aktuelt

Nasjonalmuseet må femne heile Noreg

(Foto: Tonje Thorstad Kildal/Noregs Mållag)

– Nasjonalmuseet er blitt veldig flott, men det kunne vore endå finare: Dei kunne brukt nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Utstillingane blir presenterte med mange informasjonstekstar, slik at alle kan lære noko nytt.
– Det er påfallande at det knapt finst eit nynorsk ord i eit så viktig nasjonalt fellesbygg. Tenk så flott om Nasjonalmuseet også viste fram vår største immaterielle kulturarv, seier Peder Lofnes Hauge. 

Strategien til Nasjonalmuseet frå 2020 til 2025 slår fast at «Vi skal nå ut til hele Norge».  
– Det er ei veldig viktig målsetjing, og då må også vi som er ein del av «heile Noreg», få møte vårt eige språk i vårt eige nasjonalmuseum, slår Peder Lofnes Hauge fast. 

Nasjonalmuseet er den største samlinga i sitt slag i Noreg, med mengder av kunst, design og arkitektur frå antikken til i dag, frå Noreg og resten av verda. Vi får oppleve kunstverk som fortel kvar si historie, men også speglar oss sjølve.
Dette vert presentert på eigne nettsider, Facebook og Instagram. Der vert det heldigvis skrive nynorsk av og til, så det er heilt openbert nynorskkompetanse på huset, og den bør Nasjonalmuseet nytte seg av. 

Språklova slår fast at statlege organ har «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket».
– Vi oppmodar difor Nasjonalmuseet om å la vere å gøyme vekk nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge.