemner ein eigen jury og juryen tek gjerne mot kandidatar til Nynorsk næringslivspris. Juryen ynskjer framlegg frå heile landet. Både store og små verksemder. Utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av Mållova kan motta prisen.

For å kome med i vurderinga må du melde inn dine kandidatar innan 10. oktober 2020. Send grunngjevne framlegg til gro.morken@nm.no