aktuelt

Møte med kunnskapsministeren

Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon og regjeringen.no

24. mars kalla kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun inn til eit ope møte «om å styrke norskfaget».

Til møtet var Noregs Mållag invitert i lag med Norsk Målungdom, men også ei rekkje andre organisasjonar, mellom andre Elevorganisasjonen, Lektorlaget, Riksmålsforbundet, Nynorsksenteret og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

I invitasjonen la kunnskapsministeren mellom anna vekt på at «andelen elever med fritak fra vurdering i sidemål har økt. Bidrar dette til uthuling av vår felles kulturarv og referanser? Kan vi styrke den felles opplæringen i både hovedmål og sidemål samtidig som vi reduserer antall karakterer på vitnemålet?»

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, førebudde dette innlegget til møtet:

Gode statsråd, møtelyd,

Språklova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk. Å fjerne eigen karakter vil svekkje sidemålet sin plass i skulen, og såleis nynorsken sin plass i samfunnet. Det vil vere i strid med sjølve føremålet i lova.

Eigen karakter i sidemål er heilt avgjerande for at arbeidet med sidemål blir prioritert av lærarar og elevar. Sidemålsordninga med eigen karakter er jamstillingsvedtaket frå 1885 i praksis. Ho sikrar at alle elevar får lære både bokmål og nynorsk og i ein karakterstyrt skule må denne kompetansen vere synleg på vitnemålet.

Men altså: Vi vil åtvare mot å forhaste oss. Vi har faktisk ikkje kunnskap om effektane av å fjerne sidemålskarakteren i 8., 9. klasse og 1. og 2. vgs. Eg vil oppmode statsråden om å skaffe denne kunnskapen. Korleis har dette slått ut for prioriteringa av arbeidet med sidemål, for kunnskapen og kompetansen elevane tileignar seg, og for arbeidet til lærarane med sidemål.

Vi har hatt sidemålsordninga i 120 år. Det vil vere svært uklokt å gjere endringar før vi veit meir. Ja, det vil vere uansvarleg. Regjeringa bør:

1: Skaffe kunnskap om karakterreduksjon: Har det faktisk ført til seinare start og svakare resultat slik vi får høyre og har grunn til å tru?

2: Gjennomføre eit nasjonalt positivt sidemålsforsøk. Vi veit kva som skal til: Betre kompetanse hos lærarane, tidlegare start med systematisk opplæring, møte nynorsk i andre fag enn norsk, sørgje for full tilgang på digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk.

Mange lærarar sjølve spelar inn at dei ikkje kjenner seg trygge i å undervise i og på nynorsk (som sidemål). Vil vi styrkje norskfaget må vi faktisk styrkje lærane og vi vil gjerne melde oss på det laget. 

Ja, vi har eit for vidt fritaksregime, men løysinga kan ikkje vere at ingen skal få vurdering? Også dei med fritak frå vurdering skal ha opplæring. Det blir ikkje alltid praktisert i dag. Det er ei undergraving av offisiell norsk språkpolitikk som berre statsråden kan gjere noko med.

Fjernar du sidemålskarakteren for alle, vil færre, ikkje fleire, få lese og skrive seg inn i det norske.