Møt sommaren i ny T-skjorte!

Publisert:
15. juni 2020 Sjå aktueltsaker
No kan du møte sommaren i lekker t-skjorte frå Noregs Mållag.
Denne t-skjorta kan du gjere god lukke med både i kvardagen og på fest. På brystet framme står teksten «Skriv nynorsk» med ein liten signatur der det står «Noregs Mållag».
Ho er laga i to fargar, og du kan velje mellom burgunder og svart. Du får dei i S / M / L / XL / XXL. Skjorta kostar 180 kroner.