aktuelt

Motivasjonssamlingar for tillitsvalde

Denne våren inviterer vi til to digitale motivasjonssamlingar for tillitsvalde i lokallag og fylkesmållag.

Det vert gode innlegg frå målfolk sentralt i Noregs Mållag og frå ulike lokale mållag. Det vert også sett av godt med tid til ideutvekslingar og ordskifte om korleis drive lokallag og drive lokalt målarbeid.

Til hausten vert det invitert til motivasjonssamling i Oslo. Ei samling der alle tillitsvalde i lokale mållag er målgruppe og ei samling som har unge vaksne i Mållaget som målgruppe.

Tysdag 19. april klokka 18-20.30:
Digital motivasjonssamling om julehefte- og årbokproduksjon

Målgruppe: Espen Tørset, redaktør for Jul i Trøndelag, skal snakke, og i tillegg vert fleire inviterte til å fortelje om eigne erfaringar knytte til innsamling og skriving av stoff, formgjeving og ikkje minst det viktige salsarbeidet.

Emne for møtet: Fleire redaktørar og andre vert inviterte til å fortelje om eigne erfaringar knytte til innsamling og skriving av stoff, formgjeving og ikkje minst det viktige salsarbeidet.

Onsdag 26. april, klokka 18-20.30:
Digital motivasjonssamling for tillitsvalde i lokallag og fylkeslag  
Målgruppe:
 Seminar som rettar seg inn mot tillitsvalde, både heilt nye og meir røynde tillitsvalde vil ha glede av denne samlinga. Nye leiarar er spesielt inviterte!

Emne for samlinga: Styrearbeid, økonomiarbeid, medlemsordninga og årshjulet for Mållaget. Om den nasjonale dagen i høve Frivilligåret: Nynorskdagen 12. mai og sjølvsagt: Kva skal lokallag og fylkeslag halde på med

Påmelding: Det er ikkje påmelding. Det er gratis. 

Stad: Vi møtest på Zoom:
https://zoom.us/j/4723002930?pwd=UEpTdlg2VXp1dkx1RjJjR0tLWmVLQT09
Du treng ikkje passord.