aktuelt

Næringslivsprisen til Arne Brimi

Nynorsk næringslivspris 2020 er tildelt kokk, gründer og forretningsmann Arne Brimi.

– Vi er svært glade for å kunne gje Nynorsk næringslivspris til Arne Brimi. Han har gjennom mange år vorte eit ikon på bruk av dialekt, anten det er på fjernsynet eller i andre medium. Og han nyttar nynorsk i marknadsføringa si med stor suksess, seier Anders Riise, juryleiar for Nynorsk næringslivspris.

Nynorsk næringslivspris vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremje innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. 

– Arne Brimi er nok mest kjend som kokk, men det er ikkje godt å skjule at også den særeigne dialekta og skriftsspråket er ein viktig del av merkevara Arne Brimi.

Arne Brimi driv fleire og er engasjert i endå fleire verksemder som er tufta på mykje lokal tradisjon og berekraft. Det er då godt å sjå at Arne Brimi er oppteken av reine råvarer og tradisjonelt handverk, og at nynorsken vert ein naturleg del av denne filosofien.

– Juryen håpar at nyetablerarar og andre gründerar merkar seg dette og held fast på nynorsken, og nyttar han til sin fordel i næring og marknadsføring, seier Anders Riise.

Juryen i Noregs Mållag håpar også at prisen er til inspirasjon for Arne Brimi og folka rundt, og gjev kraft til også å nytte nynorsk i det vidare arbeidet. Det trur vi vil løne seg.

Prisen vart delt ut i Vågå denne veka.

Juryen for Nynorsk næringslivspris er Anders Riise, leiar, Marianne Granheim Trøyflat, Olin Johanne Henden, Kristofer Olai Ravn Stavseng og Øystein Skjæveland.